Sport
Symjeopplæring
Om dette er ein profesjonell symjetime eller eit foreldrepåfunn, er ikkje godt å seie. Biletet er frå 1930-åra, og metoden har eg ikkje sett i dag.
Symjetrening har lenge vore ein del av skulepensumet. Kanskje ikkje så rart, for i motsetning til algebra kan ein jo faktisk døy av ikkje å lære å symje. I normalplanen frå 1939 kan vi lese om undervisningsmetodar som tørrsymjing på land, men også om vasstilvenjing, livberging og brystsymjing i ekte vatn. Mønsterplanen som kom i 1974, hadde meir fokus på å bli trygg i vatnet, og ei stor endring nå var at jenter og gutar kunne ha symjing saman. Sjølv om læreplanane har hatt eit godt formål, har nok undervisninga vore skiftande– alt frå å tvinge elevar ut på djupna til å drage barn etter tau.
Nå handlar undervisninga enda meir om å bli trygg i vatnet, i tillegg til å kunne berge seg sjølv og medelevar. Undersøkingar viser at langt frå alle kan symje, spesielt dei som ikkje lærer det heime. Det blir skulane sitt ansvar å trø til med kompetente lærarar og nok mengdeundervisning. Med få oppvarma basseng må elevane ut i sjøen eller elva. Å lære å symje i kaldt vatn kan vere utfordrande for barn som likar seg best under den varme datavifta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.