Sport
Flipper
For å få Flipper i gull må du ha symt til saman 7500 meter i løpet av eitt år.
Fyrst litt om Flipper-merket, som du kunne vere så heldig å gjere deg tent til i symjetimen før i tida. Merket er enno til sals, men sist eg såg det utdelt, var på 1990-talet. Ulempa med graderinga var at alle ikkje klarte krava og måtte nøye seg med Sjøløve eller endå verre, den meir klumsete Selungen.
Delfinsparket som revolusjonerte konkurransesymjinga på starten av 1970-talet, var ikkje ein del av krava i Flipper-merket. For å forstå sparket kan du likevel sjå føre deg Flipper. Måten delfinen bølgjer seg fram, slik går det føre seg. Som menneske startar ein med å presse brystet ned, så hofta og føtene. Rørslene skjer etter start og vending, og gjev eit enormt driv.
Jesse Vassallo, krålaren som konkurrerte for USA, var ein av dei som sette det heile i gang. Etter start gjorde han eit par ekstra delfinspark, eigentleg for å unngå bølger frå motstandarane og for å stabilisere kroppen. Det gav han fordelar, ikkje så mykje i starten, men i 1988 tok det av.
Symjarar kunne bølgje seg fram under vatn i over 20 meter og knuse dei tradisjonelle symjarane. Dei var så lenge under at folk var redde det kunne føre til at symjarane svima av.
I 1991 sette Det internasjonale symjeforbundet foten ned, og no kan ein i krål berre delfinsparke fram til 15 meter frå kanten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.