Intervju

Stykkevis og heiltOdd Nordstoga er framleis ein arbeidskar. Han skiftar berre ikkje akkord så ofte lenger.

Odd Nordstoga er framleis ein arbeidskar. Han skiftar berre ikkje akkord så ofte lenger.

KRAMKAR: Kontakten med fansen må haldast ved like. Nordstoga har knapt tørka sveitten etter konserten før han er på plass for å signere plater i bua.
KRAMKAR: Kontakten med fansen må haldast ved like. Nordstoga har knapt tørka sveitten etter konserten før han er på plass for å signere plater i bua.
Publisert

Popstjernelivet er ikkje alltid så glamorøst. Den etterlyste kaffien dukkar ikkje opp, så Odd Nordstoga tek grep og set over ei kanne. Det er 8. mars, og vi sit backstage på Sentrum Scene i Oslo. Nede på scena driv svartkledde karar på og riggar utstyr til konserten i kveld. Nok eit år, nok ei ny plate, nok ein turne. I går var det Larvik, i morgon Lillestrøm. Nordstoga er ein artist av gamlesorten, på meir enn éin måte.

– Det er med musikken som i matbransjen: Når nesten alt blir straumlineforma og styrt av kjedene, skaper det ein marknad for nisjeprodukt. Mainstream-popen skal passe inn på alle kjøpesenter i heile verda på same tid, det gjer ikkje eg.

Det er meir enn 17 år sidan eg intervjua han her i avisa sist. Hausten 2000 var han ein ung, talentfull, litt famlande artist som nett hadde gjeve ut ei rockeplate han kalla Nordstoga, eit verk knapt nokon hugsar i dag. No er han ein familiefar på 45 år, og – litt avhengig av korleis ein definerer det – truleg Noregs største artist dei siste femten åra. Men ei utsegn som fall i intervjuet i 2000, står seg framleis: «Det er heilskapen eg ser etter i musikken», sa Nordstoga den yngre.

Den nye plata ber tittelen Kløyvd. Den første halvdelen er den mest konvensjonelle rocken han har laga på mange år, og minner om lyden av Bruce Springsteen tidleg på 1990-talet. Den andre halvdelen er meir typisk Odd Nordstoga, dempa og akustisk.

– Det er nok eigentleg i det akustiske formatet eg er best. Men eg kan jo ikkje berre gjere det, da blir eg sedat. Eg er jo litt kunstnar òg. Eg må prøve å utfordre meg sjølv og publikummet mitt litt: «Blir de med på dette, publikum?»

Kløyvd er ei lang plate, ei slik som før vart kalla eit dobbeltalbum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement