JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Når ein verdsmeister har det moro

Den historiske sjakkfesten på Høvikodden var hardt arbeid frå fyrste trekk, men fekk fram sjakkgleda hjå Magnus Carlsen, som lærte det norske folket nye triks heilt frå utgangsstillinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Tid som står stille». Performance, Henie Onstad Kunstsenter 2018.

Foto: Lennart Ootes, frchess.com

8462
20180216

Den uoffisielle verdsmeisterskapen i Fischer Random Chess («fischersjakk»)
på Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden 9.–13. februar 2018

Regjerande meister: Hikaru Nakamura, USA

Utfordrar: Magnus Carlsen, Noreg

4 dagar «langsjakk» (2 poeng for siger) 1 dag «lynsnøggsjakk» (1 poeng for siger)

Runde 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16

Nakamura 1 1 1 0 2 0 0 2 0 1/2 1/2 1/2 0 0 1 1/2 = 10 poeng

Carlsen 1 1 1 2 0 2 2 0 1 1/2 1/2 1/2 1 1 0 1/2 = 14 poeng

«Om de vil sjå kunst, må de gå ein annan plass», sa Magnus Carlsen etter det 12. og siste ordinære partiet av den klassiske VM-kampen mot Sergej Karjakin på nedre Manhattan i 2016 – eit parti som enda i ein snøgg opningsteoretisk remis. Carlsen tenkte kan henda på Museum of Modern Art eller Tate kunstgalleri på øvre Manhattan; han kunne ikkje vita at han fjorten månader seinare sjølv skulle ta del i ein sjakk-performance på Henie Onstad Kunstsenter.

Sjakk som kunst

Den seriøse sjakken vart teken inn i Tretjakov-galleriet i Moskva under VM-kampen i 2012 mellom Vishy Anand og Boris Gelfand. Men den gongen var spelelokalet underordna kampen om VM-tittelen. Om dei ikkje hadde spela i eit museum, ville ein ha funne eit anna bygg i Moskva.

Denne gongen var det annleis. Utan utstillinga «Tid som står stille» ville det ikkje ha vorte nokon uoffisiell VM-kamp mellom den «regjerande meisteren» Hikaru Nakamura (30) og Magnus Carlsen (27) i sjakkvarianten Fischer Random, eller «fischersjakk», som vi no seier på sjakkspråka norsk og russisk («??????? ??????»).

Som tilskodar under Norway Chess-turneringa i Stavanger i fjor diskuterte kunstnar Dag Alveng omgrepet kunst med Henrik Carlsen, far til verdsmeisteren. Dei to vart ikkje samde, men under utstillinga på HOK Høvikodden møtte Alveng på ny Carlsen senior. «Eg gjer son din til eit kunstverk», sa han og peikte på ein levande Magnus Carlsen som sat ved eit stort bilete av grava til Bobby Fischer på Island.

Utstillinga til Alveng skapar sjakkhistorie og kan verta eit vendepunkt òg internasjonalt. Eg tek opp att for nye lesarar at ideen til meisterskapen kjem frå ein stubb i Dag og Tid i 2015. Men nok om kunsten – over til sporten.

Den nye «verdsmeisterskapen»

Reglane til geniet Bobby Fischer, den amerikanske verdsmeisteren frå 1972 som miste tittelen då han nekta å forsvara han i 1975, vart festa til papiret og offentleggjorde i Buenos Aires den 19. juni 1996. Dette var avskilsgåva frå Fischer til sjakkverda og spelet som han vigde livet til og elska over alt, men som han frykta ville verta totalt dominert av vitskapen og opningsteorien.

I nesten ti år – frå byrjinga av 2000-talet – vart den uoffisielle verdsmeisterskapen i denne nye sjakkvarianten arrangert i Mainz i Tyskland med stormeistrar i hundretal på plass. I 2009 vann amerikanaren Hikaru Nakamura finalen mot armenaren Levon Aronjan med siffera 3,5–0,5, men så hamna den sjakkspelande borgarmeisteren i byen i store problem, ein politisk skandale som var utan sjakkfagleg interesse. Men eg tolkar historia slik at den neste borgarmeisteren ikkje var ein like ihuga utøvar av fischersjakk.

Som i boksing og sjakken for 100 år sidan hadde Nakamura eit «belte», men ikkje nokon utfordrar før no i 2018. Det var langt frå sjølvsagt at Magnus Carlsen skulle våga seg ut på dette eventyret. Verdsmeisteren vår har vunne alt som er i klassisk sjakk, men eit tap mot Nakamura ville ha vore eit særs tungt prestisjenederlag som ville ha generert fråsegn av typen: «Carlsen er best av di han har pugga opningsteori, men om ein tek bort vitskapen …» Når ein er den beste spelaren i verda, vil ein jo òg syna for alle at ein har den beste sjakkhjernen i rein form. Prestisjen til sjakkspelet er knytt til den intellektuelle prestasjonen ein gjer på sjakkbrettet utan hjelp, ikkje alt arbeidet sekundantane gjer med datamaskinen. Men det er nett av di Carlsen har vunne alt i klassisk sjakk at han må finna nye ut-
fordringar for å utvikla spelet vidare.

Spelet

Carlsen er kjend for den mest harmoniske spelestilen i sjakkhistoria, men ville han kunne skapa harmoni frå disharmoni i startstillinga? Som dei fleste sjakkekspertane rekna eg den røynde Fischer-spelaren Nakamura som favoritt. Men vi bomma. Dei fem dagane på Høvikodden synte snøgt at Carlsen er den klårt beste spelaren når ein sit ved eit bord med eit sjakkbrett. Stillinga ein har på brettet, spelar mindre rolle. Carlsen fortalde meg på festen etter turneringa at han sjølv aldri var i tvil om at han var den beste. «Det at eg til vanleg ikkje spelar like kaotisk og sokalla ‘kreativ’ sjakk som Nakamura, vil ikkje seia det same som at eg ikkje kan spela slik».

I fischersjakk vert spelarane tvinga til å spela nye, kaotiske opningar. Den klassiske utgangsstillinga, som alle kjenner, er no berre ei av dei 960 moglege startstillingane. Dei ulike startposisjonane oppstår ved at offiserane vert plasserte på fyrste- og åttanderada gjennom loddtrekning rett før partiet. Den kvite og svarte startstillinga må vera symmetrisk. Dessutan er det eit krav om at spelarane skal ha éin laupar på kvite felt og éin på dei svarte felta og at kongen skal vera plassert på eit felt mellom tårna, etter mønster frå klassisk sjakk.

Dei mest originale startstillingane i VM-kampen kan ein samanlikna med ein hund med fem føter og halen på hovudet. Kva gjer ein med slikt?

DIAGRAM 1 Carlsen–Nakamura,
parti 9 etter fyrste trekk for kvit.

«Det mest krevjande er å byrja spelet med dronninga i hjørnet», sa Carlsen og la til: «Slike stillingar er òg dei mest spanande å spela.» For å få dronninga med i spelet ignorerte Carlsen sentrum og sende randbonden fram frå fyrste stund. Etter 24 trekk var den strategiske triumfen total, då Carlsen hadde fått dronninga i spel medan dronninga til Nakamura var nesten innesperra, og Carlsen kunne krona verket med ein liten kombinasjon.

Publikum jubla over spelet, ein entusiasme som smitta over på spelarane. Carlsen er ofte kritisk til sitt eige spel, men denne gongen sa han til NRK: «Eg likar spelet, og publikum er nøgd – dei skjønar kva som skjer. Men det er mykje vanskelegare å spela fischersjakk enn det er å sjå på.»

Midtvegs i kampen var Carlsen så suveren på brettet at han risikerte å øydeleggja spaninga før siste dag med 8 parti «lynsnøggsjakk». For NRK-sendinga var dramaturgien difor perfekt då Carlsen i det siste partiet på dag 4 tapte på tid med ein laupar ekstra etter 119 trekk.

DIAGRAM 2 Carlsen–Nakamura, parti 8,
sluttstillinga etter 119 trekk.

Carlsen kunne ha stansa klokka og kravt remis, men han miste hovudet. Eg har aldri sett noko slikt før, så eg har inga forklåring. «Å mista hovudet» er vel ein metafor – kva som eigenleg skjedde, må psykologane finna ut av. Sjakk-klokka synte i alle høve «null komma null» – eller for å seia det med utstillinga til Alveng: «Tid som står stille».

To stilartar

Sjakkfagleg var denne VM-kampen langt meir interessant enn nokon kunne tru på førehand. Aldri har to verdsstjerner ut-
fordra kvarandre til ein så seriøs duell over 16 parti i fischersjakk. Opningane vart sjølvsagt kreative og originale, men fleire av stillingane i midtspelet og sluttspelet minte om klassisk sjakk, der dei same strategiske prinsippa som ein har utvikla gjennom 1500 år, framleis står ved lag. Det er godt nytt for sjakkpedagogane og det tradisjonsbundne sjakkmiljøet.

Ingen ynskjer å setja strek over klassisk sjakk. For ferske spelarar er den klassiske utgangsstillinga den beste og mest harmoniske, men 500 år med opningsteori og no kunstig intelligens tvingar sjakken til å tenkja nytt.

Eg trur at ein i framtida kan konkurrera i to disiplinar som i langrenn (klassisk og fristil), jamvel om vanlege amatørar sjølvsagt kan halda seg til klassisk sjakk – eller klassisk langrenn – som er krevjande nok for dei fleste. Men det er lov å be dei beste spelarane om å vera kreative frå fyrste trekk.

Toppspelarar som Nakamura, Mamedjarov (nummer to i verda etter rating) og Aronjan trur at fischersjakk vil få ein slik plass i toppsjakken. Fleire stormeistrar har etterlyst Carlsen – kva meiner den klassiske verdsmeisteren om fischersjakk? No har vi svaret: «Eg likar dette. Og eg er best her òg.»

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg tek opp att for nye lesarar at ideen til meister-
skapen kjem frå ein stubb i Dag og Tid i 2015

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis