I den sjuande timen
Carlsen er i delt leiing i Karlsruhe etter fyrst å spela som ein gud – og så som eit menneske.
Grenke Chess Classic.
Karlsruhe og Baden-Baden.
20.–29. april 2019.
10 spelarar (alle mot alle).
1. runde: Keymer – Carlsen 0–1
2. runde: Vallejo Pons – Carlsen 0–1
3. runde: Carlsen – Anand O–O
4. runde: Caruana – Carlsen O–O
5. runde: Carlsen – Najditsj O–O
Stillinga etter fem av ni rundar:
1 Anand, India 3.5
Carlsen, Noreg 3.5
3 Caruana, USA 3
Aronjan, Armenia 3
Vachier-Lagrave, Frankrike 3
Svidler, Russland 3
7 Najditsj, Aserbajdsjan 2.5
8 Vallejo Pons, Spania 1.5
9 Meier, Tyskland 1
Keymer, Tyskland 1
Grenke Chess Classic.
Karlsruhe og Baden-Baden.
20.–29. april 2019.
10 spelarar (alle mot alle).
1. runde: Keymer – Carlsen 0–1
2. runde: Vallejo Pons – Carlsen 0–1
3. runde: Carlsen – Anand O–O
4. runde: Caruana – Carlsen O–O
5. runde: Carlsen – Najditsj O–O
Stillinga etter fem av ni rundar:
1 Anand, India 3.5
Carlsen, Noreg 3.5
3 Caruana, USA 3
Aronjan, Armenia 3
Vachier-Lagrave, Frankrike 3
Svidler, Russland 3
7 Najditsj, Aserbajdsjan 2.5
8 Vallejo Pons, Spania 1.5
9 Meier, Tyskland 1
Keymer, Tyskland 1
«Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.» (Johannes’ openberring 8). Ein av mange gjennom historia som har freista skjøna kva dette tyder, var Ingmar Bergman i filmen Det sjunde inseglet (1957). Bergman nytta sjakkmetaforar for å koma nærare den største kampen av alle: kampen mellom liv og daude. Hovudpersonen, spela av Max von Sydow, er ein riddar i mellomalderen som kjempar for livet mot sjølve Dauden. Kvit mot svart. Det gode mot det vonde. Sjakken eller dauden.
Magnus Carlsen er ikkje heilt der oppe, jamvel om eksverdsmeister Vladimir Kramnik for nokre år sidan sa at han sjølv var den beste spelaren på jorda. «Men kva med Carlsen, då?» spurde journalistane. «Eg er best blant menneska», sa russaren.
Ein kan seia det meir jordnært, som den rumensk-fødde sjakkhistorikaren Olimpiu Urcan: «Det er mange stormeistrar i sjakken, men berre éin atlet.» Vi skal til den sjuande speletimen.
Historisk dialektikk
Det var likevel ikkje verdsmeisteren på 28 år som vekte mest oppsikt ved «innveginga» før fyrste runde, men motstandaren på berre 14 år. Den pengesterke tyske intelligentsiaen har endeleg fått fram eit stortalent. For sjakken er det gull verdt om Vincent Keymer, son av to musikarar, kan kjempa seg fram i verdseliten. Han er ekstremt god, men det er òg eit dusin indarar på same alder.
Carlsen har aldri møtt ein så ung og lågt rata motstandar i desse superturneringane. Med svart tok verdsmeisteren ein stor strategisk risiko i opninga då han gav frå seg lauparen på g7 mot ein hest for å øydeleggja bondestrukturen til den unge tyskaren. Den sovjetisk-armenske verdsmeisteren Tigran Petrosjan vart genierklært då han spela slik på 1960-talet, men dagens elitespelarar veit kor farleg det er å gje frå seg lauparen på g7. Den sovjetisk-ukrainske stormeisteren Edvard Gufeld sa at lauparen på g7 hadde livnært familien hans i fleire tiår, og gav han aldri frå seg. I dag har pendelen svinga frå Petrosjan til Gufeld, men Carlsen satsa høgt på at ungguten ikkje skjøna den historiske dialektikken.
Tyskaren stod best ei stund, før Carlsen fekk kontroll. I sluttspelet, i den sjette speletimen, synte datamaskinane likevel null komma null, altså remis. Ein sensasjon var i lufta. Men Carlsen hadde god tid denne kvelden. Det hadde ikkje tyskaren. I den sjuande speletimen kom endeleg feilen som kosta han partiet.
Ei unik stilling
Med svart i runde to mot Fransisco Vallejo Pons (36), den beste spanjolen sidan biskop Ruy López de Segura i det 16. hundreåret, gjentok historia seg. Det gjekk mot remis i den femte speletimen. I den sjette speletimen var remisen openberr for alle. Men Carlsen hadde god tid denne kvelden. Det hadde ikkje spanjolen. I den sjuande speletimen fekk Carlsen pressa motstandaren inn i eit unikt sluttspel:
Vallejo Pons–Carlsen, runde 2.
I sjakkhistoria, som tel om lag ti millionar meisterparti i databasane, har ein sett denne konstellasjonen (tårn + laupar mot laupar på motsett farge + springar) 91 gonger tidlegare. Det tyder at ein i snitt må spela nesten hundre tusen turneringsparti for å få dette sluttspelet éin gong. Carlsen sa etter partiet at han skjøna at noko heilt unikt var på gang, at dette var hans store sjanse. Han visste òg at datamaskinane har rekna ut dette sluttspelet til å vera vunne for spelaren med tårnet, men han visste ikkje korleis. Supermaskinen «Sesse» på NTNU i Trondheim gav svaret: matt i 54 trekk!
Eg skal ikkje gå djupare ned i detaljane, men spanjolen gav opp i denne stillinga:
Vallejo Pons–Carlsen, runde 2, sluttstillinga.
Svart spelar lauparen til h6, og kvit vert sjakk matt når lauparen kjem til g7.
Dette var den femte sigeren til Carlsen på rad (han vann òg dei tre siste partia i Sjamkir-turneringa før påska). Tidlegare, om Carlsen anno 2014–2015, nytta ein metaforen «å pressa blod ut av stein». No lanserte sjakkorakelet Urcan ein ny metafor, som eg set om til ein norsk kontekst: «Om ein plasserer Carlsen på toppen av granittskulpturen Monolitten, vil han gnika og skrubba på han eit par timar – før skulpturen vil spruta vatn som ei fontene.»
Menneske trass alt
Historia gjentok seg nesten mot Vishy Anand i runde 3, mot Fabiano Caruana i runde 4 og mot Arkadij Najditsj i runde 5. Men berre nesten. Partia vart over i den sjette speletimen, der dei enda remis etter at Carlsen hadde freista gnika og skrubba i midtspelet og sluttspelet. Bergman skjøna at det er i den sjuande timen det vert stilt i himmelen. Før ein kjem dit, er spelet menneskeleg trass alt. Blant menneska er Anand like god som Carlsen etter fem rundar. Dei to verdsmeistrane er i delt leiing eit halv poeng føre VM-utfordraren Caruana.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bergman skjøna at det er i den sjuande timen det vert stilt i himmelen. Før ein kjem dit, er spelet menneskeleg trass alt.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.