Kultur
Söta bror
Leiinga ved Stockholms lufthamn Arlanda har nedlagt forbod mot å sende surströmming som flyfrakt.
Foto: Maja Suslin / NTB
Som austlending har eg alltid kjent ein dragnad mot Sverige. I yngre år høyrde eg på Svensktoppen og lét meg lett imponere av at nabolandet flotta seg med opptil fleire radio- og TV-kanalar, i motsetnad til Noreg, som til liks med det sosialistiske fyrtårnet Albania berre hadde éin av kvar.
Svensk revy- og visekunst er vel over gullalderen sin no, og det er lenge sidan Sverige var ein krigersk nasjon. Den siste standhaftige svenske krigaren i dag er vel herr Anders Tegnell, som ser det som si oppgåve å krige mot fornufta, heilt åleine.
I dag kan vi nordmenn likevel nyte godt av den historiske krigslysta til svenskane, til dømes på eit av soldattorpa, som framleis finst i titusental. Leigesoldatar blei for dyrt for svenskane. Gustav Vasa murra kraftig over dette, og dimed skapte dei på slutten av 1600-talet «det ständiga knekthållet» – gardane til bøndene blei inndelte i roder som alle måtte gi éin soldat til kongen. Soldatane blei installerte i torp, som skulle ha våningshus på 4 x 8 meter, fjøs, åker, hest, ku, gris og høner.
Slik fekk svenskekongane med minimale kostnader ein velvaksen hær som på kort tid kunne mobiliserast. Det var krav om orden i sysakene, så soldaten måtte vere gift, noko som ofte blei ordna i ein fei før innflytting. For mange unge bondesøner blei dette eit høve til karriere og ein mogleg veg ut av fattigdommen.
Men det var hårda bud: Fall soldaten i krig, måtte kona ut av torpet innan tre månader, men dette blei mange gonger ordna slik at den nye soldaten gifta seg med enka (!). Han «konserverade änkan», som dei kalla det. Vilhelm Mobergs gjennombrotsroman frå 1927, Raskens, handlar om ein slik fattig soldatfamilie. Svenskane elska TV-serien (fem millionar sjåarar!), og det gjorde vi òg da han blei vist her. Moberg bygde historia på sin eigen far, som var soldat i Kalmar.
I dag har mange nordmenn kjøpt eller leigt slike torp, og eg hadde i mange år gleda av å besøke eit, i Värmland. Berre det å dra på sightseeing på den svenske landsbygda er eit eventyr: Kvar einaste gard har jo sitt eige utgamle rustne vrak av ein Volvo ståande på tomta, ofte to av forskjellig årgang. Ved sida av vraka står gjerne den nye Volvoen parkert. Ein skulle nesten tru det var eit statleg krav til svenskane å vise at dei lojalt støtta opp om industrieventyret sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.