JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Vêret og tida

SCALLOWAY: På dei avsides øyane er folk like opptekne av vêret som me på det siviliserte fastlandet er av tida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: Mirjam Clement

Teikning: Mirjam Clement

10097
20220422

Øyrike
i vest

Del 4 – Orknøyane 2

Håvard Rem fer i vesterveg, til øyrika ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland, ein gong norske, no skotske.

4. mars: Del 1.
Ytre Hebridane 1

11. mars: Del 2.
Ytre Hebridane 2

25. mars: Del 3.

Orknøyane 1

1. april: Del 4.

Orknøyane 2

8. april: Del 5.

Shetland 1

havard@dagogtid.no

Shetland ligg så avsides at ein reint kan gløyma både tida og samtida, men vêret slepp ein ikkje unna. Det var berre kvart fullt, flyet som tok meg til Shetland. I dagane før avreise oppmoda flyselskapet meg og andre passasjerar om å reisa ein annan dag. I tekstmeldinga frå Logan Air heitte det: «Endrar du avreisedag, tek me alle kostnadar.»

Stormen Eunice var meld. Men for meg var tida viktigare enn vêret. Å skyva på Shetland-opphaldet ville forplanta seg og få dei kvite sidene i den sjuande sansen til å falla som dominobrikker.

Flyferda tek 40 minutt til Sumburgh, lufthamna heilt ytst på sørspissen av øyriket. Korleis kom ein seg til Shetland før lufthamna opna i 1936? Kva om det ikkje var eit propellfly, men eit langskip eller ei fiskeskøyte som skulle føra meg rakt gjennom stormen?

Før avgang drakk ein kaffi og såg på fjernsyn. Der melde dei at Eunice nærma seg kysten med fare for liv og helse, og at russarane nærma seg Ukraina.

Eurasia

Korkje Eunice eller Putin slo til. Styrkane heldt seg i ro, og stormen trefte land lenger sør. Det minte meg om å vera i ein filippinsk landsby og ikkje vita om tyfonen vil gå sør eller nord for landsbyen eller rakt på.

På kvar sin ytterkant er øyrika Shetland og Filippinane del av dei to bogane som ligg som ein parentes om verdas største kontinent, Eurasia. Ytst i aust og ytst i vest er superkontinentet skjerma av øyrike. Den eine bogen er dei austlege, Japan, Filippinane og Indonesia ­–?som eg har vitja, alle saman, fleire gonger. Den andre parentesbogen er dei vestlege øyrika, Hebridane og Orknøyane, Shetland og Færøyane – som eg merkeleg nok aldri hadde vitja før no.

Eurasia? Med sine 55 millionar kvadratkilometer er det eurasiske kontinentet verdas største, frå Hebridane til Tokyo, nær dobbelt så stort som det nest største, Afrika. Amerika heng knapt i lag og er for to kontinent å rekna, medan Eurasia heng så kompakt i lag at ein berre kunne ha kalla det Asia.

Den vestlege delen, Europa, utgjer mindre enn ein femdel av Eurasia og er strengt teke ikkje eit eige kontinent. Kva som har gjeve Europa verdsdelstatus, er ikkje topografisk, men geopolitisk rekkjevidd.

Ein som såg dette, var lyrikaren og kartelskaren Rolf Jacobsen. I samlinga Vrimmel (1935) opnar diktet «Europa» slik: «Et ansikt kommer frem av Asia med munnen/ åpen og håret kastet tilbake». Den opne munnen er vel Biscayabukta og det lange håret Skandinavia, med dei skotske øyrika som krøllar ved tinningen.

Ein annan som har sett det, ja, som har brakt Eurasia-nemninga attende i storpolitikken, er Putin, som no under nedstenginga har hatt høve til å meditera over verdskartet.

Soldaten og yogalæraren

Den vêrhardaste delen av Shetland er vestkysten, og den einaste byen her på atlanterhavssida er Scalloway, hovudstaden på Shetland til 1708, med drygt tusen innbyggjarar. I hamna kjem eg i prat med Steve. Han sit i sola på trappa utanfor huset av mur ­– til vanleg står Atlanterhavet rakt på.

Steve og Marita flytta til Shetland i vinter. Scalloway treng folk, og paret treng Scalloway. Kvar for seg har dei reist og budd i heile verda. No vil dei ha fred for alt anna enn vêret.

Marita har fått arbeid i kommunen – som yogalærar. Ho voks opp i Estland inst i Austersjøen, men drog tidleg til andre kontinent som hjelpearbeidar.

– Då eg var i tjueåra, arbeidde eg i Botswana, der eg gav seksualundervisning til sjubarnsmødrer, fortel ho og ristar på hovudet, lukkeleg over å ha stranda i Scalloway med jobb og hus, bikkje og mann.

– Eg stridde i Afghanistan, fortel Steve og klappar Rosie, det einaste han har att av det sivile livet som hestebonde i York, eit liv som fall saman då kona døydde av kreft.

Han legg til:

­– Frå 2004 til 2011 var eg i Afghanistan som soldat kvart einaste år. Etter berre eit par år skjøna me at heile invasjonen var mislukka.

Stilla i Scalloway likar han. Pensjon og sparepengar syter for livsopphald, og nokre dagar i veka hjelper han ein ven som driv eit sauebruk ute på ei mindre øy.

Fiskeskøyta

På hi side av gata står eit minnesmerke der det shetlandske uvêret er frose fast i metall. Eit norsk fartøy slit i bylgjene i Nordsjøen. Det er ikkje eit langskip frå 900-talet, då vestlendingar kom over havet og erobra Shetland, og det er heller ikkje ein oselvar, som var ein så ettertrakta trebåt her frå 1500-talet at vestlendingar busette seg i Scalloway.

Nei, øvst på minnesmerket ser ein ei tradisjonell norsk fiskeskøyte frå mellomkrigstida, ein motorkutter på 50–60 fot med dekk og køyeplassar. Han var bygd for heilårsfiske. Fiskeskøytene til shetlandsfararane laut tola Nordsjøen når vêret var som verst, i dei mørkaste månadene, når dei kunne gå mellom Vestlandet og Shetland utan at fienden kunne sjå dei.

Når er natta som mørkast og vêret som verst? Om vinteren. Kor ille er vêret då? Så ille at historikarane tok det for ein skrivefeil når det i dei gamle krønikene stod at det vestlandske åtaket på Lindisfarne i 793, sjølve byrjinga på vikingtida, fann stad 8. januar. I historiebøker vart datoen endra til 8. juni av di ein ikkje rekna med at nokon kunne kryssa Nordsjøen om vinteren.

No er det heller ikkje sikkert at vikingane gjorde det, jamvel om 8. januar er rett. Kan henda kom dei frå ein base på Orknøyane eller Shetland – men same kva: 1150 år seinare kryssa shetlandsfararane Nordsjøen berre om vinteren.

Frå stova til Steve og Marita har me utsyn til huset shetlandsfararane heldt til i, The Norway House, og båtslippen Prince Olav Slipway, som kronprinsen vitja i 1942.

– No skal ein rehabilitera alt saman og føra bygga og gateløpet attende til slik det såg ut for 80 år sidan. Kan henda kjem det fleire nordmenn hit då, fortel Steve.

Fiskerihøgskulen

Heilt i enden av hamnegata ligg havforskingshøgskulen, skipa i 1994, no ein del av ei høgskulesamanslutning med det rima namnet Highlands and Islands-universitetet.

Rektor Kevin Briggs har fått ansvaret for å samordna aktivitetane på dei mange distriktshøgskulane,

­– Spør meg ikkje om fiske, eg er frå Highlands, eg berre syter for at alt veks saman til eitt universitet.

Då høgskulen vart skipa for snart 30 år sidan, var namnet The North Atlantic Fisheries College. I eit øyrike der framleis éin av ti arbeidsplassar er knytte til fiskeria, har havforskingsstudentane vore eit viktig tilskot til livet i Scalloway. Ein fjerdedel av det samla fisket i Skottland kjem i land på Shetland, der fisk står for nær 60 prosent av samla eksport og pregar menyane i småbyen, frå snøggmatstaden og kafeen til restauranten – makrell, breiflabb, krabbe.

På Shetland finst framleis så mange som 400 yrkesfiskarar. For dei er vêret viktigare enn tida.

Lufthamna

Torsdag 24. februar er dagen eg skal heim etter å ha fare kring i dei skotske øyrika i eit par veker. For å rekka flyet frå Sumburgh har eg vekking klokka ti på fem, samstundes som dei fyrste russiske militærkøyretøya kryssar den ukrainske grensa. Bussen til lufthamna går klokka seks, lokal tid, klokka sju i Moskva. Då er det ein time sidan Putin i russisk fjernsyn kunngjorde åtaket.

I lufthamna er det tilløp til kaos. Eunice har nådd Shetland. Eg får uroa meldingar heimanfrå. Skal du fara i eit propellfly inn i stormen?

Oljearbeidarar står raustlause i ventehallen, ved vindauga som vender mot rullebanen. Det er ingenting å sjå, anna enn storm, men stundom høyrer me eit propellfly nærma seg, for så å fjerna seg. Det er uråd å landa.

Flyet vidare frå Edinburgh til Oslo går klokka eitt. Då er eg framleis på Shetland. Og då handlar uromeldingane heimanfrå om anna enn vêret på Shetland. Vert det krig?

Edinburgh

Med kvart kjem eg til Edinburgh, tidsnok til å få med meg nyhenda om kampane kring Tsjernobyl. I fleire timar skal eg gå innesperra kring i lufthamna, i ei verd heilt utan vêr, i ei verd utan annan natur å sjå enn nokre potteplantar i kafeen og tjukt av menneske – heilt motsett av Shetland, der det er tjukt av natur og vêr, men få menneske.

På dei minste øyane helsar ein på alle, jamvel om det er eit menneske ein aldri har sett før og aldri skal sjå att. I lufthamna legg alle menneska vekt på ikkje å leggja merke til kvarandre.

I ei fiskehamn og på eit utvær kan folk ha ein fåfengd draum om å stogga vêret. Dei måler det ­–?i kuling, storm og orkan. I ei lufthamn og eit kjøpesenter finst ikkje vêret. Her har me ein fåfengd draum om å stogga tida. Me måler henne ­–?i timar, minutt og sekund.

Ute i øyrika har somme det same intense tilhøvet til vêr som me i sivilisasjonen har til tid. Der vêret er vekk, har tida alt å seia. Kva er vêr? I sivilisasjonen er det eit ord for noko som er i lufta, vind, skyar og nedbør. Ute i øyrika omfattar vêret sjøen òg. Straum er vêr. Tidevasstraum er mykje vêr.

I språk lenger sør, i gresk, latin og fransk, nyttar ein same ordet for vêr og tid. Franske temps vert nytta i fleirtalsform som engelske times, men temps tyder like gjerne vêr som tid – i lånord som temperatur, og i eit engelsk ord for storm: Eunice er tempest.

Den eine stormen gjev seg, den andre ikkje. Om ettermiddagen går eit fly vidare frå Edinburgh, ikkje til Oslo, men til Amsterdam, og i kveldinga derfrå til Oslo. Ikkje før kring midnatt, når Zelenskyj gjev ordre om mobilisering av alle ukrainske menn mellom 18 og 60 år, er eg vel heime.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Endrar du avreisedag, tek me alle kostnadar.

Logan Air

I ei lufthamn og eit kjøpesenter finst ikkje vêret, berre tida.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis