JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Hjarta i dalen

ROLLAG: Midt i Rollag, midt i Numedal, ligg stavkyrkja og prestegarden der nokre av dei fyrste dikta på norsk i dansketida vart skrivne – for snart 300 år sidan.  

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Augustinus Flor vart fødd og voks opp på Rollag prestegard, truleg Noregs eldste som framleis er i bruk som prestebustad. Hovudhuset er frå 1633. Storstabburet til venstre vart reist i 1719, året då Augustinus Flor vart fødd. Prestegarden ligg 250 meter frå Rollag stavkyrkje, reist på 1200-talet.

Alle foto: Håvard Rem

11308
20210305

Numedal

Del 3 – Rollag

Håvard Rem skriv frå dalen i fortid og notid.

Flatemål: 3513 km2

Folketal, 2020: 6517

Folketalsframskriving, 2050

– Låg: 6191

– Middels: 6826

– Høg: 7583

Kommunar: Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal (Viken, tidlegare Buskerud)

12. februar: Jarndalen

19. februar: Numedalsbanen

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Jarn, sylv og straum har gjeve Numedal lyft, i lag med elva og skogen, som har vore viktige i alle oppgangstidene. 

Dei to fyrste episodane av Numedal-serien handla om to av stordomstidene i dalen – éin for hundre år sidan med vasskraftutbygging og jarnbane, ein annan for tusen år sidan, med jarnutvinning nørdst i dalen mot Hardangervidda. No handlar det om ei tredje stordomstid som kom midtveges, med skipinga av Kongsberg sylvverk på 1600-talet. 

Augustinus Flor

I musikkhistorikaren Anne Svånaug Blengsdalens storverk Takt og tonar. Soga om folkemusikken og folkedansen i Numedal (2011) skriv røllingen Even Tråen i føreordet «Det numedalske paradokset»: «Numedal har alltid vore tynt folka. Dalen er grisgrendt, men busettinga er likevel gamal. Dalen har vore rekna som trong og avstengd. Sett bort frå husgranskarar, har ein meint at det ikkje har vore noko spesielt med kulturen her.» 

I det geografiske og kulturelle hjarta av Numedal ligg Rollag kommune, med minne frå alle dei tre stordomstidene. I sør ligg administrasjonssenteret Rollag, i nord ligg tettstaden Veggli, båe med stasjonar på no nedlagde Numedalsbanen, og mellom dei ligg garden som har gjeve kommunen namn, med ei stavkyrkje frå 1200-talet og ein prestegard frå 1600-talet, truleg den eldste i landet som framleis vert nytta som prestebustad.

Her vart det skrive litteraturhistorie for snart 300 år sidan. Etter at skriftleg norsk hadde forsvunne, og berre sju år etter at obligatorisk konfirmantundervisning svekte munnleg norsk òg, skreiv ein kapellan dikt på rollagmål, mellom dei fyrste på norsk av ein namngjeven forfattar i dansketida – hundre år før Ivar Aasen samla dialektord som grunnlag for eit nytt skriftspråk.

Diktaren var 24 år gamle Augustinus Flor, fødd i 1719, teologiutdanna i København. Versa har språkhistorisk verdi som ein nokså unik og nær 300 år gamal dokumentasjon av eit målføre. Dei vart ikkje skrivne ned av ein tilflytta prest eller fut utan djup kjennskap til dialekten. Flor var fødd i Rollag og kjende målet godt. Versa har kulturhistorisk verdi òg, for dei tek føre seg skikkar og kvardagsliv i Numedal i fyrste helvta av 1700-talet. 

Numedalsmålet

Som dalføret kan ein dela målføret i to, med eit markert dialektskilje, i minsto fram til for nokre tiår sidan. Nedre Numedal er Flesberg kommune, medan øvre er kommunane Rollag og Nore og Uvdal. Båe måla har mykje sams med målet i Aust-Telemark, men det nedre liknar vikværsk, med je og hestær der det øvre har e og hestar, og jamningformer som dei Flor nyttar i dikta, kånå (kona), skråttå (skrottar) og kåmå (koma).

«Tidlegare var det slik at på Rostad, som er den sønste garden i Rollag, så snakka dei rølling, medan på Rebberud som er den nørdste i Flesberg, så snakka dei flesberging. Her møttes fjellbygdmålet og flatbygdmålet i eit skarpt og markant skilje», skreiv Even Tråen i Rollagmålet (1997), og la til, for snart eit kvart hundreår sidan: «I dag er nok dette skiljet vaska ut ein del. Eg trur at dialekten i Rollag er sterkt truga. Om få tiår er det sannsynleg at særpreget i talemålet vårt er borte.»

I Rødberg i Nore forsvann dialekten alt for hundre år sidan, med anleggstida og kraftutbygginga, om lag som på Notodden då Hydro kom dit, men ikkje til Heddal. På vegen frå Rødberg til Rollag møter eg ei kvinne som fortel:

– I Rødberg er det ikkje dialekt. Det kjem av anleggstida. Men berre få kilometer i kvar retning byrjar dialektane att. Du treng ikkje køyra lenger ned enn til toppen av Norefjorden [4 km], så vert det dialekt. Og mot Uvdal byrjar dialekten når du kjem til Fønnebøfjorden [3 km]. 

Te Nils bli lei tå brennevin

Dikta er mellom dei på norsk frå dansketida som Ivar Aasen ikkje kommenterte, av di dei ikkje vart kjende før folkeminnesamlaren Tov Flatin (1878–1945) publiserte dei i Gamalt fraa Numedal (1913). Det fyrste er skrive i ein sjanger som dominerte på 1700-talet, brureverset, med undertittelen «Æit vælmæint brureønsje ytta tå æin rolling» (ytta: ytra; rolling/rølling: ein frå Rollag, uttala Røllag). Paret gifta seg i 1743. 

Her kjem dei åtte opningslinene, med nokre ordforklåringar fyrst (frå Kjell Venås, Den fyrste morgonblånen, 1990): spånå: noko som er spunne eller skal spinnast; Fekjan: Fekjan i Flesberg (heimstaden til brudgomen, drygt to mil sør for Rollag prestegard); kjøne: tjørnet; tone: tunet; Laugen: Numedalslågen; timerstokk: tømmerstokk; kål-ve-knupp: ein kubbe av kol-ved (nedover Lågen fløytte ein ved til å brenna kol av).

Gud lat den gjæve mann mæ si den onge kånå

so længje leva væl som jientun spine spånå

So længje Fekjan stæn å fisk ti kjøne æ

So længje som ei gjeit på tone ropar bæ

So længje som dæ flyt æin timerstokk ti Laugen

So længje som dæ flyt æin kål-ve-knupp ve Haugen

Te N N Nils han bli rett lei tå brennevin

Te Ivar Haugen bli rett mætt tå ævi grin

Skoginspektøren

Bonden, som diktet er lagt i munnen på, ynskjer på vand vis brureparet æveleg kjærleik, men illustrerer det med uvant kvardagslege, friske og lokale bilete. Flor var heime. I motsetnad til ein del andre dialektdikt frå 1700-talet, skrivne av embetsmenn som hadde studert i København, og lagde i munnen på ein lokal bonde, handlar humoren her ikkje om å le av bonden, men med han. 

Eit anna dikt handlar om same paret, skrive for å ynskja dei velkomen heim etter bryllaupsreisa. Tittelen, det einaste danskspråklege i dikta, lyder «Til de sammes hiemkomst til deres Boepæl Moen i Nommedal 1 Maaned efter Bryllupet». Brudgomen, Tord K. Fekjan, var ein svoger av diktaren. Han hadde vore gift med Augustinus Flors storesyster, som døydde ung, truleg i barsel, og når han no gifta seg att, med dotter til futen, skreiv svogeren dikt.

Fekjan, Fikken mellom vener, var ein viktig kar for Florane. Han var son til lensmannen i Rollag og hadde sjølv ei overordna stilling ved Kongsberg sylvverk som skoginspektør, mellom anna med ansvar for skogane til prestegarden. Fekjan var, ifylgje Rollag bygdebok, band 2 (1989), «ein av grunnleggarane av systematisk skog­skjøtsel her i landet». 

I 1743 var sylvverket inne i dei 30 beste åra i den nær 400-årige soga, med opp mot 4000 tilsette, med bygging av Kongsberg kyrkje og ein veksande velstand som kom Numedal til gode. Folketalet i dalen voks til om lag 3000 innbyggarar, om lag som i stordomstida før Svartedauden. Etter pesten hadde det vore nede i 700. Skogane hadde vakse seg store, og dei vart no ei god inntektskjelde for soknepresten. 

Florentinaren Flor?

Ein tolv år eldre bror av Augustinus, Peter A. Flor, laga vers, han òg, på dansk, og vart prest, men vert i dag hugsa i norsk musikkhistorie av di han skreiv ei notesamling i 1722, berre 15 år gamal, medan han gav undervising i fløytespel, etter at han sjølv hadde vore undervist av far sin, soknepresten i Rollag.

Brørne skal ha vore prestar i sjuande generasjon. Ulike kjelder fortel at dei nedstamma frå ein italiensk prest som på 1500-talet vart protestant og flytta til eit luthersk land, Noreg. Oldebarnet Augustinus (1607–68) var sokneprest i Våle i Vestfold, eit kall sonen Ambrosius (1639–83) tok over, om lag då dei tok i bruk slektsnamnet Flor, etter den florentinske stamfaren.

Ambrosius fekk ein son, seinare far til Peter og Augustinus, som i 1694 kom til Rollag som kapellan, og som snart gifta seg med den 16 år gamle dottera til soknepresten. Då far hennar døydde i 1713, tok Flor over som sokneprest i Rollag, eit kall han hadde til han sjølv døydde i 1735. Paret fekk i alt 18 born.

Sonen Augustinus Flor vende attende til Rollag som kapellan etter studia i København. I 1743, medan han skreiv dei norske dikta, kjøpte han att garden dei no døde foreldra hadde eigd. 

Dialektinnsamling

Dei fleste versa vart truleg skrivne det året. Kva fekk 24-åringen til å dikta på dialekt? I 1743 fekk alle danske og norske prestar tilsendt ei liste med 43 spørsmål frå det kongelege kanselliet i København, mellom anna om fornamn som vart nytta lokalt, om «rare [uvanlege] Ord» og «deres Betydning i andet brugelig Dansk».

Då liknande innsamlingar vart gjorde i 1622 og 1698, resulterte det i ei rekkje ordsamlingar, men nokre dialektvers òg. Medan biskop og sokneprest sende ordlister, nytta ein ambisiøs kapellan dialekten i ei bryllaupsvise. Døma er mange på unge embetsmenn som skreiv konge- og bryllaupsdikt i von om forfremjing. Rollag sokn hadde vorte eit rikt og attraktivt sokn. Å bidra med dialektvers til den kongelege ordinnsamlinga var som ein søknad om soknekallet.

Ein ung kar som i 1698 utmerkte seg med ei ordliste, og truleg ei vise, var filologen Jacob Rasch (1669–1737), onkel til bygdemålsdiktaren Michael Heiberg (ca. 1705–1757). Til eit bryllaup i 1734, med Rasch som gjest, skreiv Heiberg den kjende visa «I rjukandes ovær å fykandes vind». Visa stod modell for Flor då han ni år seinare skreiv bryllaupsdikta sine. Som Heiberg la Flor diktet i munnen på ein bonde som var til stades på ein bryllaupsfest hjå embetsklassen.  

Ein språkleg pioner

Florane etablerte ikkje ein lang prestetradisjon i Rollag slik dei hadde gjort i Våle på 1600-talet. Ingen av sønene tok over som sokneprest i Rollag etter faren – som hadde tent som kapellan i Rollag i 19 år før han vart sokneprest.

Då han døydde, var Augustinus 16 år, og då kallet vart ledig att i 1752, var han ein kapellan på 33 år, med strevsame reiser til kyrkjene nørdst i soknet, i Nore og Uvdal. Men nei, ein annan vart vald til sokneprest. Det var framleis gode tider på sylvverket då Flor i 1763 takka ja til eit kall i Danmark, kort veg frå København, på Midt-Sjælland, der storebror Peter hadde vore prest nokre år. Der verka litlebroren som kapellan til han døydde i 1787, 68 år gamal. Dei norske dikta hans frå 1743 hadde ikkje gjeve han geistleg framgang, og dei vart gløymde i 170 år. 

Men i det kvarte hundreåret han budde utanfor København, var det fleire skrivande nordmenn som fylgde i dei språklege spora hans. Tidleg på 1770-talet, få mil unna, skreiv den 30 år yngre Edvard Storm dei anerkjende dølavisene sine, medan Thomas Stockfleth gav ut langdiktet «Heimatkomsten», på gudbrandsdalsmål, det òg. 

Og i 1784, tre år før Flor døydde på Sjælland, gav presten og språkforskaren Marcus Schnabel ut den skilsetjande avhandlinga som for fyrste gong synte at norsk ikkje var pervertert dansk, men eit framhald av norrønt mål. 

Fekk Flor med seg vendepunkta versa hans peika mot? Truleg ikkje, for dei nye tonane frå Storm, Stockfleth og Schnabel vart ikkje kjende før kring 1800. 

Vonleg fekk Flor ein god alderdom på Sjælland, kan henda betre enn han kunne ha fått i Rollag, for i 1770 var dei gode tidene over i Kongsberg, fylgde av krig og naudsår etter hundreårskiftet, og med kvart omfattande utvandring frå Numedal til Amerika. Ei ny oppgangstid i Numedal synte seg ikkje før etter nok eit hundreårsskifte, då vasskraftutbygging og jarnbane nådde dalen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis