Sjakk

VM-kampen

Magnus Carlsen kjempar mot Garri Kasparov om fyrsteplassen i historiebøkene. På vegen valsa han over Fabiano Caruana den siste dagen i London.

Utklassinga frå Carlsen i omspelet saknar sidestykke i moderne sjakkhistorie. Han er no fyrste mann på 100 år som har vunne fire VM-kampar på rad.
Utklassinga frå Carlsen i omspelet saknar sidestykke i moderne sjakkhistorie. Han er no fyrste mann på 100 år som har vunne fire VM-kampar på rad.
Publisert Sist oppdatert

Dei norske journalistane i London skriv ikkje miljøskildringar. Eg skjøna kvifor då eg sjølv var på plass frå det niande partiet. Den sentrale bydelen Holborn er visst eit fint strok for folk med mykje pengar og slikt. Men det er så mykje mas med mennes­ke og bilar overalt, heile døgeret. Og utan førevarsel dukkar speleplassen opp; ein stor, rund, litt malplassert bygning, ei halvkule gløymd att i asfaltjungelen. På innsida finst ein labyrint med små rom og smale passasjar, ein variantjungel snikra saman i all hast nokre veker før VM. Teknikarane frå NRK åtvara meg på fullt alvor: Plassen er ei gigantisk brannfelle. Om vi hadde gått opp i røyk, ville det vore ein trist sorti for klassisk VM-sjakk med kongerekkja gjennom 132 år.

Men interessa er stor frå sjakk­lyden. Eg møter tre unge norske menn på veg mot ei smal trapp. «Kvar skal de?», spør eg. «Vi fekk ikkje billettar i dag, så vi måtte kjøpa oss inn på VIP-losjen for 5000 kroner per hovud.» Når eg møter dei fem timar seinare, har dei drukke seg til rikdom. Andre nordmenn utan billett vert sitjande på hotellromma i London. Eit norsk datageni – sonen til vår store informatikar Ole Johan Dahl – finn ein måte å koma rundt forbodet mot NRK-sendinga i utlandet på, så han kan få sjå spelarane «live» på dataskjermen på hotellet.

VM i remis

Dei norske journalistane i London skildrar heller ikkje utfordraren. Fabiano Caruana (26) er sympatisk og korrekt som ein maskin, men heilt utan karisma. Røynde journalistar, som Ole Kristian Strøm med 35 år bak seg i VG og på plass i alle sjakk-VM, veit ikkje kva dei skal skriva. Under VM-kampen i New York i 2016 fekk russaren Sergej Karjakin sympati der han stotra seg rakrygga gjennom pressekonferansane. «Eg heiar på Karjakin», skreiv fleire nordmenn i kommentarfelta på internett. Men slik er det ikkje i år. Ingen heiar på ein maskin. Alt dreier seg om frelsaren i internasjonal sjakk, verdsmeisteren Magnus Carlsen.

«No skal me høyra frå VM i remis», sa Dagsrevyens Ingerid Stenvold. Som ein russisk kommentator sa det: «Dei tolv partia var ei merkeleg framsyning. Caruana ville vinna, men kunne ikkje. Carlsen kunne vinna, men ville ikkje.» Etter det 10. partiet var hyllesta av Carlsen unison i sjakkverda – etter det 12. partiet var kritikken like sterk. Men på kviledagen før omspelet kom nyansane fram.

Tiande parti

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement