Sjakk

Remiskongen som byrja vinna

Magnus Carlsen fann til slutt forma i St. Louis med ei meisterleg avslutning.

I runde 10 mot Wesley So kom endeleg sigeren, på eit tidspunkt då Carlsen hadde slutta å tru at han kunne vinna eit sjakkparti.
I runde 10 mot Wesley So kom endeleg sigeren, på eit tidspunkt då Carlsen hadde slutta å tru at han kunne vinna eit sjakkparti.
Publisert

Då alle syntest alt var berre trist, undervegs i runde 10, blanda Garri Kasparov (56), verdsmeisteren frå 1985 til 2000, seg inn i diskusjonen: «Ja, det er mange remisar, men sjakkfagleg er turneringa interessant, på aller høgste nivå. Det finst ein nerve og kampvilje i nesten kvart einaste parti.»

Tidlegare i veka hadde Anatolij Karpov (68), verdsmeisteren frå 1975 til 1985, slengt med leppa: «Carlsen er i dag den klart beste i verda, men eg trur nok at eg og Kasparov skjøna sjakk betre. På sitt beste kunne Kasparov ha slått han 6–4 i ein duell over ti parti. Eg på mitt beste mot Carlsen på sitt beste ville nok ha vunne med endå større margin.»

Det er litt trist at ein eldre mann, ein av dei største i sjakkhistoria, kan seia noko så dumt. Kasparov, som har vore trenar for Carlsen, svarte den gamle rivalen sin: «Karpov har nok ei ganske overflatisk forståing av nivået til Carlsen. Carlsen har i dag mykje meir kunnskap om sjakk enn vi hadde. Og når det gjeld sjakkforståing, har eg jo diskutert mykje sjakk med Magnus. Han skjønar ikkje sjakk dårlegare enn vi».

Sjansespelet

Ein veit ikkje på førehand kor mange sjansar ein får. Difor har ein ikkje noka tid å mista. Ikkje eit trekk å mista. Styrken til Carlsen har vore at han alltid jaktar på ein sjanse til å skapa litt ubalanse. Han kan spela to ekstra timar i ei remisstilling der det berre er éin prosent sjanse for siger.

I Sinquefield Cup valde han ein ny taktikk, der han ikkje skulle ta for store sjansar. Han fekk ein roleg start, som han ville ha det, men då han skrudde opp tempoet, var det noko som mangla. Motstandarane ville ikkje lenger gje han nokon sjansar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement