JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ei øy av stille på fattigkassa

BORGØYA: Torsdag stoggar MS «Rotvær». Dei fastbuande mistar då lovpålagde kommunale tenester. Fylket tilbaud midlar ut året, men skyssbåtselskapet takkar nei til ei kortsiktig løysing. Dei kan ikkje driva frå månad til månad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Terje Hettervik, med slektsrøter på Borgøya, eig og driv skyssbåten «Rotvær», som syter for at Borgøya-buarane kjem seg til og frå fastlandet. No har han lagt båten ut for sal etter at det vart varsla at all offentleg stønad ville forsvinna frå og med fyrstkomande torsdag, 1. juli.

Foto: Håvard Rem

16484
20210625

Hauga-landet

Håvard Rem fortel
frå fortid og notid.

Flatemål: 1400 km2

Folketal 2020: 100.372

Folketal 2050: 106.591

Fylke: Rogaland

Kommunar: Utsira, Karmøy, Haugesund, Bokn, Tysvær og Vindafjord

28. mai:
Del 1. Utsira

4. juni:
Del 2. Karmsund

11. juni:
Del 3. Komle

18. juni:
Del 4. Ferkingstad

Del 5. Borgøya

Distrikt

havard@dagogtid.no

Haugalendingane pratar. Dei har mykje å fortelja. Kysten er ein møtestad. Dei kjem heim frå havet, frå Amerika, ja, heilt frå Haugesund. Kva har ikkje hendt? Drosjesjåførane sit ikkje tagale, men spør og fortel.

Står ein i kø, kjem ein i prat. Framande vert ikkje møtte med ein mur av tagnad. Nordøsterdølane lyt fyrst føla seg fram for å venja seg til menneske og munnbruk att, naturleg i eit fjelldistrikt med eitt menneske per kvadratkilometer. Dei nølande opningsminutta er her på Haugalandet reduserte til opningssekund. Så er ein i gang.

Ordskya

Haugalendingane pratar når det ikkje er meir å prata om òg. Det er vorte kveld, vitjinga er over, og ein tek avskil ute i gangen, dei siste orda heng i lufta og sig mot golvet, men under taket heng ei lampe, og då er det som om ein har sett ljoset. Tilleggsminutta kjem som ein hektisk monolog om taklampa. Kvar og når vart ho kjøpt, og har ein ikkje sjølv hatt ei slik?

Er folk i dei inste dalane meir fåmælte? Utsegnene er stuttare, og punktuma kjem tett, som hjå Tarjei Vesaas frå Vinje. Det er tryggare å lytta. «Sjølv den dumme vert rekna for vis når han teier, og klok så lenge han held munn», heiter det i Salomos ordtak (17,28). Orda gjer ein så synleg.

Og slik dølen kan skjula seg i stilla, kan haugalendingen skjula seg i ei ordsky. Alle orda gjer ein usynleg. Det er tryggare å skravla, gøyma andletet – eit fjell av tagnad, ei øy av stille ­– i ei ordsky.

Er kyst ord og innland stille? Kva er då det indre Haugalandet, dit me dreg i dag? Me har så langt i serien vore mest ved kysten, og no er me langt inni Tysvær. Men saltvatn krinsar framleis vegen. Fjordar skjer langt inn i landet. Eg er på veg til ei lita øy i Skjoldfjorden, Borgøya. Det hastar å rekka skyssbåten dit, det einaste sambandet med fastlandet, for frå 1. juli, fyrstkomande torsdag, tek driftsstønaden frå Tysvær kommune og Rogaland fylke slutt og MS «Rotvær» forsvinn.

Tysvær-kvekarane

Og fjordane – er dei kyst eller innland, prat eller stille? På Stakland, mellom Tysvær og ferjeleiet i Steinsvik, står Kvekarhuset frå midten av 1800-talet. Her har dei dyrka stilla. «Kvekarane», fortel Norsk allkunnebok, «har ikkje faste prestar eller gudstenestor, men kjem saman til stille bøn. Byd Anden nokon å tala eller syngja, vert det gjort, elles går dei stille frå kverandre.»

Silent meeting «kan holdes overalt og trenger ikke noe egentlig lokale. I stillheten taler Gud, om man bare lytter», skriv Store norske leksikon. Dei har «ingen spesiell lære om hva som skjer etter døden; noen mener at det finnes et liv etter dette, mens andre mener at det ikke gjør det», legg Wikipedia til.

Kvekarane har vore mange her i Tysvær. Melde dei seg ut av samfunnet, om lag som dei få fastbuande som er att på Borgøya, eller er det storsamfunnet som har meldt dei ut?

Venesamfunnet mottok i 1947 Nobels fredspris av di kvekarane har vore pionerar «i striden for samvitsfridom, menneskerettar, utvida røysterett», mot «slavehandel og slaveri, og for å betra kåri for fangar og sinnssjuke».

Her var det kvekarar tidleg på 1800-talet, etter napoleonskrigane, då folk vende heim frå ’prisonen’ i England ­–?der dei fekk hjelp av venesamfunnet, i England skipa alt kring 1650. Mest kjend av prisonfangar i norsk soge er hovudpersonen i eit dikt av Henrik Ibsen, «Terje Vigen», som kom forandra heim, prega av kvekarkvalitetar som stille, alvor, einsemd og pasifisme.

Dei største venesamfunna i Noreg oppstod i Stavanger og i Tysvær. Dei heldt gravferd utan seremoni, dei nekta å gjera krigsteneste og å sverja truskap til kongen. Av di dei vart forfylgde av styresmaktene, utvandra kring 50 kvekarar frå Rogaland til USA alt i 1825. Stavanger-lyden vart med kvart tolerert og medverka til dissenterloven i 1845, men Tysvær-lyden møtte motstand lenge. Soknepresten i Skjold kalla det lokale venesamfunnet eit «modbydeligt Foster – vild, ulovbunden Republicanisme eller endog Aanarchie».

Borgøyhatten

Frå Kvekarhuset er det ei dryg mil til Steinsvik. Sjåføren har halde praten i gang sidan me forlét Haugesund. No svingar me av fylkesvegen for å koma ned til ferjeleiet. Der har han ikkje vore. Når han til dagleg køyrer skulebussen, svingar han ikkje ned dit, for det bur ikkje skuleborn på Borgøya.

Raude «Rotvær» fossar inn i vika. Kaptein og eigar er Terje Hettervik. Mange folk og stader på øya heiter ein variant av namnet. Som Lars Hertervig. Som Hattarvågen, Hattarvik eller Hattavika, der ferja legg til på øya. Kva kjem namnet frå? Øya er dominert av eit høgt fjell, hatteforma som Torghatten, Trollhatten og Snøhetta, som dei mindre hatteholmane nord for Borgøya. Og sjølve øynamnet? Det kjem ikkje av ei gamal bygdeborg, men av fjellet, det òg – øya får ein borgliknande profil av den 292 meter høge Borgøyhatten.

Det er høgt på ei øy på berre fire kvadratkilometer. Det er like høgt som sjø- og landemerket Boknfjellet på ei nær ti gonger så stor øy i nabokommunen.

Terje Hettervik

Terje Hettervik har stått for båtskyssen i ti år, i halv stilling. Den samla driftsstønaden på kring ein million kroner stod tidlegare fylket for, men då fylket reduserte stønaden i 2015, gjekk Tysvær kommune inn med ein tredel. Lovnaden var då at så lenge det budde folk på Borgøya, skulle dei ha skyssbåt.

Resten av arbeidstida driv Hettervik Borgøy Sjøhus med restaurant og utleigebustader. I styrhuset på den dieseldrivne, 49 fot store og tjue tonn tunge sjarken frå 1983 fortel han:

– Far min voks opp på Borgøya. Besteforeldra mine budde her til dei var 90 år gamle. Som vaksen flytta far min som fiskar ut til kysten, til Susort ved Kårstø, der eg voks opp.

Barndoms- og besteforelderøya har vorte yrkeslivet hans. Kor mange fastbuande er det att på øya? Han seier:

– I tider med heimekontor og nedstenging, som det no har vore i halvtanna år, er det ikkje noko skarpt skilje mellom bustad og fritidsbustad. På det meste har folketalet vore kring 80, kan henda 100. Då tenkjer eg på fastbuande. I dag er det ikkje så mange, men om ein reknar med fritidsbustadene, har det aldri vore så mange menneske på Borgøya som no. Berre i fjor kom det fem ny bustader her. Me har eit pendlarpar som byggjer ny bustad. Og fleire, både par og einslege, har busett seg i fritidsbustaden sin på øya. Og me har eldre som har budd her heile livet.

Det er ei øy av stille, og somme søkjer det ­– me menneske er mangfaldige. På Karmøy bur nær hundre gonger så mange personar per kvadratkilometer som på Borgøya.

– Om vinteren er folka her heilt avhengige av båtskyss, fortel Hettervik.

Tidleg i år byrja Hattarvågen å frysa til. MS «Rotvær» køyrde opp råka kvar fjerde time. Til slutt lét det seg ikkje gjera, men Terje Hettervik klarte å halda ei råk open over sjølve fjorden, frå Steinsvik til Vintrastø.

«Rotvær», april

Då isen gjekk om våren, tårna større problem seg opp som isflak. I april vedtok Tysvær kommune å kutta sin del av driftsstønaden til «Rotvær» frå 1. juli – ein vonlaus dato for båt- og Sjøhus-eigaren. Hettervik freista å få til ei mellombels forlenging, til hausten, då fylket etter planen skal handsama saka. Men nei, kommunen sa nei.

Hettervik la då båten ut for sal på Finn.no: «MS Rotvær vurderes solgt. Båten ble 5 årsklasset i sept 2020 og er i svært god stand, Rotvær er i daglig drift som taxibåt frem til utgangen av juni, så kan ikke leveres før i juli måned. Har blitt brukt som 12 manns taxibåt siden 2008. Kan føres med fritidsbåt skipper sertifikat D5. Hasle Summer Fun følger ikke med. Mer info og utstyrsliste, ta kontakt med Terje 90841440.»

Sumaren og gjestene er no éin ting. Kva med vinteren og dei fastbuande, pendlarane, dei som legg fiber på øya, feiaren frå fastlandet, heimehjelpene? Det fyrste eg såg på ferjeleiet i Steinsvik, var ein plakat: «Tysvær kommune har vedtatt nedleggelse av Borgøy Skyssbåt. F.o.m. 1. juli 2021 har Borgøy ingen offentlig transport til fastlandet! M/S Rotvær er nå lagt ut for salg. Haugaland Skyssbåt AS.»

Ei øy av stille har vorte ei øy av protest. Borgøyhatten er hylla inn i ei opprørsk ordsky. I Haugesunds avis skreiv Magnus Skrunes, «hytteeier på Borgøy, med egen båt, og båtplass i Steinsvik, heldigvis»: «Jeg tenker på Gudrun som får hjemmehjelp, som er til legekontroll ofte. Hva skal framtiden gi henne? Og sønnen Oddgeir, må han slutte med sveiseverkstedet sitt nå? Roald og Hanne Karin som nettopp har flyttet inn i nytt hus. Joda, han har egen båt. Men han er jo pensjonist. Skal han måtte opp grytidlig for å føre Hanne Karin over så hun kommer seg på jobb i politihuset? Cecilie og Bjørn Egil, Jan og Anne Karin, Knut Olav og alle de som kun har båtplass på øynå, hvordan kan de ordne seg skyss for fredagene framover, og hjem igjen søndagen? For ikke å nevne de som ikke har båt, hva med de?»

Fattigdomen

Er det eit offentlig ansvar at eit øysamfunn utan bru har fastlandssamband? Kan ein avvikla tilbodet no i eit valår med distriktspolitikk som viktigaste valsak, månader før eit stortingsval der vinnaren ser ut til å verta eit parti med distrikts­politikk som hovudsak?

For førti år sidan budde eg eit års tid i Tvedestrandfjorden, på ei anna øy av stille, av same storleik som Borgøya. Ho var utan bru, men kvar dag gjekk rutebåt med gods og menneske til småhamner på øyane og fastlandet. Tre brør dreiv båten som far deira hadde bygd rett før krigen. Rutebåten var så viktig at han vart teken over av NSB-relaterte Aust-Agder Trafikkselskap (sidan Nettbuss og Vy Buss).

I dag går ingen rutebåt, ikkje av di det har kome bru, men av di det ikkje finst pengar. Rutebåten hamna på fattigkassa. Trafikkselskapet kvitta seg med passasjerfartøyet kring 1990, på den tida straum og telefoni vart privatisert, og sidan har sjukepleiarar kryssa fjorden med påhengsmotoren sin i stummande mørker når dei dreg på nattevakt på fastlandet midtvinters.

«Rotvær», mai

Etter at kommunen trekte stønaden og Hettervik la båten ut for sal, kom saka opp i samferdsleutvalet i Rogaland fylke tidlegare denne månaden, få veker før skyssbåttilbodet ville forsvinna.

Til liks med kommunen og båteigaren sette fylket hardt mot hardt. Fylket ville stogga dei to tredelane av driftsstønaden som fylket hadde stått for, og overlata heile rekninga til kommunen, som alt hadde varsla å stogga sin tredel. Eit argument har vore at ansvaret til fylket ikkje omfattar ei øy utan skuleborn, men Tysvær-ordføraren har meint at fylket sikrar hurtigbåttilbodet til andre øyar utan skuleborn.

Me har fortøydd inst i Hattarvika, ved Sjøhuset. Hettervik ristar på hovudet:

– Ein borgøyar som driv eit større firma, bur for det meste i Stavanger, men firmaet har han registrert med adresse her på øya, og han betalar meir i skatt til Tysvær kommune enn det kostar å drifta skyssbåten. Han har sagt at om skyssbåten vert lagd ned, flyttar han firmaet.

Men midt i juni kjem meldinga. Fylket lovar pengar, ein halv million for eit halvt år, frå 1. juli til 31. desember. Kommunen slepp unna, og Hettervik, vil han trekkja båten frå Finn.no?

Alle partar har nok visst at ein ikkje kunne avvikla tilbodet, men alle har sett hardt mot hardt i von om å koma best ut av den løysinga som ville tvinga seg fram same kva. Den store kostnaden, som korkje kommune eller fylke kan taka, er den destruktive uvissa dei har levd med i nokre månader, dei som er avhengige av skyssbåten.

Og så, til hausten, før den førebelse løyvinga og løysinga tek slutt, skal fylke, kommune og båteigar synfara Borgøya og prata seg til ei vonleg meir varig løysing. Ein politikar har lufta ein idé om kabelferje – utan mannskap. Løn er det me ikkje har råd til her i landet. Men vil Hettervik driva vidare med ein horisont på eit halvt år?

Lars Hertervig

Nord på Borgøya veks furuene ned i sjøkanten, og sør på øya ligg blankskurte svaberg av granitt. Mellom furu og granitt går ein oppmerkt kultursti som krinsar om fødestaden til kunstnaren Lars Hertervig. Her vart han fødd i 1830, to år etter Henrik Ibsen og to år før Bjørnstjerne Bjørnson, som den tredje i ein syskenflokk der ni av borna voks opp.

Då han nådde skulepliktig alder, var kvekarforeldra hans leie av trakasseringa i Tysvær, selde småbruket på Borgøya og tok med seg borna og våningshuset for å slutta seg til det større og meir tolererte venesamfunnet i Stavanger. Dei drog ikkje vidare til Amerika då utvandringa av kvekarar frå Stavanger voks i omfang kring 1850.

Men sonen drog utanlands på den tida av di han teikna som ingen annan. Han drog til «Brudeferd i Hardanger»-Gude i Düsseldorf, læraren hans som sa at Hertervig var den eleven han venta seg mest av, meir enn av Niels Bjørnson Møller, Hertervigs studieven frå Christiania-åra som då måla eit portrett av venen, teknisk mangelfullt, men fullt av uttrykk og kjensler, eit portrett som i dag er det einaste som står att etter Bjørnson Møller, trass i at han i si levetid vart alt det Hertervig ikkje vart: ein suksess med utanlandsstipend og utstillingar i Paris og Berlin, Wien og Chicago.

Men med hundreårsskiftet vart han gløymd – av di han berre utvikla seg innanfor rammene til samtida. Motsett med Hertervig: Han vart gløymd medan han levde, og oppdaga og attoppdaga gjennom heile 1900-talet –?av di han sulla for seg sjølv dei siste 40–50 åra av livet og utvikla seg slik ein berre kan gjera utan anerkjenning.

I hundre år var forklaringa at han var sjuk på sinnet. For 50 år sidan kom ei ny tilnærming: Han var ikkje sjuk, han var modernist. Dei siste tiåra har nok ei forteljing utvikla seg: Då han sist i tjueåra valde å leva i stille og einsemd resten av livet, fleire år på Borgøya, mange år i Stavanger, var det for å leva etter barnetrua og kvekarideala. I langdiktet «Lars Hertervig» (Den usynlige regnbuen, 1981) skriv Stein Mehren:

Og det skinner ennu av hans ensomhet

fordi den minner oss om det opprinnelige i oss

En uskyld vi har ødelagt hos hverandre

Lars Hertervig er vår van Gogh. Over bileta hans fer nasjonal- og nyromantikk, impre- og ekspresjonisme som skuggar frå siglande skyer, som timar i døgeret, men verket hans er større enn trendane han forlét, før han sjølv forlét livet som fattigkasselem i Stavanger i 1902.

Berre tolv år etter, under Jubileumsutstillinga i Kristiania i 1914, vart han høgt verdsett, og hundre år etter kom boka Blått sug (2002), med eit rikt utval av bileta hans og dikt av Helge Torvund. Eitt av dei kan me lesa i ljos av Borgøya, av Lars Hertervig, av «Borgøya» av Lars Hertervig, av MS «Tysvær» som tek oss frå ordskya på fastlandet til ei øy av stille.

Den stilla som oppstår

når skyene famnar ein fjelltopp.

Desse gråbrune, raudblåe svaberga

elskar føtene og augo.

Ligg litt her

og la stilla sirkla

innover øyresvingane.

Det skal reisast ei borg

eit fjell

ei øy av stille

der du kan koma

med all di uro.

«ROTVÆR», JUNI

Roa har ikkje senka seg over Borgøya, trass i fylkets naudlausing med driftsstønad til MS «Rotvær» ut året. For no har saka teke ei ny vending. Haugaland Skyssbåt AS, der Terje Hettervik er dagleg leiar, vel å avvisa tilbodet frå Rogaland fylke.

– Me står føre ei større, heilt naudsynt investering, og kan ikkje driva verksemda frå månad til månad. Difor vel me å slutta no frå torsdag.

– Kva for tilbod kunne Haugaland Skyssbåt ha vurdert å takka ja til?

– Fylket har varsla ein ny rutebåtstruktur i Rogaland i 2023, og for oss ville det ha vore eit krav at me fekk ein garanti om driftsstønad fram til då. Når eit slikt tilbod ikkje kjem, lyt me leggja ned. For fylket og kommunen er det meir komfortabelt å avvikla til nyttår enn no midt i fellesferien, men ikkje for oss. Eg unnar ikkje min verste fiende å leia ei verksemd med så liten tryggleik for framtida. Uvissa er øydeleggjande i seg sjølve, for oss og for dei som planlegg ei framtid på øya.

***

Dei som søkte stille på Borgøya for snart 200 år sidan vart tvinga til å forlata øya. Og no skjer det igjen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei nølande opningsminutta er her på Haugalandet reduserte til opnings­sekund.

Borgøy-hatten er hylla inn i ei opprørsk ordsky.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis