JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Den kverrsette høgtalaren 

DOHA: Då dei konfiskerte den berbare høgtalaren, skjøna eg at Qatar ikkje berre er eit muslimsk land, men salafistisk òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei lange korridorane i den nye metroen i Doha er utan bilete, reklame og musikk. Ro og stille rår.

Alle foto: Håvard Rem

11307
20220128

Qatar – del 2

Håvard Rem skriv frå Qatar, det vesle oljelandet som vert sterkt kritisert for brot på menneskerettane, men som i fjor var vertskap for samtalar mellom Taliban og USA, og som i november er vertskap for fotball-VM. 

21. januar. Del 1 – Med éin fot i fortida og éin i framtida

havard@dagogtid.no

Ein berbar høgtalar har eg hatt med meg til muslimske land som Pakistan, Syria, Malaysia, Indonesia – og Dubai, berre 60 mil frå Doha, på den same arabiske halvøya. Men her i Qatar vart han kverrsett. Kvifor?

Av di landet er salafistisk og difor dyrkar fromskap og stille. Av dei kring femti landa i verda der muslimar er i fleirtal, er salafisme statsreligion i berre to, Saudi-Arabia og Qatar.

Kva vil det seia at salafisme, ikkje berre sunniislam, er statsreligion? Med ei haltande samanlikning vert det som om norsk statsreligion på Eidsvoll i 1814 ikkje vart skriven inn i Grunnloven som evangelisk lutherdom, men haugianisme. Slik ein haugianar er ein særskilt from lutheranar, er ein salafist ein særskilt from sunnimuslim.

Somme av eidsvollsmennene var faktisk haugianarar. Men eineveldet og emiren i København stogga rørsla og fengsla leiaren. Forsamlings- og organisasjonsforbodet vart handheva om lag like strengt i Noreg den gongen som i Qatar i dag. 

I lufthamna

No vil eg fortelja om korleis innreisa til Qatar gjorde meg kjend med dei særeigne reglane i landet – særs strenge i utgangspunktet, mindre strenge i åra etter at den unge emiren kom til makta i 2013. 

Mange har eit eller anna dei helst vil ha med seg på reise. Sjølv plar eg ha med ein berbar høgtalar og ei flaske tran, godt for sinn og skin, høgtalaren om kvelden, tranen om morgonen. Øyrepluggar og omega-3-kapslar er nok enklare å reisa med, men eg er konservativ, og Qatar Airways er rause. Ein kan ha med 25 kilo.

Då eg vog den ferdigpakka kofferten, var det mange kilo att, så på tampen la eg i to jolegåver til nyårskvelden, som for meg kom i Qatar, ei flaske champagne og ei pakke sigarar. Like rause er ikkje innførslereglane. Dei vert presenterte bakarst i Arabia-bøkene, så dei fekk eg ikkje granska før på flyet. 

Fleire stader i lufthamna i Doha vart kofferten skanna, men ikkje kropp og klede. Det skjøna eg ikkje. Tjue meter frå utgangen vart eg vinka inn i eit siderom. 

– Set kofferten der, sa ein uniformert kar og peika på den låge ståldisken mellom oss.

Eg var i tollen no. Det var midnatt. Andre hadde uhindra gått vidare til innkomsthallen. 

– Har du med noko ulovleg, spurde tollfunksjonæren.

Eg såg uvitande på han, men han såg ikkje uvitande på meg. Frå skannestasjonane hadde tollen fått melding om funn. 

– Alkohol, spurde han.

Champagneflaska hadde kome for ein dag. 

– Ja.

– Du veit at slikt ikkje er lov å ta med seg inn i Qatar?

– Ja.

– Kvifor har du då teke det med?

– Av di eg ikkje vart klar over forbodet før eg var om bord i flyet.

Det var sant, og sant lydde det òg, trur eg. Bagasjen låg på slaktedisken. Kva no? Utan å opna kofferten gav han venleg teikn til at eg kunne gå vidare. Med eit lurt smil sa han: 

– Velkomen til Qatar! Ha eit fint opphald. 

Overraska gjekk eg mot utgangen. Kvifor? Av di funksjonæren var ung? Og ikkje qatarar? Av di eg hadde vore ærleg? Av di Qatar har vorte meir liberalt etter at den nye emiren tok over? Av di ein ynskjer eit godt omdøme før fotball-VM? Av di landet satsar tungt på turisme og vil leggja alt til rette for gjestene?

Stilla rår på dei amerikanskinspirerte kafeane òg, her i den velståande bydelen Mushaireb sentralt i Doha.

Til hotellet

Ved hotellinngangen vart kofferten skanna, der òg. Som i lufthamna fekk eg sjølv passera uskanna. Vaktene var to særs høflege afrikanarar. Eg byrja å gå mot lobbyen, men dei bad meg venta:

– Me såg konturar av ting det truleg ikkje er lov å ha med seg inn på hotellet, så me vil no be deg opna kofferten.

Øvst låg pakka med sigarar, Montecristo No. 4. 

– Vil de ta sigarane, spurde eg.

Av di vasspipe er så vanleg i Qatar, er røykjereglane etter måten liberale. Den eine vakta rista på hovudet og sa:

– Nei, nei, tobakk er tillate, men me såg mellom anna ei flaske.

Handa mi leitte djupt i kofferten og kom opp med ei glasflaske. ?Medan vaktene granska den norskspråklege etiketten på den grøne tranflaska, sa eg:

– Det er olje frå fiskelever, utan alkohol. 

Dei leit på meg og kverrsette ikkje tranen. Det var natt, eg var gjest, og dei var ikkje qatararar. Eg var i ferd med å lukka kofferten då ein av dei stogga meg:

– Me såg meir.

– Kva då, spurde eg og tenkte at dei no var ute etter champagnen. 

– Ein høgtalar. 

Handa mi kom opp med høgtalaren, ikkje større enn ei samanrulla T-skjorte.

– Det er ikkje lov å ha med seg høgtalarar på rommet, forklarte han. 

– Du får han attende når du sjekkar ut, sa den andre vakta og gav meg ei kvittering.

Stilla

Fromskap er eit stikkord. Eit godt døme er alkoholforbodet, som i gamal jødedom berre omfatta prestar og særleg fromme folk, men som i islam omfattar alle. Sharia-utgåva av Moseloven kan vera streng. Men høgtalarforbod?

Fromme i mange kulturar dyrkar stilla, salafistane òg. Doha er noko så sjeldan som ein hovudstad nesten utan støy. Bøneropa er få og låge. Hotellet er utan muzak. Jamvel i basarsmuga i gamlebyen er det stilt, utan hoiande seljarar og innkastarar som mange stader elles i Midtausten. Opplaup av rasande menn møter deg ikkje i Qatar. Biltrafikken går utan tuting. Kjøpesentera nyttar låg eller ingen musikk, men røykjelse. Samtalane kring kaféborda er lågmælte. 

Stilla vert forsterka av den visuelle stilla. Det offentlege rommet er så å seia utan reklame. Kleda er utan støy, i det minste kleda til qatararane – kvite for karar, svarte for kvinner. Dei lange korridorane i den nye metroen i Doha er utan bilete og musikk. Kvifor?

Kvifor ikkje? For dei fromme er stilla der for å verna dei fromme tankane. Støy distraherer. Jau, eg kunne ynskt meg eit Oslo med like lite støy. Når ein i Doha lener seg attende på benken for å nyta stilla, høyrer ein berre eit lågt bulder i det fjerne. Det kjem ikkje frå minaretane, men frå alle byggjeplassane – som ein underjordisk støy frå dei to millionar framandarbeidarane. 

Romservering

Utan høgtalar kunne eg så sjekka inn og gå til rommet. Det var langt på natt. Etter få minutt banka det på døra. Ein kar, ikkje qatarar, kom inn og synte meg ein mobiltelefon. På skjermen såg eg ein barmeny. Valet stod mellom ein liten eller ein stor drikkepakke. 

– Kva ynskjer du, spurde han og byrja å lesa høgt innhaldet i pakkane:

– Coca-Cola, Heineken, Corona, Pellegrino. 

Trøytt avbraut eg oppramsinga og sa: 

– Liten pakke. 

Han noterte og gjekk. Endeleg kunne eg leggja meg. Det var tjue timar sidan eg stod opp heime.  

Etter ein halvtime banka det på døra att. No kom den same karen inn i rommet med ei serveringstralle. På tralla stod mineralvatn og øl i ein kjølar. Før han gjekk, underteikna eg rekninga på 500 riyal, om lag 1200 kroner.

Særs dyrt, og ei god inntektskjelde for det internasjonale hotellet, men ikkje berre det. Som i Noreg er det òg snakk om ei avgift, her ei avgift som ikkje kjem av omsyn til folkehelsa, men av religion, ein skatt som sharia-tru salafistar kan leggja på varer som er haram

Arabarane

Det er ikkje tilfeldig at salafismen, nett som islam, har røtene sine på den arabiske halvøya. 

At innvandrarar til Vesten no meir og meir vert kategoriserte etter religion og ikkje landbakgrunn, til dømes meir som «muslim» enn som «pakistanar» eller «saudiarabar», tåkelegg ein viktig skilnad. Skilnaden vert eg mint om når muslimske vener frå ikkje-arabiske land skildrar arabarar som rasistiske.

Ei slik oppleving formidla òg somme eg prata med i Qatar. Ein norskpakistanar heime sa ein gong: 

– For ein ikkje-arabisk muslim kan det vera betre å koma til Europa enn til Qatar.

Kva meinte han? Når einkvan presenterer seg som jøde, tenkjer me på både religion, kultur og etnisitet, medan me gjerne tenkjer at islam er multietnisk. Så enkelt er det ikkje. Nett som den jødiske identiteten rommar den arabiske identiteten både kultur, religion og rase.

Då eg for nokre år sidan såg arabarar gå i beduinbunad i Dubai, tenkte eg at det fyrst og fremst uttrykte kultur og etnisitet, og det gjer det, men det uttrykkjer religion òg. Islam er ein arabisk religion formidla på arabisk språk. Ein ikkje-arabar kan vera muslim i sinn, men ein arabar er muslim i både sinn og skin. 

Som mange av dei kristne fromskapsrørslene på 1700- og 1800-talet kom salafismen som eit ynske om å finna attende til Skrifta og den opphavlege religionen, men ikkje berre det. Salafismen kom òg som ei tilbakevending til islams arabiske opphav. 

Reformatoren Muhammad Ibn And al-Wahhab (1703–92) var sjølvsagt arabar, etnisk sett, frå den arabiske halvøya – ikkje berre språkleg arabar, som mange av dei me i dag kallar arabarar, frå arabiskspråklege land som afrikanske Egypt, Algerie og Marokko. 

Doha-brunsj

Siste akt i det fyrste møtet med Qatar gjekk føre seg under hotellfrukosten neste dag. Eg fann eit bord utandørs og forsynte meg med falafel og hummus frå den osmanske buffeen. På grannebordet var det meir drikke enn mat. Der sat tre godt vaksne qatararar i kvit nasjonaldrakt og røykte og drakk med båe hender. På bordet stod øl og whisky, kaffi og sigarettar. No gjekk det ikkje i vasspipe.

Qatar-litteraturen som fortalde om innførslereglane, fortalde om Doha-brunsjen òg. Stundom treng rike qatararar ein pause frå det fromme livet. Då dreg dei til eit av Dohas mange internasjonale hotell, der internasjonale reglar gjeld, og slår seg laus før dei neste dag vender attende til ein frommare kvardag.

Laus og laus – høglydte var dei aldri. Då eg kom ned til lunsj, sat dei der framleis. Oskebegera vart tømde, og små og store glas fylte, men den salafistiske stilla vørde dei. Lenge kunne dei sitja utan å seia eit ord, som om dei mediterte, før dei retta seg opp med eit rykk for å tenna ein ny sigarett og tømma eit glas til. 

Atikur frå Bangladesh

Ein ung framandarbeidar fekk meg til å sjå med andre auga på kverrsetjinga av høgtalaren.

På ei høgd over kulturbyen Katara, nord for Doha, ligg restauranten Boho, med utandørs servering og framifrå utsyn over Persiabukta. Hit kjem qatararar for å nyta ei vasspipe og ein matbit etter å ha promenert i kulturbyen. Staden har stil. To afrikanarar på kring 30 år venta ved inngangen, den eine var hovmeister, den andre synte meg eit ledig bord.

Så kom kelneren, ein velkledd, veloppseda og spedbygd unggut som synte seg å snakka godt engelsk. Eg kom i snakk med han medan eg tinga te og vasspipe. Han fortalde:

– Eg kom til Qatar for tre år sidan. 

– Kor gamal var du då?

– Sytten år.

– Får du skulegang?

– Eg er jo lærling her på Boho.

– Dreg du ofte heim?

– No kan eg dra om eg vil, men det vert sjeldan. 

– Så du trivst her? 

– Eg trivst mykje betre her enn i Bangladesh.

– Kvifor? 

Eg rekna med at han ville peika på fattigdomen i heimlandet. Svaret hans fekk meg til å tenkja på den berbare høgtalaren som låg i eit låst rom på hotellet, og på skilnaden mellom Qatar og Bangladesh, eit land på om lag same storleik som Hellas, men der innbyggjartalet nærmar seg 200 millionar. Atikur svarte:

– Av di det er så støyande i Bangladesh.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vaktene leit på meg og konfiskerte ikkje den grøne tranflaska.

Doha er noko så sjeldan som ein hovudstad nesten utan støy. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis