Sport
Trim for eldre
Det var alltid ein bakarst der som ikkje heilt hadde takta.
Skjermdump frå NRK
Laurdag morgon, tidleg på 1990-talet og tidleg om morgonen, trippa pensjonistane lett på tå på NRK til den muntre plystresongen, songen som plystra vidare i hovudet resten av helga. Det er vanskeleg å seie kor mange som faktisk også trippa heime i stovene, men programmet var iallfall ein suksess.
Fysisk aktivitet og spesielt styrketrening har god effekt på eldre. Omgrepet eldre er relativt, men det er normalt at tapet av muskelmasse aukar på etter at ein passerer 50 år. Grunnen er ikkje at ein blir latare av å bli 50 år, men at muskelfibrane får meir feitt i og rundt seg. For å halde oppe muskelmassen og muskelstyrken må ein trene meir enn før. Vi veit også at styrketrening, og ein elles aktiv kvardag, minskar sjansane for skadar og fall, sidan svekt muskelmasse også svekker balansen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.