JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Historia om utfordraren

Carlsen–Caruana er årets melodi i sjakkverda. Eit frampeik på duellen kom alt i førre veke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjakklagnaden ville ha det til at Caruana og Carlsen skulle møtast berre få dagar etter kandidatturneringa, i fyrste runde av Grenke Chess Classic.

Foto: Fiona Steil-Antoni

5946
20180406

Kandidatturneringa, Berlin, 10.–27. mars 2018

14 rundar, alle mot alle med kvit og svart. Vinnaren møter Magnus Carlsen til VM-kamp i London i november 2018.

Sluttstillinga:

1. Caruana USA 9

2. Mamedjarov Aserbajdsjan 8

3. Karjakin Russland 8

4. Ding Liren Kina 7.5

5. Grisjtsjuk Russland 6.5

6. Kramnik Russland 6.5

7. So USA 6

8. Aronjan Armenia 4.5

Kandidatturneringa er eit trongt nålauge. I fem år har sjakkmiljøet drøymt om VM-kampen mellom verdsmeister Magnus Carlsen og utfordrar Fabiano Caruana. Det vert ein prinsipiell duell til hausten der intuisjonen til Carlsen og kjensla hans for harmoni møter varianttung opningsteori og taktiske rekneoperasjonar.

VM-historia

Kandidatturneringa er den viktigaste turneringa i sjakken. Over henne står berre VM-kampen. VM-historia i sjakk går attende til 1886 og tel ei eksklusiv rekkje med berre 16 meistrar. Dei fyrste 60–70 åra var prega av uvisse, der utfordraren vart den toppspelaren som kunne skaffa pengar til kampen. Dette endra seg då sovjetarane gjekk inn i verdssjakkforbundet FIDE etter den andre verdskrigen. Endeleg vart det orden i sakene, og sjakkverda fekk den fyrste seriøse kandidatturneringa i 1950.

Den viktigaste oppgåva til FIDE er kan henda å arrangera ein rettvis verdsmeisterskap. Det har ikkje alltid gått smertefritt. Til dømes klaga Bobby Fischer på at sovjetarane i kandidatturneringa spela snøgge remisar mot kvarandre og spara kreftene til å slå utlendingane. Ein ung Magnus Carlsen ville ikkje vera «kandidat» i 2011, då han for fyrste gong hadde ein reell sjanse til å kvalifisera seg til VM-kamp. Lukkelegvis endra han synspunkt i 2013 då FIDE justerte formatet for turneringa. Carlsen vann med minimal margin føre Vladimir Kramnik og vart soleis utfordraren til Vishy Anand i 2013.

Den nye norske verdsmeisteren var dobbelt uheldig i 2014 då FIDE endra syklusen til «partalsår», og gamle Anand vann kandidatturneringa føre Sergej Karjakin. Carlsen var ikkje særleg motivert for å spela mot Anand alt året etter den fyrste matchen, og vurderte å seia frå seg tittelen då VM-kampen skulle spelast på den russiske Svartehavskysten, ikkje lenge etter annekteringa av Krim.

Men Carlsen kom og vann i Sotsji hausten 2014. To år seinare var det guten frå Krim, Putin-venen Karjakin, som vann kandidaturneringa føre Caruana, men russaren tapte mot Carlsen i VM-kampen i 2016.

Ein god årgang

Årets turnering i Berlin var ei av dei betre i kvalitet og spaning. Dei to «store» kandidatturneringane i sjakkhistoria er Zürich 1953 og London 2013, men Berlin 2018 aspirerer òg til pallplass.

Feltet på åtte mann var så tøft at ein av favorittane, armenaren Levon Aronjan, hamna heilt sist, medan eksverdsmeister Vladimir Kramnik veksla mellom det geniale og det banale, slik at det kompetente sjakkpublikummet alltid hadde noko å mora seg over.

Den beste og mest solide sjakken frå start til slutt spela Fabiano Caruana, men turneringa tok ei uventa vending då amerikanaren tapte i runde 12 mot Karjakin.

Karjakin–Caruana. Karjakin har nett ofra eit tårn for ein monsterlaupar på d5 og vann 30 trekk seinare.

Russaren hadde byrja turneringa med elendig spel og to tap, men etter at han røysta på Putin på den russiske ambassaden i Berlin, snudde lukka. Karjakin, som fekk tilnamnet «den russiske forsvarsministeren» under VM-kampen på Manhattan, vann fire parti og tok leiinga saman med Caruana etter 12 rundar.

Karjakin er ein populær mann i Noreg, den beste reklamen Putin kan få – ein sympatisk mann av folket som syner oss at vanlege russarar er vanlege menneske. Men Carlsen var ikkje særleg lysten på å spela 12 parti mot same mann ein gong til, så sympatien hans var hos Caruana i dei to siste rundane i Berlin. Carlsen sa før turneringa at han ynskte seg Aronjan eller Caruana. Då dei møttest i runde 13, viste Caruana karakterstyrke:

Caruana–Aronjan, sluttstillinga.

Aronjan gav opp etter tårnofferet til Caruana på h6. Om kongen tek tårnet, kjem ein dronningsjakk frå h2. Det svarte tårnet kan gå imellom på h5, men kvit svarer med ein avgjerande dobbelsjakk på f5 frå hesten og lauparen på c1.

Karjakin makta ikkje svara på sluttspurten til Caruana som òg vann i siste runde.

Eit stabilt geni

Caruana vert den fyrste amerikanske VM-utfordraren sidan Bobby Fischer. Medan Fischer var eit ustabilt geni, er Caruana det amerikanarane kallar eit «stabilt geni». Dei to har til felles ein arbeidsvilje og glupsk appetitt på opningsanalysar som Carlsen ikkje kan matcha. Carlsen ser sjakken i eit større perspektiv. For team Carlsen er USA og Silicon Valley den mest interessante marknaden, medan Caruana nok ikkje bryr seg om slikt. Han vil berre vinna VM og verta den 17. verdsmeisteren. Om amerikanaren spelar på sitt beste, er sjansane gode. I oktober 2014 hadde Caruana den høgste ratinga si med 2851 – 38 poeng bak det høgste nivået til Carlsen frå det same året og 6 poeng bak Garri Kasparov i år 2000. Men per i dag er Carlsen verdseinar med «berre» 2842.

Ein føresmak på VM

Sjakklagnaden ville ha det til at dei to skulle møtast berre få dagar etter kandidatturneringa, nemleg i fyrste runde av Grenke Chess Classic i Karlsruhe. Spelarane kom inn i eit tårnsluttspel av ein kompleksitet eg nesten aldri har sett. Carlsen freista vinna med svart. Dataprogrammet Stockfish, som reknar to hundre millionar trekk i sekundet, kritiserte fyrst eit par av trekka til Carlsen, men på større djupleik (milliardar av trekk …) skjøna maskinen at intuisjonen til Carlsen var rett. Men ingen av spelarane såg den umenneskeleg kompliserte vinstvarianten for Carlsen, og det dramatiske partiet enda remis. Carlsen trudde etter partiet at intuisjonen hadde svikta, men nei – intuisjonen var rett, men variantrekninga var galen i eit lite tårntrekk på slutten av ei lang variantgrein. Slik vert VM-kampen òg ein duell mellom intuisjon og rekning.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis