JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Telemark, fylket med det lange minnet

Noreg har 250 bygningar frå tida før reformasjonen i 1537. 143 av dei står i Telemark, med tyngda i kommunane Vinje, Tokke og Fyresdal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rikt dekorert seng og skåp i ei stove på Vest-Telemark museum. Treskurd og måling av husmannen Olav Torjusson i 1799.  Han var ein av dei store dekorasjonsmålarane.

7262
20190628

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Av dei 250 mellomalderhusa i landet er 136 frå før svartedauden i 1350. Av dei har Telemark 83 hus. Særleg i nordvest har altså dette fylket ei rik samling av eldgamal byggjeskikk. På Vest-Telemark museum i Eidsborg, mellom Høydalsmo og Dalen, står den eldste verdslege trebygningen i landet, Stålekleivloftet eller Vindlausloftet, det siste etter namnet på garden som no er museum. Stålekleivnamnet skal vere etter ho som bygde det på Lofthus, lenger aust i bygda, Åse Stålekleiv. Ho åtte mest heile bygda og var så rik at ho trong eit nytt loft til å hengje opp linet dei dyrka, seier segna. Datering etter årringprøver syner at loftet kom opp kring 1170, då Magnus Erlingson var konge i riket.

Loft og bur

Mellomalderbygningane er nokre stovehus og bur, men mest loft. Dette er høgreiste hus i to høgder, lafta med breie stokkar. Nede hadde dei mat, oppe var det gjesterom som òg var lager for finklede og andre verdfulle saker. På sidene og i fronten er det svalgang i andre høgda, og huset får med det ei spenstig form. Ytterveggene i svala er ståande tiljer som gjev sjølve laftet godt vern mot væte. Framfor døropninga inn mot tunet er det nokre stader svalgang også i første høgda. Hjørnestolpar og andre delar er dekorerte med mange og markerte utskjeringar. Dette var det prestisjetunge og påkosta stashuset på garden.

Bur, er namnet på enkle, einhøgda lager for mat og reiskapar. Likevel var også dei gjerne pynta med utskjeringar. I dag står lofta – og ofte bura – på stabbar som kviler på ei grime av fire trapesforma og samanhogne stokkar som ligg på steinar over jorda. Denne løftinga av husa kom i seinare tid, i stor grad utover frå 1650. Den vanlege oppfatninga er at husa først var bygde med botnstokkane i laftet liggande på steinar like over marka. Dei nedste stokkane tok lett skade av dette; det viser på mange av lofta, seier Kjell Andresen hos Riksantikvaren. Men dette var hus dei vølte og tok vare på. Fleire berande delar har vore skifta.

Det meste av materialen har tolt hundreåra fordi veden var av gamle og godt utala furetre. Dei hadde nok mykje flott skog å velje i, og tømmermennene har visst kva for tre som var best eigna. Handverket er av høg kvalitet, og heller tørt klima gjer sitt til at husa toler tida. I byggjeskikken går det ei tydeleg grense mellom Vest-Telemark og austlegare delar av fylket – og mellom Vest-Telemark og Setesdal. I aust er lofta lågare og breiare, og jamt av meir runde stokkar. I Setesdal har dei mellom anna færre takutstikk. Byggjeskikken i Vest-Telemark og Agder har større likskap med det som var vanleg vestanfor Haukelifjell, meiner Kjell Andresen. Ferdsla over fjellet aust og vest over fjellet har vore stor sidan dei eldste tider. Tømmermennene i aust og vest lærde av kvarandre. Ei tid rådde Gulatingslova frå Vest-Telemark til Færøyane.

Utvida årestover

Fleire stader er gamle årestover – den første lafta hustypen folket budde i – framleis i bruk. Men då som ein del av eit større hus. Rundt 1650 fekk dei første stovene flat himling og loft oppå. Dette kunne dei gjere fordi peis med skorstein kom i staden for åren, eit bål midt i rommet. Røyken gjekk ut gjennom ljoren i taket. Med ombygginga vart også møbleringa endra. Peisen stod i eine hjørnet, mot koven eller kleven, og høgsetet fekk plass diagonalt, i motsett hjørne. Ved sida hadde herren på garden eit skåp til bibel og brennevin og ymse andre viktige ting. Seng hadde mann og kone på langsida ved peisen. På den andre langsida var mønsteret ei seng og eit skåp. Når dei gjorde huset høgre, vart det òg lengre, med ei stove og loft på andre sida av inngangen. Dei fekk eit tohøgda hus med gang i midten. Ivistova, rommet over årestova, fekk no status som stasrommet; her fekk gjester bu. Å vere gjestfri og by på det beste var høgt verdsett, det gav godt ry i bygda.

På enkelte felt var Øvre Telemark tidleg ute med nye skikkar. Jarnomnen kom inn i stover like tidleg som i byane ved kysten, seier Dag Rorgemoen. Bygdene oppe under fjella hadde god kontakt med omverda. Jarnverk nærare sjøen hadde treskjerarar som var av dei beste i Europa, og frå desse spreidde rokokkoen seg oppover dalane. Alt på 1600-talet fløyta dei tømmer ned elvane for eksport til Nederland. Høgt oppe i fylket har dei funne keramiske skålbrot frå Holland, med mønster som vesttelemarkingen ikkje kopierte, men gjorde om til si heimlege form. Kongsberg var ein marknads- og møteplass med mange impulsar, også frå utlandet.

Dekoren ute på husa, og endå meir innvendig, fekk ein svær oppsving frå 1740. Då kom rosemålarane i sving med penslane sine. Dette var ikkje laugsmålarar som hadde lært av ein meister. Med innkjøpte pigment og utstyr som dei laga sjølve, vart rosemåling arbeidet for mange, som sikkert lærte av kvarandre. Det skal ha vore 160 av dei berre i Øvre Telemark. Dei heldt det gåande i vel 100 år; i 1860 var det brått slutt. Ådring og andre teknikkar vart populære. Rosemålinga blømde samstundes med oppsving og nyskaping i treskjering og sølvsmedkunsten. Akantusmotivet fekk mange utgåver. Kvinnene vov, sydde bunader og broderte rosesaum. Det klang slåttar frå nye hardingfeler og mange leverte kunstferdige jarnarbeid frå smia. Nokre dreiv med fleire syslar; dei smidde knivar éin dag og skar i tre den neste. Fleire har namn som framleis står høgt.

Geniet Jaran Rønjom

Den mest legendariske var universalgeniet Jaran Rønjom. Han var fødd i 1750 i Åmotsdal, og døydde i 1822. Sjølvlærd bygde han kyrkjer og loft, han var finsnikkar og sylvsmed, børsemakar og klokkemakar. Tømmermannen sette øksa frå seg og vart av dei første i Telemark som laga bunadssyljer med filigransteknikk, som er å lodde saman mindre element av tvinna sylvtrådar. Ein gong hadde han sett ein pistol, og ei stund etterpå hadde han smidd og snikra seg nett ein slik.

Så kan vi lure på kvifor dekoren og pynten vart så rik i desse bygdene, så avsides og lite oversiktleg at kongen kalla området Skattlandet, med eit mildare skattesystem enn i resten av riket. Svaret er ikkje enkelt. Vest-Telemark var i mellomalderen og seinare eit distrikt med ein stor del sjølveigande bønder. Dei fleste sat på jamlike gardar; bygdene hadde ikkje rike storgardar som på Austlandet. Når bøndene bygde noko, skulle husa vare for komande generasjonar. Staselege loft og rosemåla senger finst framleis i tun på mindre eigedommar. Det var ikkje kaksar som kosta på seg ekstra prestisje. Vesttelemarkingen var jålete og pynteglad, men utbreiinga av folkekunsten var egalitær, seier Dag Rorgemoen.

Éin ting er at desse bygdene tidleg fekk impulsar frå omverda. Men dei som gjennomførte sine nye idear, måtte òg ha tiltak til å gå laus på ukjende oppgåver og uthald til å arbeide fram dei tidkrevjande kunstverka.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vesttelemarkingen var jålete og pynteglad, men utbreiinga av folkekunsten var egalitær.

Dag Rorgemoen, museumsdirektør

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis