JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

For bra utstyr

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjølv om utstyret er betre no enn før, var utstyrsmentaliteten betre før en no.

Foto:, Daniela Jakob

1582
20231201

Sport før og no

1582
20231201

Sport før og no

Når ein åtteåring har gløymt gymbagen, skal han då måtte sjå på dei andre, gjere matte eller skal han få lov til å delta i kroppsøvinga?

Åtteåringar sveittar lite, så lukt etter økta er ikkje eit tema. Gymsko er heller ikkje livsnødvendig i Tarzan-sisten.

Kvifor meiner så nokre at han ikkje kan delta? Det er symbolsk. Han skal oppdragast til hugse gymtøy, til den gongen han startar å sveitte. 

 Men blir han ikkje då også oppdregen til at det ikkje er mogleg å røre på seg utan utstyr? Skal den jamne nordmannen ut på tur, er det stor sjanse for at han tek på seg utebuksa. Sjølv på asfaltturar vandrar vaksne folk rundt med dyre, tekniske utebukser.

Det same gjeld syklistane på veg til jobb. Dei pressar seg inn i tronge sykkelbukser med padding. Dei har sykkelsko og gul jakke. Det kan verke som både gåande og syklande er redde for at dei plutseleg skal hamne i grøfta.

Godt utstyr er praktisk, problema oppstår når ein blir avhengig – når ein ikkje kan utøve aktiviteten fordi ein ikkje har dei rette skoa. Dette gjeld for vaksne og barn.

Ei anna fallgruve ved topping av utstyr er at du kan hamne i ein slags ubalanse mellom techvariantar og ferdigheitsnivå. Ingenting er verre enn å stille på fyrste langrennsøkt med det beste av det beste, les kondomdress, pulsklokke og slikt, og så kan du ikkje skøyte eingong.

Eller endå verre er det om du tek på deg ustyret feil. Eg tenker på ho som hadde dei nye leggskinna utanpå sokkane på fyrste A-lagstrening. Det gjekk som det måtte gå. 

Maren Bø

Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis