Sport
Annleis aktive
Denne karen treng ikkje ei spinningøkt på kveldstid.
Foto: NTB
Var menneska meir aktive før enn no? Når vi veit at all aktivitet tel, er svaret faktisk ikkje så lett å påvise. Ein må i så fall ha på seg aktivitetsmålar frå ein står opp til ein legg seg, og så nøyaktige målingar er fyrst komne i gang dei siste tiåra.
Det ein veit sikkert, er at måten ein er aktiv på, har endra seg. Før plukka ein poteter og rørte seg på jobb og i kvardagen. No tek vi heisen og sit i ro på kontoret, men trenar heller på treningssenteret ein time når arbeidsdagen er slutt.
Kva slags aktivitetsmønster er best, det gamle eller det nye? Svaret er ikkje nødvendigvis at det er betre med ei treningsøkt viss du lever som ein saccosekk elles i kvardagen. Tek du trappa og er aktiv gjennom dagen, er helsegevinsten kanskje vel så stor som om du i staden skulle gjort ei spinningøkt. Problemet er at trening krev initiativ, det same gjer ikkje aktiviteten som før i tida var tvinga inn i kvardagen.
Det som er interessant, er at dei som trenar, kan tru dei er meir aktive enn dei kvardagsaktive. Dei kan nemleg krysse av på eit skjema frå Statistisk sentralbyrå at dei trenar tre gonger i veka. Og det at ein sjølv trur ein er sporty, har faktisk òg noko å seie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.