Målfeiringar
Romario feirar mål i 2005. På T-skjorta står det: «Eg har ei lita dotter med Downs syndrom som er ei lita prinsesse.»
Foto: Alexandre Meneghini / AP / NTB
Sport før og no
Sport før og no
Erik «Myggen» Mykland sa ein gong at den underfundige målfeiringa hans, der han liksom trippa som ein mygg med hendene som små venger, fyrst skjedde spontant. Rørslene var altså ikkje noko han hadde øvd inn heime på badet.
Ei feiring som oppstår spontant, er stort sett sjarmerande, ei innøvd feiring frå YouTube er ikkje alltid det. Her speler sjølvsagt faktorar som alder og nivå inn. Ein sjuåring kan gjere kva han vil, men når ein 13-åring hysjar på dei ti publikummarane etter eit halvdårleg mål, veit ein plutseleg ikkje om ein skal le eller grine. På den andre sida: å kaste skjorta etter ei skåring som old boy, eller old girl, kan brått vere sjarmerande. Her er små nyansar.
Viss ein verkeleg vil ta tempen på feiringane no til dags, er det berre å ta seg ein tur på barnecup, helst i fotball. Her renn måla nemleg måla inn. Ronaldo er han som blir mest etterlikna: eit hopp i lufta, landing med breie føter samstundes som armane slår ut til sidene – litt som ein superhelt. Ei litt meir spesiell feiring er at lagkameratane kjem til og «pussar» gullfoten som forårsaka målet. Og så har du Mbappé si: Ungen tek eit hopp opp og landar elegant med armane i kryss.
Det var umogleg å ikkje elske saltoen til Mini. Her mot Luxembourg i 1997.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir spennande er dei hemmelege teikna spelarane gjev i jubelrus, som ein må inn på forum for å finne svar på, og dei politiske feiringane, som ein såg meir av på 1990-talet. Romario viste til dømes ofte bodskapar på T-skjorta under drakta, med tekstar som «No war – peace in the world».
Etter 2004 har det forresten ikkje vore lov å kaste skjorta. Det er definert som usportsleg oppførsel og overdriven feiring. Keisamt, spør du meg.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.