Mot matematikken
Magnus Carlsen ville utfordra seg sjølv og sjakkverda, men hadde misrekna seg.
FIDE World Cup, Tbilisi
2.–28. september
128 spelarar i éi cup-turnering.
FIDE World Cup, Tbilisi
2.–28. september
128 spelarar i éi cup-turnering.
Då Magnus Carlsen (26) sa at han ville spela World Cup i Tbilisi, ein av sjakkhovudstadane i Kaukasia, kom det heilt overraskande på arrangøren og sjakkverda. Georgiarane hadde invitert alle dei beste, men «gløymt» verdsmeisteren. Ei cup-turnering med 128 spelarar er nemleg ikkje noko for ein verdsmeister som har alt å tapa og matematikken mot seg. Det siste kjem eg attende til.
Kva tenkte Carlsen på? For nokre år sidan kom han med eit utspel som vart massivt kritisert. Carlsen ville setja strek over VM-historia som går attende til 1886 – med 16 klassiske verdsmeistrar – og byta ut VM-kampane mann-mot-mann med ein årleg VM-cup. Jamvel manager Espen Agdestein rista på hovudet over mangelen på vørdnad for tradisjonen.
Det norske folket elskar jo å følgja Carlsen–Anand og Carlsen–Karjakin time etter time, kveld etter kveld, veke etter veke. Hovudpersonen sjølv tykkjer det er meir fart og spaning med ein ny motstandar kvar fjerde dag. I dag kan vi slå fast at cup berre er morosamt så lenge ein ikkje er slegen ut.
Botnlina
Men det var nett dette Carlsen ville freista i Tbilisi – å gå heile den lange vegen gjennom sju kampar. Og ein World Cup er det einaste Carlsen aldri har vunne, så ein siger her ville ha gjort karrieren komplett. Men kor realistisk var det? På gymnaset hadde vi eit kurs i sannsynsrekning, og botnlina eg tok med meg, er at det er mykje som er mindre sannsynleg enn ein intuitivt trur.
Om ein ser på rating og objektive faktorar, vil eg forsiktig tru at sjansane for Carlsen-siger i dei sju kampane var slik: 0.99, 0.85, 0.80, 0.75, 0.70, 0.65, 0.65. Motstandarane vert betre runde for runde, men kva skal ein gjera med desse tala? Ein skal ganga dei med kvarandre. Om premissa mine er rette, er svaret at Carlsen hadde 15 prosent sjanse for siger i World Cup. Men som far Henrik Carlsen har sagt: «Magnus var betre i matematikk før han byrja på skulen enn etter at han slutta.»
Mot nummer 6874
Fyrste runde mot representanten frå Afrika, sisterangerte Oluwafemi Balogun (30), burde vera om ikkje walkover, så ein walk in the park. Nigerianaren er rangert som nummer 6874 i verda, eit godt stykke bak slike som meg. Likevel vil eg ikkje gje Carlsen meir enn 99 prosent sjanse for avansement. Han kunne ha vorte matforgifta, jamvel om verdsmeisteren støytte heile Kaukasia ved å ha med eigen kokk til turneringa. Det russiske uttrykket «å ha med samovar til Tula» fekk ein ny variant, kommenterte dei russiskspråklege spelarane: «å ha med kokk til Tbilisi». Slik den russiske byen Tula er kjend for å produsera tekokarar, er Tbilisi kjend for mat og vin.
Kor som er, spela nigerianaren over evne. Carlsen sleit i time etter time før han endeleg vann fyrste parti. Historia gjentok seg dagen etter, men til slutt vart det trass alt 2–0 og avansement til runde 2.
Mot sovjet-skulen
Eg veit nok om den sovjet-russiske sjakkskulen til at eg ottast den neste motstandaren til Carlsen, veteranen Aleksej Drejev (48). Eg gav Drejev minst 15 prosent sjanse til å lukkast. Russaren har kjempa mot verdseliten i 30 år, og veit det meste om sjakk. «På ei liste over dei hundre beste spelarane i sjakkhistoria vil namnet mitt stå med gullskrift», skal Drejev ha sagt. (OK, eg la til dette med «gullskrift»). Men det overraskande er at Drejev i eit intervju frå 2012 ikkje var like imponert over Carlsen som han var over seg sjølv: «Carlsen berre ventar på feilen til motstandaren; han spelar ikkje ut motstandaren slik ekte sjakkspelarar gjer.»
For ein ironi, når ein ser dei to partia mellom Carlsen og Drejev i Georgia. Verdsmeisteren var rett og slett briljant. Kan henda har Carlsen fått med seg intervjuet frå 2012. Drejev vart utspelt alt frå opninga. Det byrja med at Carlsen med svart nytta ein idé som er ukjend jamvel for den sovjet-russiske sjakkskulen. Trekket vart fyrst spela av Jon Ludvig Hammer mot amatøren Inge Skrondal i ei snøggsjakkturnering i Sandefjord tidlegare år. Det er slikt ein ikkje får med seg i det postsovjetiske landskapet. Men Carlsen hugsa bagatellen frå Sandefjord og fekk det han ynskte: ei ubalansert stilling der beste mann vann fortent.
Like imponerande var spelet neste dag, då Carlsen kunne ha gått for ein trygg remisstrategi med kvit, men i staden valde å setja skapet på plass. Han køyrde fram randbonden frå a2 til a6 alt i trekk 4–7. Dette var objektivt sett dumdristig, men etter eit par timar var russaren svimeslegen og nærast sjakk matt:
Carlsen–Drejev, parti 2, runde 2.
Carlsen spela her kongen inn i hjørnet til h1. Svart har ikkje noko godt forsvar mot tårnsjakken på g1. Russaren hadde sett nok og gav opp.
Naken konge
Med fire av fire poeng var Carlsen kongen av Tbilisi for ein dag. Han var faktisk den einaste av dei 15 beste spelarane på verdsrankinga som hadde auka ratinga si under World Cup. Dei andre toppspelarane sleit mot dei nest beste. Anand og Karjakin rauk ut alt i runde 2. Ein smilande Carlsen kunne ikkje skjøna kva dei gamle VM-rivalane hans dreiv med. Det er jo så enkelt …
Men då han møtte kinesaren Xiangzhi Bu (31) i tredje runde, byrja spelarane på 0–0. Dette er skilnaden på ei vanleg turnering og ein cup. Eg ville ikkje gje Carlsen meir enn 80 prosent sjanse for siger mot Bu. Bu er ikkje den beste kinesaren, men han har eit godt hovud, som alle kinesiske stormeistrar. Dei kompenserer for manglande (sovjet-russisk) sjakk-kultur med gode genar. Den kinesiske (og indiske) befolkninga er ein unik genbank som gjer seg stadig meir gjeldande i sjakkverda. I Kina er Bu rangert som nummer fem – i verda er han rangert som nummer 29.
Bu har dessutan noko carlsensk over seg. Han har nemleg sjølv bakgrunn som barnestjerne då han i 1999 vart den yngste stormeisteren i verda, berre 13 år gamal. Seinare tok 12 år gamle Karjakin over den rekorden, men Bu er ikkje ukjend med å vera best.
Mot Carlsen spela han eit praktparti då han som svart gjekk direkte til åtak og ofra fyrst ein bonde og så ein laupar.
Carlsen–Bu, parti 1, runde 3.
Svart slo bonden på h3 med lauparen, eit psykologisk og sjakkfagleg genialt trekk. Carlsen kunne seinare forsera remis, men verdsmeisteren spela optimistisk vidare og vart fullstendig knust då kinesaren herja med den nakne kongen hans.
Bu fekk ikkje sova etter denne sigeren, men han heldt stand og berga remis med kvit dagen etter. Carlsen kunne ta fylgje med Kramnik, Caruana, Nakamura og fleire toppspelarar til den vesle flyplassen i Tbilisi, der dei sette seg på flyet heim etter berre tre rundar.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Magnus var betre i matematikk før han byrja på skulen enn etter at han slutta.»
Henrik Carlsen
Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»