JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Minna Wetlesen på Abildsø gard

Måndag er det 200 år sidan Minna Wetlesen vart fødd i Drammen, adelsjenta som laut flytta til København, men drog til Noreg att for
å utdanna bygdejenter og skipa Europas fyrste husgjerningsskule.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudhuset på garden Abildsø, reist kring 1790, frå 1865 Europas fyrste husmorskule, skipa og leidd av Minna Wetlesen. Elevar på vg1 byggfag ber verkty til eit hus som er under restaurering.

Foto: Håvard Rem

12617
20210115

Bakgrunn

Minna Wetlesen

Fødd i Drammen 18. januar 1821

Flytta til København 13 år gamal

Drog til Noreg på eiga hand sist i tenåra

Skipa Europas fyrste «husgjerningsskule» på garden Abildsø utanfor Oslo

Døydde i 1891 på garden Berger i Asker, der ei dotter dreiv husmorskule

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

Husgjerningsskulen vart skipa på ein gard berre ei halv mil frå Oslo domkyrkje, ein gard som enno står der, i enden av ein allé med skiltet «Abildsø Gård – kun besøk etter avtale», no rehabilitert og drive som ei privat stifting, med landbruk og utdanning som kjerneverksemd, som då Minna Wetlesen budde her. 

Som for 150 år sidan gjev garden i dag eit tilbod til unge som slit med å koma seg fram i det norske samfunnet, i alt 60 elevar frå 20 skular aust i Oslo. Ein gutegjeng tek no vg1 byggfag her, somme av dei nokre år forseinka etter tenår på hi sida av loven. Ein hustrig vintermorgon ber dei verkty frå låven til eit byggeprosjekt nedi bakken. Stien over tunet framføre hovudhuset på Abildsø er steg på vegen attende til samfunnet. Når ein kosovoalbanar frå Stovner fortel om dagsløna til ein jamaldrande slektning i heimlandet, er me samde om at Noreg er eit uvanleg godt land å bu i om ein berre lærer eit fag og får ein jobb. 

København, 1838

København sist i 1830-åra. Det er berre eit par tiår sidan Danmark mista Noreg til Sverige. Ein ung Søren Kierkegaard bokdebuterer med eit essay om H.C. Andersen som nett har fått prenta dei fyrste eventyra og romanane sine. Frederik 6. er konge. Den gløgge og vene, fattige og adelege ungjenta Anette Wilhelmine von Bülow – Minna, mellom vener – trivst ikkje heilt i Kongens by, folk kommenterer det norske målet hennar, ho drøymer seg vekk frå hovudstaden og Danmark. Når det vert råd, vil ho til Noreg att.

Utsjånaden vert kommentert. For å hjelpa den fattige mor si broderer ho for dårleg betaling, og når ho høyrer at sying av regimentuniformer er betre lønt, dreg ho til depotet for å be om oppdrag, men får høyra at ho er for ven til å vera syerske. Røysta vert kommentert. Ein professor vil kosta på henne songundervising, og førespeglar henna ein karriere ved Det Kongelige Teater, men ho takkar nei. Ho vil til den tidlegare kolonien.

Minna budde i Drammen til ho var 13 år, som dotter av ein skipskaptein, men då han døydde, tok mor hennar med seg dei fem borna til heimbyen, København, der det fanst slekt som kunne hjelpa åleinemora. Så snart Minna var konfirmert, såg ho i blada etter ein ledig post i Noreg, og ho var framleis tenåring då ho tok vegen til heimlandet for å arbeida som guvernante. 

Tone og Asgeir Føyen

I 1986, då Abildsø gard vart fråflytta og møblar og lausøyrar selde på auksjon, vart eigedomen kjøpt av Selvaag AS, som hadde bygd dei fyrste drabantbyane i Groruddalen og no planla å reisa ein ny bydel på dei 150 måla. Men Østensjøvannets venner mobiliserte, og i 1997 vart eigedomen totalfreda av riksantikvaren. 

Nye planar for området vart lufta – som golfbane og gravplass. Ekteparet Tone Welhaven Føyen og Asgeir Føyen budde i nabolaget og hadde på nært hald fylgt forfallet til det då kring 200 år gamle hovudhuset på Abildsø gard. Dei kontakta Selvaag, som sikkert kunne ha funne rike interessentar, men valde å selja til eit ungt par med meir visjon enn kapital. Paret skipa stiftinga Abildsø Gård med fylgjande føremål: å rehabilitera hus og eigedom, førebyggja fråfallet i skulen og få opp att landbruket som hadde vore drive på garden i meir enn tusen år. 

Det opphavlege namnet, i kolonitida fordanska til Abildsø, var Apaldasin, epleenga.

7000 epletre har Føyen-paret sytt for at det i dag veks på eigedomen, og dei driv no den største eplemostproduksjonen i Oslo. Over ein kopp kaffi på kjøkenet som ein gong var hjartet i husgjerningskulen til Minna Wetlesen, får eg høyra om verksemda. 

Landsforvising, 1789

Ho nedstamma frå adel på både fars- og morssida, så kvifor hadde ho då vakse opp i den tidlegare kolonien? Jau, då farfaren og offiseren Johan Hartvig Ernst Victor von Bülow var 35 år, tapte han ei sak i høgsteretten, og han vart straffa med forvising til Noreg. I 1789 byrja han som postmeister i Drammen.

Same år fekk han ein son, Ludvig Vilhelm von Bülow, far til Minna. Drammensguten tok opp att karrierevegen til faren og vart marineløytnant, seinare skipskaptein. Familierehabiliteringa heldt fram då han gifta seg med ei ung kvinne ved hoffet i København, ein tremenning, Anette Sofie Elisabeth von Bülow, som flytta til Drammen. Paret fekk fem born, eit av dei Minna.

I 1833, då Minna var tolv år, vart faren sjuk og frakta frå Drammen til Rikshospitalet i Christiania, som låg der regjeringskvartalet ligg no, og der døydde fembarnsfaren, 45 år gamal. Enka, som hadde sakna livet i hovudstaden, flytta då med borna til København.

Husgjerningskule, 1865

Guvernanteposten fekk Minna Wetlesen nær dei opphavlege heimtraktene, og i nabobyen Holmestrand møtte ho i 1843, 22 år gamal, ein ung kar, Fredrik Wetlesen. Møtet staka ut livskursen hennar, for no kom ho inn i ein familie som vart pionerar for landbruksutdanninga i Noreg. Paret gifta seg same år som svigerfaren tok over garden Abildsø, der han og to søner no skipa den fyrste landbruksskulen i Noreg, med unge Minna som leiar på storkjøkenet. 

Då landbruksskulen etter nær tjue år vart flytta til Ullensaker, ville Minna nytta Abildsø til utdanning av bygdejenter. Dei hadde ikkje anna tilbod enn litt omgangsskule i barneåra, og frå distrikta rapporterte lækjarar og forskarar om dårleg stell og kunnskapsløyse i matvegen. 

Planane til Minna Wetlesen møtte motstand. Å gje bygdejenter kunnskap var ei privat, ikkje offentleg oppgåve. Med omsuta for uutdanna jenter i distrikta kryssa ho ei klassegrense i embetsstaten. Statlege pengar laut ein nytta på mindre vonlause oppgåver. Ho skreiv til politikaren Søren Jaabæk om støtte og stønad, men fekk avslag: «Kjære Frue, De fører en glimrende Pen, men Tiden er endnu ikke inde til at gjøre noget for Kvinden.»

Matfagleg utdanning

Husgjerningskule var det ukjønna namnet Minna Wetlesen nytta om nybrottutdanninga, men målgruppa var jenter, som ein parallell til landbruksskulane for gutar. Med kvart vart det vanlege namnet husmorskule. Det synte seg å vera ei nasjonal – og internasjonal – rørsle ho hadde sett i gang på Abildsø. Dei neste femti åra vart det i snitt skipa éin ny norsk husmorskule kvart år, og kring 1920 drøfta dei på Stortinget å gjera husmorkursa like obligatoriske som verneplikta. Dette vart det ikkje noko av, men rørsla voks, med eit høgdepunkt sist i 1950-åra, då Noreg hadde 64 skular som kvart år uteksaminerte 3000 kvinner. 

Ei av dei var mor mi. I 1947, året etter at ho gifta seg, 22 år gamal, tok ho «husstellkurset på Vennesla», som ho har skrive fremst i Kokebok (1947), gjeven ut av Statens lærerinneskole i husstell, og til jol same året fekk ho av mor si Husmorboken (1947), gjeven ut av Landslaget for husstell-lærerinner.

Det var nok anna utdanning ho hadde drøymt om, skuleflink som ho var, men som einaste jenta i ein stor barneflokk stilte ho sist i skulekøen. Men kurset kom godt med. Etter oppvekst i ei innlandsbygd med så lite tilgang på havfisk at mor hennar utvikla jodmangel og struma, vart det ein brå overgang for henne å styra eit stort hushald i Ålesund, der fisk var basiskost. 

Latterleggjering

Rett nok var ikkje kjøkkenarbeid draumen, men for oss borna var det ei velsigning å ha ei fagutdanna husmor i heimen: Det vanka tre rettar til middag på kvardagar, og i høgtidene stilte me i fine, heimesydde klede av beste snitt. Aldri gløymer eg pålegget som kom på bordet i jola, som sylte og leverpostei, godt og heimelaga, alt saman.

Husmorfaget vart ein salderingspost i velferdsstaten, erstatta av elektriske maskinar og tidsklemme. I 1960-åra fekk utdanninga nytt namn, fagskule i husstell, utan at det hjelpte, og i 1974, i lov om vidaregåande opplæring, vart utdanninga absorbert av den vidaregåande skulen, og finst no som Restaurant- og matfag, mindre mynta på heimen. 

Som forbruksforskar Ingun Grimstad Klepp skriv i Store norske leksikon: «På 1970-tallet ble husmorskolene avviklet samtidig med en rekke andre institusjoner som arbeidet med profesjonalisering av husarbeid. Både skolene i seg selv, og kunnskapen som var formidlet der, tapte prestisje og ble latterliggjort.»

Ysting og skriving

Om Jaabæk sa nei, vart det likevel bygdejenteutdanning på Abildsø gard, og jolaftan 1864, i det populære vekebladet Allmuevennen, kom kunngjeringa om den toårige «Husgjerningsskolen».

Fagplanen til Minna Wetlesen omfatta sju fag: 1) Vanleg kjøkenstell med baking og slakting, 2) Fjøsstell med kinning og ysting, 3) Hagedyrking, 4) Dugleik i saum og skreddarsaum, nok til å sy eigne klede, 5) Rettleiing i å uttrykka eigne tankar i skriving, 6) Hushaldsrekneskap og bokføring, og 7) Undervising i historie og geografi med munnlege soger der ein tileignar seg så mykje som lærehug og givnad tillèt.

Etter at han i seksten år hadde vore mønsterskule for dei mange nye husmorskulene over heile landet, vart husgjerningsskulen på Abildsø avvikla i 1881. Då var Minna Wetlesen 60 år. Ti år seinare døydde ho på garden Berger i Asker, der ei dotter og ein svigerson hadde skipa husmorskule. Før ho døydde, rakk ho å gje ut Husholdningsbog for unge Husmødre i By og Bygd (1890), som vart prenta i fire opplag og omsett til svensk. 

Bruk hovudet

Jola er over, men framleis har me ein skalk god kjøpesylte att i kjøleskapet, sjølvsagt ikkje så god som den mor mi laga kvar jol, etter oppskrifta i Kokebok, der «Sylte» står på same sideoppslaget som «Leverpostei», «Nyrer med flesk» og «Snarsaltet jur». Mor mi voks opp på småbruk, der ein nytta alle delar av dyret, som levra, blodet, nyrene, tunga, juret og – til sylte – hovudet.

Innmatoppskriftene kjem i same rekkefylgje i Minna Wetlesens Husholdningsbog, og borna kring bordet trur ikkje heilt sine eigne øyrer når sylteoppskrifta hennar vert lesen høgt: «Grisehodet kløves, hjernen udtages, det vaskes og børstes godt, udvandes i 2 à 3 Dage og koges, til det slipper Benet. [...] Svoren af det andet halve Hode tages og lægges over, saa at Svoren og Ørerne danner Ydersiden.» Ho rundar av: «Rødbedesalat smager godt til Sylte.» Det gjer det nok, men sterk sennep smakar betre til.

Omgrepet husmorskule gjekk frå å vekka motstand til lått. I dag kunne så avanserte matlagingskurs gjerne fått namnet husfarskule. Hjå oss er det ein av svigersønene hennar som i dag er den næraste til å laga dei gode pålegga mor mi laga kvar jol. Kokekunst krev kunne, og når koking vert ein kunst, er det i mange heimar far i huset som styrer på kjøkenet. 

Song og spinett

Garden Abildsø er ei omvising verd. Det store hovudhuset i laft er heim for Føyen-paret, born og barneborn. Femten menneske har i dag det daglege virket sitt på garden. I tillegg er tre–fire personar sysselsette med dyrking av økologiske blomar i verksemda Blomsterhagens åkerbutikk. 

Sparebankstiftelsen DnB og Sanitets­kvinnene har vore gode hjelparar i mange år, og Utdanningsetaten i Oslo ein viktig samarbeidspartnar. 

Noko av det opphavlege interiøret, som i auksjonen i 1980-åra vart spreidd for alle vindar, er kome attende – eit spinett og ein heil Louis-Seize-salong som no står i atelieret til gardsvertinna. I årevis har hovudhuset vore møtestad for ressurssterke unge frå Israel og Palestina som ikkje har høve til å møtast i heimlanda sine, men som lærar kvarandre å kjenna på Abildsø, der dei knyter band for livet.

Vgs-elevar i Oslo aust som ikkje lærar byggfag, tek del i skrivegrupper og musikkinnspeling i stovene der Minna Wetlesen ein gong song for elevane sine om sundagane, stundom med tilreisande gjestar, som Jonas og Thomasine Lie. For alt eg veit, akkompagnerte ho seg sjølv på spinettet. Det vert sagt at ho song så vent at jentene på husgjerningsskulen aldri gløymde det.

Nokre kjelder:

Abildsø skole 1859–1959, Oslo, 1959. 

Erik Henning Edvardsen, «Husgjerningsskolen på Abildsø – Europas første husmorskole», Oslo, 2014. 

Yvonne Skjulestad, «Minna Wetlesen – en foregangskvinne», Bydel Manglerud, Komitéen for 1000-års jubiléet, 2000.

Minna Wetlesen, Husholdningsbog for unge Husmødre i By og Bygd, Kristiania, 1890. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Kjære Frue, De fører en glimrende Pen, men Tiden er endnu ikke inde til at gjøre noget for Kvinden.»

Søren Jaabæk

«Husmorskolene og kunnskapen tapte prestisje og ble latterliggjort.»

Ingun Grimstad Klepp i Store norske leksikon

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis