«Flat og glad mage i hele ferien»
Boka om mosjonsgymanstikk og morgongymnastikk av Sverre Grøner krev innsats på mange plan.
Det må vere tiår sidan folk med litt dømmekraft slutta å bry seg om Dagbladets alarmerande overskrifter om korleis få sommarkroppen på sju dagar eller treningsekspertens 14 øvingar som gjev stram rumpe, eller...? Om lag 1 347 848 les Dagbladet kvar dag, det betyr faktisk at ein heil del får syn på denne typen treningsinspirasjon.
Treningsmagasina køyrer same taktikk. På biblioteket fann eg eitt av kvar sort: KK, Iform, Aktiv trening og Shape up. Framsider med overskrifter som «Flat og glad mage i hele ferien» gjorde at eg måtte langt inn i kroken for å bla opp. Glad mage handla om korleis ein unngår diaré, og for å få flat mage gjaldt det å gjere mageøvingar.
Internett og appar som TikTok kjem også med haugevis av treningstips. Utanom rumpeøvingar dukkar det også opp reklame for kosttilskot som Sarmar. Dette er piller som skal gi store musklar og samtidig vere ein sunnare variant av anabole steroid. Sarmar er ulovleg, og biverknadane er auka sjanse for hjarteinfarkt og slag. Dette seier påverkarane lite om.
Sjølv om dagens treningsinspirasjon er langt frå kvalitetssikra, er han lett tilgjengeleg. Meir dedikert var den som søkte råd om trening i 1931. Fyrst måtte han få tak i til dømes boka Mosjonsgymnastikk og morgengymnastikk på biblioteket. Så måtte han finne rett kapittel med rett muskelgruppe, og til slutt prøve å tyde svart-kvitt-teikningane med armar og bein i alle vinklar. Viss han enno hadde treningsånda, måtte han sikkert ut på åkeren eller gjere noko anna meir matnyttig.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det må vere tiår sidan folk med litt dømmekraft slutta å bry seg om Dagbladets alarmerande overskrifter om korleis få sommarkroppen på sju dagar eller treningsekspertens 14 øvingar som gjev stram rumpe, eller...? Om lag 1 347 848 les Dagbladet kvar dag, det betyr faktisk at ein heil del får syn på denne typen treningsinspirasjon.
Treningsmagasina køyrer same taktikk. På biblioteket fann eg eitt av kvar sort: KK, Iform, Aktiv trening og Shape up. Framsider med overskrifter som «Flat og glad mage i hele ferien» gjorde at eg måtte langt inn i kroken for å bla opp. Glad mage handla om korleis ein unngår diaré, og for å få flat mage gjaldt det å gjere mageøvingar.
Internett og appar som TikTok kjem også med haugevis av treningstips. Utanom rumpeøvingar dukkar det også opp reklame for kosttilskot som Sarmar. Dette er piller som skal gi store musklar og samtidig vere ein sunnare variant av anabole steroid. Sarmar er ulovleg, og biverknadane er auka sjanse for hjarteinfarkt og slag. Dette seier påverkarane lite om.
Sjølv om dagens treningsinspirasjon er langt frå kvalitetssikra, er han lett tilgjengeleg. Meir dedikert var den som søkte råd om trening i 1931. Fyrst måtte han få tak i til dømes boka Mosjonsgymnastikk og morgengymnastikk på biblioteket. Så måtte han finne rett kapittel med rett muskelgruppe, og til slutt prøve å tyde svart-kvitt-teikningane med armar og bein i alle vinklar. Viss han enno hadde treningsånda, måtte han sikkert ut på åkeren eller gjere noko anna meir matnyttig.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.