JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Noregs ukjende Sapfo frå 1750

Stine Lund-soga skulle vore avslutta førre veke, men så dukka det opp ukjende dikt, ein melodi og ein tidleg karakteristikk av diktaren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kannik i Stavanger. Her låg Stine Lunds gate fram til 1960-talet. Alle foto: Håvard Rem.

13713
20190830

Dialektferda. Del 8.

Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket fer i Ivar Aasens fotefar for å granska korleis norske dialektar lever i litteratur, vitskap og kvardagsprat, og for å møta songpoetar frå mange stader i landet.

26. april: Vennesla

3. mai: Bergen

16. mai: Oslo

24. mai: Vesterålen

31. mai: Torpo

16. august: Stavanger

23. august: Hå

30. august: Stine Lund

Teikning:
May Linn Clement

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

I to artiklar har me reist i Rogaland i spora etter dialektvisa «Reis dæg, Brita». Kven skreiv henne, skulemannen Jacob Rasch (1669–1737) frå Sør-Jæren eller organisten Stine Lund (1715–1761) frå Stavanger? Saka har vekt interessa til fleira forskarar, og nye Stine Lund-funn dei siste dagane gjer det naudsynt med ei oppsummering her i bladet.

Forskarane kjem ikkje til å gje slepp på Stine Lund, og norsk litteraturhistorie om 1700-talet må rydja plass til henne og Brita-visa.

Hovudspørsmål har vore: Var ho diktar? Dikta ho på dialekt? Og kven skreiv Brita-visa om ikkje ho? Denne veka kjem me nærare nokre svar. Me skal fylgja tre spor: tradisjonen, gatenamnet og dikta.

Tradisjonen

I 1956 fekk språkforskaren Didrik Arup Seip vita frå Stavanger Museum at «samtlige dikt av denne første dikterinne i Stavanger har vært ansett som tapt». Kring 1900 skreiv litteraturhistorikaren Andreas E. Erichsen: «Denne Kristine (Stine) Lund var ogsaa digterinde. Der existerer endnu en liden samling digte af hende.»

Men utsegner frå 1900-talet om ei kvinne som døydde i 1761, står ikkje sterkt åleine. Me treng noko meir handfast. I ein artikkel i den lokalhistoriske årboka for Rogaland, Ætt og heim, frå 1960 står det: «Kristine skrev også vers, – til og med gode vers, – og er Stavangers første og vel også eneste [sic] kvinnelige poet. Intet under at Stavanger bystyre har hedret hennes minne ved å oppkalle en gate etter henne: ‘Stine Lunds gate’.»

Gatenamnet

Men det finst inga Stine Lunds gate i Stavanger. Ho fanst. Det låg ein serveringsstad i Stine Lunds gate, nær Rogaland Teater, driven av Guri Ånestad frå Varhaug, med Claes Gill og Liv Ullmann som stamgjester. Då Guri Ånestad vart gravlagd i heimbygda i 1968, var det som om ho tok gata med seg, for samstundes bygde Televerket eit mausoleum av eit kontorbygg rett oppå den stutte gata. I dag vil nær sagt ingen nytta bygget.

Stine Lund var den fyrste kvinna som fekk ei gate i Stavanger kalla opp etter seg. Kvifor? Av di ho truleg var den fyrste kjende kvinnelege organisten i byen, kan henda i landet òg? Eller av di ho var diktar?

Er det eit teikn at gata hennar låg midt i stroket der diktargatene i Stavanger ligg? (To andre gatenamn er òg borte, Ivar Aasens gate og Aasmund Olavsson Vinjes gate, men det skal ikkje Televerket ha skulda for.)

Finst det ei skriftleg grunngjeving for valet av Stine Lund som gatenamn? Lokalhistorikaren Jan Gjerde bur i stroket. Han har ein kopi av innstillinga til gatenamnkommisjonen i 1861. Er Stine Lunds gate nemnd der? Gjerde svarar:

– Nei. Og grunnen er enkel. Stroket der gata vart lagd, der me er no, låg utanfor bygrensa fram til byutvidinga i 1866.

«Med Skarphed og Vid»

Kva med rapporten frå gatenamnkommisjonen i 1882, som finst i Byarkivet i Stavanger? Jau, der er Stine Lunds gade nemnd, men utan grunngjeving, som somme av dei andre nye gatene fekk, mellom andre fleire av diktargatene i stroket.

Men så finn eg ei innstilling frå 1880 med framlegg om gatenamn. «Ved endel af de foreslaaede Navne bemærkes», les eg. Grunngjevinga: «Stina Lund, Organistinde ved Domkirken [...], var en Digterinde, som med Skarphed og Vid kritiserede sine Samtidige i Byen.»

Inkje mindre. Dette er skrive 120 år etter at ho døydde. Kvifor var minnet om henne levande så lenge? Av di ho var ei kvinne som skreiv skarpe, maktkritiske dikt? Det var status å få gatenamn. Så seint som i 1948 vart det sutra over at handelsmann Ole Smith Ploug aldri fekk ei gate, medan «navn av betydelig mindre verd for byen forlengst er knyttet til byens gatenett». Som døme på «mindre verd» vert Stine Lund nemnd.

Dikta

Men kvar er dikta etter henne? Heldigvis har eg Nasjonalbiblioteket med meg på dialektferda. Der har dei gode ressursar. Forskingsbibliotekar Liv Kreken finn Stine Lund-vers prenta i 1810, i avisa Tiden, redigert av presten Niels Wulfsberg, som ni år seinare skipa Morgenbladet.

Wulfsberg ville ta eit oppgjer med anonyme «nettroll» for 200 år sidan og skreiv difor om ein klokkar i Stavanger domkyrkje som midt på 1700-talet «kneb og stak Aftensangs-Præsten» når han hjelpte han med å få på seg messehakelen, og som sidan skreiv eit satirisk gravskrift om presten, anonymt.

Anonym håning av avlidne menneske vanvørde Wulfsberg, som difor likte at «en gammel Pseudosappho i Stavanger» gjekk til åtak på klokkaren i dikt. «Med Skarphed og Vid» – som gatenamnkommisjonen skreiv sytti år seinare –?kritiserer ho klokkaren, ein av «sine Samtidige i Byen». Wulfsberg siterer:

Knib med Forstand

Din Overmand,

Vor Tempels hvide Lilie;

Tænk, søde Bro’r!

Din Magt beroer

Paa Øvrighedens Villie.

Kven var ifylgje Wulfsberg Stavangers Sapfo? Jau, det var Stine Lund, «saa var Rimerindens Navn», som «laa i poetisk Fejde» med klokkaren.

Alexander Kielland

Nina Korbu, bibliotekar ved Seksjon for sjeldne bøker og privatarkiv ved Nasjonalbiblioteket, finn Lund-dikt i eit hefte Alexander Kielland nytta då han skreiv siste boka si, Omkring Napoleon (1905). Der finst tolv sider med tre tekstar af Stine Lund, i ei handskrift langt eldre enn 1905, truleg frå kring 1800, ei handskrift ein må vera kyndig for å tyda. Det er norrønfilologen Børge Nordbø som tyder ei strofe av eit Stine Lund-dikt på minst atten strofer, med den holbergske tittelen «Den underiordiske Auction». Her er fyrste strofe, i lett oppdatert rettskriving, om den underjordiske auksjonen (sulsort er sysvort/svarttrost). Danserytmen i versa hennar fortel om ein diktar som mildt sagt forstod seg på musikk.

Jeg meg så enlig en morgenstund gikk

alt uti den lystige lund

hvor huldrenes surren, sulsortens musikk

meg lokkede i en blund. –

Da kom uti drømme de sælsomme ting

Mærk flittelig hva det var

Jeg syntes jeg dansede runden omkring

et kongelig slott så rar –

Kielland-sporet kjem me attende til. Kvifor sat ein av «dei fire store» og kladda i eit gamalt handskrive visehefte?

Tolv strofer av diktet er skrivne inn i heftet. Strofe 13–18 finst på eit laust ark som er bretta saman og lagt inn i heftet, som om skrivaren kring 1800 ikkje rakk å verta ferdig.

Den andre teksten er på prosa, på dansk, den òg, «Nye Aars Gratulation til Johanna Magrethe Smith», femten år yngre enn Stine Lund, fødd i Stavanger i 1730.

Men den tredje teksten af Stine Lund i Kielland-heftet er eit visedikt på ein rogalandsdialekt, «Reis dæg, Brita, gak aad Straannaa», eit av dei dialektdikta som Ivar Aasen fann og sette høgt på dialektferda si i 1840-åra, men han fann det i eit prent utan forfattarnamn og utgjevingsår. I Kielland-heftet er Brita-visa utstyrt med interessante fotnotar som gjer greie for person- og stadnamn i diktet, fotnotar som vonleg vil kasta ljos over namn forskarar har vore usamde om.

Margaretha Sundt

Var Stine Lund diktar? Ja. Dikta ho ikkje berre på dansk, men på norsk òg, på dialekt, hundre år før Ivar Aasen?

Kielland-heftet er ikkje det einaste som knyter Stine Lund til klenodiet Brita-visa. Stavanger Museum har ei handskriven visebok frå om lag 1780 som tilhøyrde ei anna stavangerkvinne, «Dydædle Jomfrue» Margaretha Sundt (1758–1816). Ho var tre år då Stine Lund døydde, og 27 år då ho gifta seg med kjøpmann Angell (bryllaupet stod i huset til kjøpmann Ploug, som altså – i motsetnad til Stine Lund – ikkje fekk ei gate kalla opp etter seg).

I viseboka er det to dikt af Stine Lund. Det har ikkje late seg gjera å få kopiar av dei, men Didrik Arup Seip nemner dei i ein artikkel i 1956. Det eine «er på 29 vers (de 5 første mangler)», skreiv Seip og heldt fram: «Diktet kan ha sin interesse, men synes ikke å vise noe særlig dikterisk talent.» Som eg var Seip på jakt etter dikt på norsk (dialekt) frå dansketida, så truleg er diktet på dansk, som dei andre Stine Lund-dikta. Kan henda er det ein lengre versjon av «Den underiordiske Auction»; det veit me førebels ikkje.

Det andre diktet af Stine Lund i viseheftet frå om lag 1780 er dialektdiktet Brita-visa. Men tilføyinga af Stine Lund kom til seinare. Kva tid? Det veit me ikkje. Skrifta liknar ikkje af Stine Lund-skrifta i Kielland-heftet som ein handskriftkjennar har datert til eldre enn 1840.

At Stine Lund var danskspråkleg diktar kring 1750, er sikkert. At ho dikta på dialekt, er ein tradisjon som i det minste går attende til 1840.

Jacob Aaland

Kva talar for og kva talar mot at Stine Lund skreiv på dialekt og dikta Brita-visa òg?

I 1916 fekk Universitetsbiblioteket ei samling viseprent, bunden inn som bok, av husmannsson og statsstipendiat Jacob Aaland (1865–1950) frå Stryn. Dei fleste viseprenta er på dansk, men somme er på norsk. Boka har vore borte nokre år. Gleda var stor då ho i førre veke vart funnen att i Nasjonalbiblioteket.

Eitt av dei norskspråklege viseprenta er Brita-visa, eit eksemplar av same prentet som Ivar Aasen såg og skreiv godt om i 1844. Bergen bibliotek har eit eksemplar òg, og dei tidfestar det udaterte prentet til ca. 1758, med andre ord frå dei åra Stine Lund dikta. Dei fleste daterte prenta i Aaland-samlinga er frå kring 1760, men eitt av dei er frå 1718. Ein papiranalyse kan truleg tidfesta Brita-prentet meir presist.

Målføret

Språkforskarane er usamde om kva dialekt Brita-visa er dikta på. Aasen heldt det ope; han lokaliserte dialekten til «Ryfylke eller Stavangers Omegn», som for han omfatta Sør-Jæren òg.

Men Didrik Arup Seip hevda at det var skrive på stavangersk bymål, i ein tvilsam sirkelargumentasjon der han meiner dei sa okke (oss) i Stavanger by på 1700-talet, av di han finn okke i Brita-visa. Det einaste andre haldepunktet han hadde, var dialekttekstane til Jacob Rasch (1669–1737) frå Kvalbein mellom Jæren og Dalane, tekstar Seip meinte var skrivne på stavangersk bymål, dei òg.

I seinare år har språkforskarar argumentert for at både Brita-visa og Rasch-tekstane er skrivne på ein dialekt frå stroket Sør-Jæren/Dalane, ikkje frå Stavanger.

Men ei endeleg lokalisering av dialekten vil ikkje naudsynleg avgjera diktarspørsmålet ein gong for alle, for jamvel om Stine Lund var fødd og voks opp i Stavanger, med foreldre som voks opp i same by, kan ho ha hatt kjennskap til andre rogalandsdialektar. Ho budde i ein innflyttarby. Kielland-slekta var innflyttarar. Dei kom frå den gamle handelsstaden Sokndal i Dalane.

Kona til lokalhistorikaren Jan Gjerde kjem frå Sokndal i Dalane, ho òg. Det fyrste ektemannen seier når han les opningslina i Brita-visa –?«Reis dæg, Brita, gak aad Straannaa» ­–?er:

– Strånnå! Det er i Sokndalsstrand, det. Det er berre der det heiter Strånnå.

Namnet vert framleis nytta. Somme sokndølingar klipper seg hjå Strånnå Frisør.

Henriette Scheldrup

I den prenta utgåva av visa om Brita frå Valaas står ei meloditilvising: Siunges som den bekiendte Hallinge Dants – utan at nokon tidlegare har identifisert den bekiendte melodien. Men på Nasjonalbiblioteket gjer forskingsbibliotekar Liv Kreken eit nytt funn: «Neste dialektferd må gå til Sokndal, for der har eg nemleg funne melodien til Brita-visa! Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887) skreiv ned melodien til «Britta Valaas» etter Henriette Scheldrup (1818–1884) frå Sokndal på 1800-talet ein gong. Han er utgjeven i Ældre og nyere norske Fjeldmelodier (1853–1867). Melodien ser ut som ein gangar, men om du set opp tempoet (ikkje moderato), kan det nok vera ein halling.»

I Lindemans notat «12 Viser fra Soggendahl [Sokndal] i Christiansands Stift» står Brita-visa med tekst og melodi efter Henriette Scheldrup: «Reis dæg, Brita, gak aad Straannaa».

Med Lindeman er me midt i nasjonalromantikken, der den musikalske innsamlinga byrja med han og Ole Bull. Lindeman var den fyrste som gav tone til diktet «Nordmannen« («Millom Bakkar og Berg») av Ivar Aasen.

Men ho eller han som dikta Brita-visa på norsk dialekt til ein halling – meir «nasjonalromantisk» vert det ikkje –?gjorde det hundre år før nasjonalromantikken, kan henda 150 år før, avhengig av om visa vart skriven av Stine Lund frå Stavanger eller Jacob Rasch frå stroket mellom Jæren og Dalane. Kven av dei skreiv dialektvisa?

Orgelfestival

Spørsmålet står ope for framtidig forsking. Dialekt og ordval i Rasch-tekstane frå kring 1698 syner påfallande likskap med målet i Brita-visa –?ei vise som vart tillagd Stine Lund kan henda så seint som kring 1840, truleg i den same stavangerborgarskapen som før 1880 kom med framlegg om gatenamnet.

Men om Stine Lund skreiv på dialekt eller ikkje, lyt 1700-talsdiktaren i alle høve få ein plass i litteraturhistoria. Ho er altfor sjeldan til å verta utelaten. Ikkje eingong i Norsk kvinnelitteraturhistorie. Bind 1. 1600–1900 (1988) er ho nemnd. Korkje songtekst eller dialekt har hatt høg status i den tradisjonelle litteraturhistorieskrivinga i Noreg.

Laurdag om to veker vert organisten Stine Lund feira med ei framsyning, skriven av Hilde Blesvik og Nina Næsheim, som ein del av Norsk orgelfestival. Kvar? I Stavanger domkyrkje.

Kva med diktaren? Me har ikkje så mange norske kvinner som på 1700-talet skreiv kritiske, «verdslege» dikt, på dansk og kan henda på norsk. Forskinga held fram. Dialektferda dreg vidare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noreg har ikkje så mange 1700-talskvinner som skreiv maktkritiske dikt på dialekt.

«En Digter­inde, som med Skarp­hed og Vid kriti­serede sine Samtidige i Byen.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis