¿ Svein Ellingsen (1929–2020)
Foto: NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Palmesundag døydde salmediktaren, hymnologen og biletkunstnaren Svein Ellingsen, 90 år gamal. Han har skrive og attdikta nær seksti av salmane i Norsk salmebok 2013 og er sjølv attdikta til mange europeiske språk. Frå kring 1970 fornya han norsk salmekunst på eit vis som gjev han ein synleg plass i den ålmenne litteraturhistoria.
Etter artium i heimbyen Kongsberg i 1948 vurderte Ellingsen å studera teologi, men utdanna seg til biletkunstnar. I 1950-åra markerte han seg med kunstkritikk i Vårt Land og kronikkar i Morgenbladet. Den ressurssterke ungdomen song i mannskor, der han synte talent som solist. Dessutan skreiv og attdikta han salmar – utan særpreget han seinare fekk som vaksen diktar. Frå 1952 til 1955 studerte han ved Statens kunstakademi under professorane Jean Heiberg og Aage Storstein. Ellingsen sleit med depresjonar, og lækjarane rådde han frå ein kunstnarleg laupebane. I fyrste helvta av 1960-åra arbeidde han som redaksjonssekretær i avis og forlag.
I 1965 – ti år før han vart statsstipendiat –?fekk han eit stipend til «hymnologisk arbeid» frå Landsfondet til Den norske kyrkja, og året etter stadfesta han salmekunna si som redaktør for ei framifrå bokutgjeving på Det Norske Samlaget, Med hyllings ljod. Salmar frå andre land og kyrkjer i nynorsk omsetjing. I føreordet gjer han greie for korleis nynorsk salme(att)dikting hadde fornya salmespråket i Noreg – uvitande om at han sjølv skulle koma med ei fornying dei neste tiåra.
Nynorsk salmedikting var eit stoff han arbeidde med seinare òg. I 2007 heldt han foredraget «’Du er Gud over år og tider’. Nynorsk salmedikting i det tjuande hundreåret – med særleg vekt på Alfred Hauge og Bjarne Norheim». I Norsk salmebok (1985) medverkar Ellingsen som (att)diktar av fire nynorsksalmar: «Gud skapte jorda med blomar og strå» (294), «Lat nye tankar tolke Kristi ord» (522), «Vi syng med takk og glede» (611) og «For alle born som ikkje har ei seng» (732).
I 1966, same år som utgjevinga av Med hyllings ljod, byrja tobarnsfaren på eit årsstudium ved Statens lærarskule i forming, for å få undervisingskompetanse og eit yrkesliv som faglærar. Han vart tilsett ved Moland ungdomsskule ved industribygda Eydehavn, dit han og kona flytta med dei to døtrene i 1968. Ved Eydehavn tok han opp att biletkunstnarleg arbeid på fritida. Der var han formingslæraren min frå 1972 til 1975.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.