Reportasje

¿ Soga om Stine og Jacob

STAVANGER: «Den første identifiserte kvinna som skreiv på norsk dialekt», heiter det om organisten Stine Lund (1715–1761) frå Stavanger, rekna som diktaren av ei vise Ivar Aasen sette høgt.

Jacob Rasch (1667–1737), Stine Lund (1715–1761) og Ivar Aasen (1813–1896) kring Stavanger domkyrkje.
Jacob Rasch (1667–1737), Stine Lund (1715–1761) og Ivar Aasen (1813–1896) kring Stavanger domkyrkje.
Publisert

Lytt til artikkelen:

«Reis dæg, Brita, gakk åd strånnå», skrive i «Stavangers Omegn», er eitt av dei eldste, gode dikta på norsk, men vart det skrive på stavangersk eller på jærsk? I 1698 eller i 1761? Av Stine Lund eller av ein annan? Forskarane er usamde.

Stine Lund frå Stavanger må ha vore ei uvanleg kvinne i Noreg på 1700-talet. Ikkje berre skal ho ha dikta godt på dialekt. Ho var organist i Stavanger domkyrkje, og den fyrste kvinna som fekk ei gate i Stavanger kalla opp etter seg, Stine Lunds gate, som forsvann på 1960-talet.

Men kvar er det eldgamle viseprentet på åtte sider som Aasen såg i Rogaland i 1844 – det var gamalt alt då – og som sist vart sett av språkforskaren Didrik Arup Seip i 1956? Borte vekk. Ingen har visst sett det sidan 1990. På Nasjonalbiblioteket i Oslo saumfer dei magasina på jakt etter klenodiet. Visa høyrer til mellom dei aller mest verdfulle tekstane me har på norsk frå dansketida. Rett nok er teksten frilynt, «verdsleg» og mangfaldig, men av di han er så sjeldan, kunne ein i andre kulturkrinsar ha rekna han mellom dei heilage og kanoniserte.

Handlinga i visa

Visa er skriven på melodien til ein hallingdans – Siunges som den bekiendte Hallinge Dants, står det på tittelbladet –?og «handler om en Forlovelse og indeholder kun en Samtale imellem Frieren, Pigen og hendes Fader», skreiv Ivar Aasen i 1853.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement