JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Nye fundament under lang tids soge

Det var anten eller: å la husa falle i hop eller å gå i gang med å rette dei opp. Torild og Amund Nedreberg valde det siste i eit tun med så mykje gamalt at ikkje mange har noko liknande i distriktet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nedreberg ligg lettleg på solsida av Nordfjorden. Frå venstre låven, masstova, sperrestova med tidlegare utviding i høgda (høgelemmen) og nytt tilbygg mot tunet. Til høgre nystova med samlinga av gamle ting i skråtekte tilbygg.

Alle foto: Erik Solheim.

6537
20200124

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Tips om restaurering

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Om staden har ei eigenarta historie, huset vert nytta til noko anna enn det først var bygt for, eller har andre særtrekk, kan det gjere stoffet meir interessant.

Send tipsa til erik.solheim@enivest.net

Staden er det eine bruket på garden Nedreberg – høgt, fritt og solvendt i den bratte grenda Bergsida nokre kilometer vest for Stryn sentrum. Fjøset er vekke; det mangla botevon. Men låven står der, høgreist i ein alder av 200 år, med ein solsvidd vegg av gamle bord i ramen. Inne er det no høylager og hestebåsar.

Amund Nedreberg vaks opp med hest, og interessa for fjordingen vart verande i han. No har neste generasjon fire i stallen. Ei stund avla han premierte dyr og selde. Det hadde dei drive med lenge på denne garden midt i fjordhestriket. Kanadiske hestefolk har fleire gonger budd på Nedreberg under høgtidsdagane for dei som har fjordingen i sjela, statshesteutstillinga på Eid. Halvannan times gange oppover i fjellet ligg setra, framleis med sel og fjøs. Etter utskifting i 1890 eig dei frå fjord til fjell. Fiske etter laks og sjøaure var lenge viktig for levemåten. Ved fjorden hadde dei jekteløk, ein stad båten kunne liggje trygt. Noko av det garden gav, har dei selt i lange tider. Men sjølvhushald var det dominerande så lenge jorda og sjøen var det dei hadde å leve av.

Garden, no delt i to bruk, er kjend i dokument frå 1420. Husa låg i ei klynge. For dei som Amund og Torild rår over, vart det små endringar av jordskiftet i 1890. Stovehuset står der det vart reist i 1865. Dette er ei sperrestove med to vindauge ut mot fjorden, slik skikken var i Nordfjord.

At delar av veggene er mørke av sot, tyder på at stova vart bygd med røykomn og ljore i taket for å få ut røyken. Her budde folket fram til 1998; dagens eigar vaks opp der, men då med komfyr og skorstein i koven. Det tredje rommet er ein gang, som i dette området vert kalla døra. Over koven er det lem, og over den igjen øvstelemmen under eit høgre tak med mønet på tvers av resten. Sidan Torild og Amund ville drive turisme for å skaffe litt ekstra inntekter til å finansiere restaureringa, har dei utvida huset med kjøkken og bad på kvar side av inngangen.

Nystova frå 1850

Den litt eldre nystova frå 1850 har om lag same rominndelinga i første høgda som sperrestova. Men her er det lem over med to rom. I kjellaren var det før brunn, brukt til å kjøle mjølka og hente vatn i. Nokre meiner namnet på huset heilt enkelt kjem av at det var nyare enn sjølve stova. Bruken kunne ymse – sengeplass om sommaren, rom for gjester, lager for fine klede, korn og andre verdifulle ting, veven kunne stå der. No bur eldste sonen på garden der med familie. På to sider av huset bygde eigarane skråtak med rom under for eit utal ting som dukka opp då dei rydda for å starte vølinga. Det var klede, dukar, åkle, kister, askar, tiner og mangt anna. Mykje var godt slite, det meste ute av bruk, men lagt til sides. Skikken på slike gardar utan overflod var å ikkje kaste noko; det kunne kome til nytte ein gong. På Nedreberg vart svaret å samle dette i eit nytt tilbygg. Her fekk Torild plass til resultatet av mykje godt handverk frå både kvinner og menn frå 1700-talet og fram til siste krigen.

Masstova frå 1794

Eldst i tunet er masstova. Frå 1794 har ho stått der, delvis utanfor det flate tunet. Den lettaste delen kvilte på meir enn tre meter høge stolpar over eit skrånande berg. Namnet på huset trur dei kjem av matstove, for her gjorde dei mykje av grovarbeidet med mat. Andre stader heiter det eldhus. I gryter over grua varma dei gamle vatn til klevask og brygging. Flatbrød steikte dei på ei steinhelle og kjøt hengde dei opp til røyking. Her åt dei om sommaren. Då var det vanleg å flytte ut av vinterbolet. I masstova er til og med ein bakaromn i stein. I den kan Torild steike 20 brød i slengen og ha varme igjen til å gjere middagsmaten klar. Men det tek fire–fem timar med kraftig fyring før heten er sterk nok til at dei kan rake ut oska og setje brøda inn.

Litt utanfor tunet står det gamle skulehuset i grenda, bygt like før 1900 til avløysing for omgangsskulen. Der står ein globus, og der heng kart over Palestina og Sogn og Fjordane, den gongen ei samling veglause grender langs fjordane. Der ligg stilbøker etter elevane, som skreiv med penn dyppa i blekkhuset. Teksten er like lett å lese som om han var prenta.

I dag står husa i tunet med mørkbeisa vegger og teglstein på alle tak. Tak og vegger i ølstovene (oppvarma hus) har dei forsynt med isolasjon. I dei lafta husa og den grindbygde låven var det berande treverket nesten intakt. Men muren under masstova hadde svikta og er bygd opp att. Dei berande stolpane har fått nytt fundament og er ikkje så høge lenger. Ny sokkel måtte òg til under bakaromnen, som i lag med grua er nyreist med skorsteinar. Nordfjordstova har òg fått ny peis, ei moderne utgåve med innsats og glas framfor elden. Nystova vart løfta opp og dei grov kjellaren djupare. Ho står no, som tilbygget, på murar av lecastein. Slik heldt dei på, hus for hus, frå 1999 til 2003. Tunet var heile tida ein byggjeplass.

Heilskapen

Etterpå kunne dei invitere reisande, arrangere seminar og andre samkomer. Arbeidet er utført med leigde fagfolk. Kor mykje det kosta, har dei ikkje rekna i hop, men ein stor sum må det vere. Offentlege tilskot har dei fått litt av, men det mona ikkje. Turismen gav ein del inntekter. Det meste har dei likevel henta av arbeidet sitt i ulike undervisningsinstitusjonar. No er dei pensjonistar og gleder seg over at både gjester og dei næraste finn seg til rette mellom gamle vegger i det frie landskapet.

Tvilte dei aldri når både oppgåvene og rekningane vaks?

– Vi tenkte vel heller at dreg du den, så dreg du den, svarer Amund Nedreberg.

– Alt måtte til; tunet er ein heilskap som vert borte om eit av husa manglar. Vi er godt nøgde, seier han.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Tunet er ein heilskap som vert borte om eit av husa manglar.

Amund Nedreberg

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis