Skarvens røyst

RØST: For tredje og truleg siste gong vart Querini-operaen sett opp på Røst 4. august. Soga om dei skipbrotne venetianarane vil leve vidare.

Den skipbrotne Querini (Magne Fremmerlid) og skarven i operaoppsetjinga på Røst 4. august.
Den skipbrotne Querini (Magne Fremmerlid) og skarven i operaoppsetjinga på Røst 4. august.
Publisert

Det finst nokre stader i verda som synest å ha ei magisk og mytisk tiltrekkingskraft. Røst, heilt ytst i Lofoten, er ein slik stad. Øygruppa er kjend frå gamle segner som forteljinga om skarvane på Utrøst: Viss ein fiskar i havsnaud opplevde at tre skarvar sette seg på ripa på båten, visste han det var berginga som kom. Dei tre skarvane var forheksa menn som var sende ut frå eit rike under havet. Framleis ser husa på Røstlandet ut som ei hildring når ein kjem sjøvegen, som om dei stig rett opp av havet, så flat er øya dei står på. Sjølv om plassen ligg langt ute i havet, har det budd folk her i fleire tusen år. På øya Trenyken utanfor Røstlandet finst det holemaleri. Det blir hevda at ein blir raus og ujålete av å bu på Røst, med det barske klimaet og den ekstreme plasseringa. Ein må ta kvar dag som han kjem – setje garna sine og håpe det beste.

Om det var forheksa skarvar, Vårherre sjølv eller rett og slett vinden og straumane som fekk dei italienske sjømennene til øyane vinteren 1432, skal vere usagt. I alle fall har folket på Røst gjort maksimalt ut av denne forunderlege soga og sidan 2012 arrangert både opera og festival her ute.

«Paradisets første krins»

«Det va han Pietro Querini, han seilte sitt skip imot nord. En kogge på syv hundre tønne, med dyrebar last om bord.» Forteljinga har vore kjend på folkemunne på Røst heilt sidan hendinga, men finst òg på prent i historia som den gudfryktige adels- og handelsmannen frå Venezia sjølv skreiv ned. På ettersommaren i 1431 sigla skipet hans ut frå Kreta med eit mannskap på 68, lasta med krydder, vin og sypresstre. Målet var Flandern. Heilt frå starten var ferda forfølgd av uvêr og ulykker. Skipet fekk hard medfart i ein storm, roret vart øydelagt, og mannskapet måtte gå i dei to livbåtane. Ein av båtane forsvann i bårene. Dei overlevande hadde ikkje vatn, men mengder av vin. Då vinen også tok slutt, drakk nokre sjøvatn, andre sin eigen urin. Mann etter mann døydde av svolt, tørst eller kulde. I byrjinga av januar 1432 skimta dei nokre øyar og fekk kara seg i land på ei strand. Dei var komne til Røst, eller Rustene, som Querini kalla øyane. Då var berre 16 mann i live. I tre veker greidde 11 av dei å overleve på snø og skjel dei fann i fjøra.

Omsider vart dei funne av folk som kom ut på øya for å sjå til sauene sine. Folket på Røst tok vel vare på venetianarane. Dei vart verande der i over tre månader, åt «uhorvelige mengder» fisk og smør og drakk mjølk, fortel Querini. Den lange returen til heimlandet gjekk via Trondheim, der dei gjekk til messe i Nidarosdomen. Trua var med Querini heile vegen. Med seg i lasta på heimvegen hadde han òg noko meir verdsleg: tørrfisk.

Magne Fremmerlid, pensjonert frå Den Norske Opera og Ballett og no frilans, syng rolla som Querini. Han trur at den italienske adelsmannen vart endra av Røst-opphaldet, at det rett og slett kan ha gjort han til eit betre menneske. Querini gjennomlevde ein tragedie med store personlege og økonomiske tap. På Røst erfarte han å bli tatt hand om av folk i eit for han totalt annleis samfunn, med eit levevis lite prega av «ære og rikdom og verdslig gods», som det heiter i operaen. På scena ser vi eit møte mellom to ulike kulturar som skjer i respekt og nestekjærleik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement