JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Å gjera det motsette

E* var ein habil sjakkspelar. Så vart ho kvinne og landslagsspelar. E* trur den neste Magnus Carlsen kan vera ei kvinne: – Ein spelar jo ikkje sjakk med kjønnsorganet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
E* ved brettet i Oslo Schakselskap, klar for fem parti lynsjakk med intervjuaren.

Foto: Atle Grønn

14363
20211022
14363
20211022

atle.gronn@ilos.uio.no

Eg fortel Julie Nordby Egeland (30) om intervjuobjektet mitt. Egeland reagerer med eit «Wow!». Det finst ikkje ein liknande case i den internasjonale pressa, kan Egeland fortelja. Ho har skrive tre lange artiklar i Morgenbladet om kvinner og sjakk. Den siste var eit intervju med den suverent beste kvinnelege sjakkspelaren i historia, Judit Polgár.

«Siden jeg spilte så bra, var det bare det feminine utseendet mitt som kunne tilhøre en kvinne, mens intellektuelt sett, så var jeg konstruert som en mann. Jeg var et slags romvesen for mine mannlige motstandere», sa Polgár til Egeland (Morgenbladet, 14. juni 2019).

Temaet kvinnesjakk er i vinden, både hos journalistar og forskarar, særleg etter suksessen til Netflix-serien The Queen’s Gambit. Standardspørsmålet – som eg mistenkjer er eit feilspor av typen «kan ei kvinne verta president?» – er om kvinner kan vera like gode som menn i sjakk. Filmskapar Emilie Blichfeldt har stilt spørsmålet i Aftenposten om når verda skal få ein kvinneleg Magnus Carlsen. I fjor skreiv Sindre Holt ved Noregs idrettshøgskule ei masteroppgåve om norsk kvinnesjakk. Internasjonalt kjem det stadig nye artiklar om kvinner i sjakken og debatten om arv og miljø.

Idrett og kjønn

Det siste året har vi òg hatt ein annan debatt: om idrettsprestasjonar av kvinner fødde som gutar. Forfattar Frode Saugestad er den mest aktive debattanten på feltet i Noreg. Han åtvarar mot at dei nye deltakarane vil øydeleggja kvinneidretten.

Saugestad er uroleg for dei fysiske idrettane der ein skil mellom kvinne- og herreklassar, men òg i sjakk har vi to klassar: den opne klassen og kvinneklassen.

Kan henda er kvinneklassen i sjakk berre ein naudsynt, men mellombels, sosial konstruksjon. Eg har sympati med den tanken: Dotter mi ville aldri ha vorte konkurransespelar om ho ikkje hadde hatt eit miljø gjennom jentemeisterskapane. Men er dei andre skilnadane på menn og kvinner i sjakken òg berre sosiale?

Veike argument

Debatten er full av veike argument. Den trettande verdsmeisteren Garri Kasparov sa til Playboy i 1989 at kvinner ikkje er tøffe nok til sjakk. Tretten år seinare tapte den overtruiske russaren for fyrste gong mot Judit Polgár. Han vedgår at fråsegna frå 1989 er det mest idiotiske han nokon gong har produsert. «Korleis kunne eg seia noko så dumt når mor mi er den tøffaste personen eg har møtt?»

I Aust-Europa, der kvinnesjakk står sterkare enn i Noreg, og der politisk søme står svakare, plar mannlege trenarar seia at jentene deira spelar annleis enn menn. Er det verkeleg sant? Eg hugsar aldri om jenter og kvinner er meir «aggressive» eller «passive» i stilen av di båe merkelappane vert nytta av ulike mannlege trenarar.

Den amerikanske stormeisteren Jennifer Shahade skreiv i den sjølvbiografiske boka Chess bitch om motsetnadene mellom «jentesjakk» og «mannesjakk». Kvinner og gutar er i midten, medan jenter står nedst på skalaen, og øvst står menn. Ikkje noko er verre enn «å spela som ei jente».

Når språk og haldningar er fulle av stereotypiar, skal det mykje til for at ei jente vil halda fram med konkurransesjakk. Eit spørsmål er likevel om jenter i snitt er mindre monomane enn gutar, og at færre jenter difor vil satsa «alt» på sjakken i tenåra. Noregs største kvinnelege sjakkprofil, Sheila Barth Stanford (47), er ikkje framand for tanken.

Men, som ho seier:

– Jamvel om det finst ei biologisk forklåring i botn, er problemet i dag kulturelt. Ein må gje kvinnene høvet til å gå djupt inn i eit interessefelt, verta «hekta». Då vil fleire av oss verta stormeistrar i sjakk. Vi er så opptekne av kjønn og kategorisering at vi konstruerer barrierar for kvinner.

Samstundes må ein seia at kvinner og menn statistisk sett er ganske jamgode på sjakkbrettet. Berre om lag 5 prosent av sjakkspelarane er kvinner, men dei 5 prosentane er korkje betre eller dårlegare enn menn i snitt. Eit poeng frå kona mi er at det òg må vera lov for kvinner å vera dårlege i sjakk. Når ein mann ikkje kan tredjeradsforsvaret i tårnsluttspel, må han ikkje stå til ansvar for kjønnet sitt.

Sidan vi ikkje har røynsla til kvinnelege sjakkspelarar, er det ofte vanskeleg for menn å seia noko fornuftig om kjønn og sjakk. Den fyrste artikkelen til journalisten Egeland handlar om sextrakasseringa ho opplever når ho sjølv spelar på Chess.com. No har verdsjakkforbundet Fide nyleg blamert seg og sjakken gjennom ein ny hovudsponsor for kvinnesjakken: eit selskap som driv med kosmetisk brystkirurgi. Eg ville difor møta den einaste i Noreg som på relativt høgt nivå kjenner sjakkmiljøet og sporten frå båe sider.

Motsetnader

– Du kjem til å bli overraska. Motsetnader tiltrekkjer kvarandre.

Ho ler forsiktig, før ho held fram.

– Førebileta mine er romantikaren Tal og, du vil ikkje tru det, hypermodernisten Nimzovitsj!

Låtten rungar:

– Men kva kunne eg gjera? Eg las Mitt system av Nimzovitsj i tenåra og vart hekta.

Tre dagar tidlegare hadde eg gjort ei oppdaging medan eg studerte nokre gamle sjakkresultat. Eg fann ut at E* (47), som har spela for det norske kvinnelandslaget i sjakk, var fødd som gut. Det overraska meg at ingen i miljøet pratar om dette, at berre eit dusin menneske i Sjakk-Noreg kjenner historia. Har vi sjakkspelarar så stor integritet?

– Eg skjønar at landslagsdeltakinga mi er interessant, men ein spelar ikkje sjakk med kjønnsorganet, seier ho.

Å passera

E* er ikkje heilt som andre sjakkspelarar. Ho er ei norsk Janis Joplin. I meir enn ti år har ho spela improvisert jam for publikum i oslonatta. Ho kjem aldri til scena med eigne musikarar. Ho finn alltid ein gitarist eller pianist blant publikum – og så er det berre å syngja av full hals…

Eg hadde ikkje tenkt å spørja om alt ein kan lura på, men ho fortel på eige initiativ.

– Eg er nøgd no. Rikshospitalet var utruleg flinke i den siste fasen, jamvel om dei ti åra før ein kjem så langt, er grufulle. No passerer eg.

Ho nyttar dette uttrykket fleire gonger. Ho passerer som kvinne på butikken eller på kafeen. Utan spor av skjeggvekst. «Ein spelar heller ikkje sjakk med skjegget», er ei anna setning ho nyttar.

Ho meiner ho har ein føremon, at ho passerer lettare enn andre i same situasjon, av di ho er profesjonell songar: Ho kan endra røysta. Under det meste av samtalen er røysta ljos og kvinneleg. Men ho har ikkje gløymt gamle kunster, og med ein gode dose sjølvironi legg ho om til ei grov mannsrøyst i eit par setningar. Og så ler ho hjarteleg.

Flagget på puppen

Då ho vart spurd for nokre år sidan av Sheila Barth Stanford om å spela på kvinnelandslaget, hadde ho ikkje kome like langt. Ho passerte ikkje like enkelt. Ho måtte vera ærleg med lagkapteinen:

– Juridisk er eg kvinne. (Lova om fritt val av juridisk kjønn kom i 2016, red.merk.). Eg har vore «kvinne» heile livet, men eg er ikkje heilt i mål enno, sa ho den gongen.

Stanford stødde henne, men av di landskampen vart spela online, og spelarane sat heime i si eiga stove, visste ikkje dei andre deltakarane kven den nye på laget var. E* vart toppscorar for Noreg.

– Eg var så stolt. Eg spela med flagget på puppen, på min eigen bursdag, var det faktisk. Det er den beste feiringa eg har hatt nokon gong. Eg drakk cola og dansa i sofaen. Eg skreik høgt. Det var alt for Noreg. Eg er ikkje nasjonalistisk, men kva kan ein gjera når ein vinn i stor stil etter berre 26 trekk? Kven drøymer ikkje om det?

Dødt døypenamn

Eg vart fyrst kjend med E* under ei turnering for fem–seks år sidan. Vi spela båe i A-gruppa i Oslo Schakselskap. Eg trudde eg kjende «alle» i norsk sjakk og var overraska over at ein så sterk spelar hadde gått under radaren. E* var registrert i turneringa med eit gutenamn, utan at eg tenkte noko over det. Døypenamnet hennar er i dag tabu. Ho omtalar det med eit ordspel der døpenavnet vert dødenavnet.

Det viser seg at E* og eg har vore med på mykje av det same i yngre år: Som då verdsmeister Tal var i Oslo i 1989, eller då verdsmeister Karpov var på Gjøvik i 1991. E* fortel om simultanpartiet ho fekk mot Karpov:

– Eg hadde han på kroken. Eg fekk inn eit offer på b2 i Sämisch-varianten i konge-indisk. Karpov måtte tenkja lenge når han kom til brettet mitt, men så tapte eg jo til slutt.

Eg freistar lyfta intervjuet til eit meir prinsipielt plan: Eg spør om vektlyftaren frå New Zeeland som mange prata om før sumar-OL i år, Laurel Hubbard, som var fødd mann.

– Ho var jo ikkje så god likevel, svarar E* og kremtar.

– Men tenk om det kjem ei ny slik historie i neste OL med ei kvinne som då vinn gull. Eller lat oss seia at ei norsk kvinne som er fødd mann, får 2500 i sjakkrating og vert den beste kvinna i Vest-Europa.

E* smiler:

– Ja, det er jo mogleg, seier ho og tenkjer tydelegvis på seg sjølv.

– Eg meinte hypotetisk, ikkje konkret, legg eg til.

Ho set ikkje grenser for seg sjølv, men dette er jo rein fantasi, tenkjer eg:

– Det er ikkje mogleg i din alder å gå frå 1900 til 2500 i rating. Det ville, som Hans Olav Lahlum plar seia om ein slik sjakkframgang, ha vore «ein medisinsk sensasjon».

Ho parerer:

– Min alder? Eg er jo berre 47.

– Nettopp, 47 er mykje i sportsverda. Du er vel ikkje så rabiat at du seier at «alder er berre eit tal»?

­– Jo! Eg er ei rockebitch, så det seier eg!

E* er ikkje typen som lèt seg aldersdiskriminera.

Kategorisering i vegen

Seinare ringer eg landslagskaptein Stanford med det same spørsmålet: Ville det ha vore uproblematisk om ein mann med 2500 i rating skifte kjønn og vart vår beste kvinne? Det korte svaret hennar er ja. Stanford meiner problemstillinga er konstruert:

– Å gå gjennom eit kjønnsskifte er ei så tøff og lang reise at idretten vert berre ein parentes i diskusjonen. Det er eit mykje større praktisk problem i sportsverda, for menn og kvinner, med doping og computerjuks.

Stanford har nok rett i at draumen om OL-gull aldri har motivert eit kjønnsskifte. Jamvel i kraftidrettar er det ingen transkvinner som har vunne VM- eller OL-medaljar. Derimot er det mange døme på medaljevinnarar med såkalla hyperandrogenisme, altså kvinner som er fødde med uvanleg høgt testosteronnivå. Den mest kjende er verdas raskaste kvinne på 800 meter, Caster Semenya frå Sør-Afrika. Det synest umogleg å formulera eit regelverk som både er inkluderande (andsynes kvinner med høgt testosteronnivå) og rettvist (andsynes kvinner med vanleg testosteronnivå). Dette problemet er uløyseleg alt før eit par einskilde transkvinner kjem på banen.

Attende til sjakken. Samtalen med Stanford gjer at eg betre skjønar kvifor E* – og Stanford sjølv – meiner at ein framtidig sjakkverdsmeister godt kan vera ei kvinne. For desse to er det den fastlåste kategoriseringa til majoriteten («mannesjakken») som står i vegen. Stanford meiner at ein må slutta å nytta ord som «kvinnesjakk» eller «kvinneleg sjakkspelar», ettersom ein ikkje pratar om «mannesjakk». Ho reknar seg sjølv som sjakkspelar. Punktum.

For E* er det endå enklare. I verda hennar – etter over 40 år i «feil kropp» – er spørsmålet om ein kvinneleg sjakkverdsmeister det minste problemet. Kva som er mogleg, er for henne eit spørsmål om vilje.

Kvinne, ikkje filolog

Eg har eit siste prinsipielt spørsmål til E* på kafeen på Oslo Vest:

– Det mest kontroversielle med deg må vera at du seier at du alltid har vore kvinne. Kva for ein definisjon av kvinne legg du til grunn då? Har du lese boka Kjønn og ukjønn: ordhistoriske essay (2015) av Dag og Tidspaltisten Kristin Fridtun, ho skriv vel om dette?

E* svarar ikkje direkte på spørsmålet. E* reknar seg som kvinne, ikkje filolog. Mange lesarar vil nok ikkje akseptera eit ikkje-svar på dette spørsmålet. Men kan vi tvinga eit enkeltindivid til å gje presise språklege definisjonar? Filologen Fridtun stadfestar at spørsmålet er komplekst, og at kravet om definisjonar er ei konstant bør for minoritetar.

Fridtun meiner ein bør diskutera deltakinga i idretten utan å stilla spørsmål ved det sjølvopplevde kjønnet til folk. Ho seier at ordskiftet har blitt meir innfløkt og stridt etter at ho gav ut boka si for seks år sidan. Det harde ordskiftet gjer at intervjuobjektet mitt ikkje er klar for å stå fram med fullt namn.

Dette seier E* sjølv:

– Eg veit kven eg er. Eg er binær, altså ei heteroseksuell kvinne, og har berre lyst til å leva som meg. Eg var inspirert av ein gamal Seinfeld-episode («The opposite»), der karakteren George Costanza endra livet sitt ved å byrja gjera det motsette av det han alltid hadde gjort. Eg arbeidde sjølv i bank på den tida, tok alle dei «rette» vala, men enda på feil plass. Så i staden vart eg ei rockebitch.

Litt monoman

Kva med sjakken? Eg spør om ho spelar sjakk på same vis som før.

– Ja, sjølvsagt! Ein har jo som regel klede på seg under eit sjakkparti, ikkje sant? Eg har alltid hatt killerinstinkt, på sjakkbrettet ofrar eg brikker, og eg elskar å knusa motstandaren… Det er òg problemet mitt. Om eg maktar roa ned temperamentet, kjem eg over 2000 i rating med éin gong. Eg studerer sluttspelet og tolmodet til Magnus Carlsen. Artig fyr, Magnus, ikkje sant? Med tida vil eg læra meg tolmod, men no må vi ta eit parti sjakk!

Sjakktrekka til E* er dei same som dei alltid har vore. Ho er eit konkurransemenneske, og ho er tøff i trynet. Men er ho monoman? Dei aller beste sjakkspelarane har alle vore heilt hekta på sjakk i periodar. For E* konkurrerer sjakken med litt for mange andre nerdeinteresser: Musikk, film, science fiction og fotball dukkar opp under samtalen.

Vi forlèt kafeen og går nokre meter bort til sjakklubben i Bogstadveien. Vi møter ein sjakkspelar i døra, på veg ut. Han byrjar prata monomant om laupartrekket til f4 i Trompovsky-varianten.

– Kven er du, spør han til slutt og ser på E*.

Eg fortel at ho er på landslaget i sjakk.

– Å, eg har ikkje høyrt om deg, men eg følgjer jo ikkje så mykje med på kvinnesjakk, seier han og ler.

Ho passerte.

Vi går inn i klubben og spelar eit parti. Eg trur vi er ferdige for kvelden, men E* må ha fem lynsjakkparti før ho er nøgd. Ho er passe monoman likevel – til 1900 i rating. Og ikkje noko kjønn kan endra på det.

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein må gje kvinnene høvet til å gå djupt inn i eit interessefelt, verta «hekta».

Det er ofte vanskeleg
for menn å seia noko fornuftig om kjønn og sjakk.

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis