Fylg planen!
Magnus Carlsen spelar betre enn på lenge i St. Louis ved elva Mississippi, men han spelar ikkje utan feil.
Carlsen er i god form, konsentrert og motivert, so kvifor kan sjakkgudinna Caïssa vera so ugodsleg?
Foto: Austin Fuller
Sinquefield Cup,
St. Louis, USA, 2.–12. august 2017.
10 spelarar (alle mot alle)
Stillinga etter 6 av 9 rundar:
1 Vachier-Lagrave, Maxime 4
2 Anand, Viswanathan 3.5
Aronjan, Levon 3.5
Carlsen, Magnus 3.5
5 Caruana, Fabiano 3
Karjakin, Sergej 3
7 Nakamura, Hikaru 2.5
Svidler, Peter 2.5
Nepomnjasjtsjij, Jan 2.5
10 So, Wesley 2
Sinquefield Cup,
St. Louis, USA, 2.–12. august 2017.
10 spelarar (alle mot alle)
Stillinga etter 6 av 9 rundar:
1 Vachier-Lagrave, Maxime 4
2 Anand, Viswanathan 3.5
Aronjan, Levon 3.5
Carlsen, Magnus 3.5
5 Caruana, Fabiano 3
Karjakin, Sergej 3
7 Nakamura, Hikaru 2.5
Svidler, Peter 2.5
Nepomnjasjtsjij, Jan 2.5
10 So, Wesley 2
Det er visst menneskeleg å feila, men ved Caïssa so irriterande det er. Under dei tre fyrste rundane av Sinquefield Cup trudde eg Carlsen hadde slutta med slikt, men i dei neste tre var han ikkje lenger ein sjakk-Gud, berre ein vanleg verdsmeister.
Etter planen
Remisane med svart i runde 1 mot Fabiano Caruana (alder 25, rating 2807) og runde 3 mot Vishy Anand (alder 47, rating 2783) var solide og utan feil. Mot den indiske veteranen pressa Carlsen (alder 26, rating 2822) i fem timar då han vann ein bonde, men føremonen var berre symbolsk.
Kvitpartiet i runde 2 var ei anna soge. Etter planen skulle han vinna med kvit og spela perfekte remisparti med svart. Motstandaren Sergej Karjakin (alder 27, rating 2773) treng ikkje nokon lang presentasjon for norske lesarar etter VM-kampen. Sist gong dei møttest på amerikansk jord, i New York i 2016, vann Carlsen berre eitt av seks kvite ordinære parti. Men no, i St. Louis, gjekk alt som ein draum.
Rett nok fekk ikkje Carlsen nokon føremon i opninga, men som kvit kunne han halda nok liv i stillinga til at Karjakin kjende presset i kvart einaste trekk. Etter om lag 30 trekk vart komplikasjonane for store for russaren, og Carlsen vann med energisk spel.
Sluttstillinga har ein viss estetikk:
Carlsen–Karjakin, sluttstillinga.
Det siste trekket til Carlsen var å flytta springaren (hesten) ned på kanten frå g5 til h3. Stillinga er materielt heilt lik, men skilnaden på brikkene kan ikkje vera større. Antikunstnargeniet Marcel Duchamp – mannen med pissoaret som han snudde opp ned og kalla ei fontene – sa at sjakk er estetikk for hjernen, der venleiken ligg i den potensielle rørsla til offiserane på brettet. Den svarte springaren på a4 har inga framtid, medan den kvite springaren på h3 kan hoppa vidare til draumefeltet f4 og terrorisera svart. Karjakin orka ikkje å filosofera over denne estetikken, og gav opp.
Mot normalt
Med kvit i runde 4 mot treningskameraten Maxime Vachier-Lagrave (alder 26, rating 2789) styrte Carlsen partiet på kjent vis. Djupt inne i eit komplekst sluttspel fekk han endeleg opp ei strategisk vunnen stilling. Han såg fleire vinstvegar, men valde den mest kompliserte og presise – trudde han. Men langt inne i ein variant låg ein reknefeil på lur. Carlsen miste heile poenget etter seks timar.
Det er slikt som ikkje skal skje. Carlsen er jo i god form, konsentrert og motivert, so kvifor kan sjakkgudinna Caïssa vera so ugodsleg? Dagen etter venta dessutan dei svarte brikkene mot verdstoaren Wesley So (alder 23, rating 2810). Situasjonen såg ikkje ljos ut for verdsmeisteren, men so rekna So feil i ein lang variant, og Carlsen retta seg opp i ryggen. Augo hans lyste opp. «Kva er det So tenkjer på? Han kan då ikkje ofra den bonden?» tenkte Carlsen. Han slo bonden og parerte elegant alle trugslar. Snart tok Carlsen over initiativet.
So–Carlsen, sluttstillinga.
So vart so demoralisert at han gav opp i ei stilling der vegen til svart siger framleis er ganske lang. Carlsen var letta over korleis sjakkgudinna alltid syter for balanse i rekneskapet, og lo ein nervøs lått.
Om han berre kunne vinna det nest kvitpartiet mot Hikaru Nakamura (alder 29, rating 2792), ville alt vera bra. Og lenge fylgde Carlsen ein god plan. Han fekk for ein gongs skuld ein solid føremon i opninga som gav ein bonde ekstra i sluttspelet. Ei kritisk stilling kom opp etter tidskontrollen ved 40 trekk:
Carlsen–Nakamura, etter 40 trekk.
Carlsen såg at han kunne flytta kongen til g5 og ved høve vidare til h6, men han var ikkje heilt trygg på varianten om svart spelar kongen til e5. So han tenkte nokre minutt før han gjekk for eit roleg «ventetrekk». Mississippi-forfattaren Mark Twain kommenterte: «Don’t wait. The time will never be just right».
Datamaskinane kunne fortelja at Carlsen hadde sjakk matt i 26 trekk om han hadde spela kongen direkte til g5. Slikt er ikkje mogleg å skjøna for eit menneske, knapt for Caïssa. Men verdsmeisteren ville – på ein god dag – ha tenkt at tida var inne. Han fann planen, men spela han ikkje. Etter 95 trekk vart partiet remis.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Don’t wait. The time will never be just right»
Mark Twain
Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB