Sport

8000–9000 skritt om dagen

Erna sjekkar stoda. 8000–9000 steg kling ikkje like bra som 10.000 steg.
Erna sjekkar stoda. 8000–9000 steg kling ikkje like bra som 10.000 steg.
Publisert

Når kvelden nærmar seg, er det fleire som må tenke litt på dei 10.000 skritta. Me ser ned på armbandet og mobilen som nøye tel. Kanskje nøgd, kanskje med dårleg samvit. Manglar klokka eit par hundre, hiv ein seg rundt stovebordet eit par rundar. Manglar det tusenvis, så er kanskje målet heilt feil.

At ein skal gå 10.000 skritt i løpet av ein dag, er ikkje eit vitskapeleg funn. Talet stammar frå ei tilfeldig marknadsføring av ein ny japansk skritteljar som vart produsert på 1960-talet. Det japanske namnet på teljaren kunne omsetjast til 10.000-skrittmeter, og sidan vart det berre slik.

10.000 skritt svarar til rundt 7 km og er truleg litt høgt. Ifølgje nyare forsking skal 8000–9000 skritt kvar dag vere nok for å oppnå helsegevinst. Ein kan ikkje unnlate å nemne at fleire skritt ikkje gjer det verre, men så slepp kanskje somme dårleg samvit.

Dei siste tjue åra har anbefalingane frå Helsedirektoratet for vaksne og eldre lege på minimum 30 minutt fysisk aktivitet med moderat intensitet dagleg. Sist haust vart råda endra til minimum 150 minutt fysisk aktivitet med moderat intensitet per veke – eit mål ein frå forsking veit gjev helseeffekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement