Reportasje
¿ Hjå fjellgorillaene
VARUNGA-FJELLA: I 3000 meters høgd i dei vulkanske fjella lever dei siste fjellgorillaene,i eit område som dei siste tiåra har vore pressa av både krig og sterk auke i folketalet.
Sylvrygg med sår etter kamp.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
Under den andre Kongo-krigen tidleg på 2000-talet vitja eg ein dag Varunga-fjella, den gigantiske vulkanske treriksrøysa der grensene mellom Kongo, Rwanda og Uganda møtest, ein fjellheim som er heimen til dei få attlevande fjellgorillaene på jorda. Dei ville eg sjå, etter i eit par veker å ha vitja flyktningleirar og åstader for folkemordet i 1994.
Det var framleis mørkt då me drog frå Kigali, hovudstaden i Rwanda, litt før klokka seks om morgonen, med eit par timar å køyra til Ruhungeri heilt nord i landet, ein mindre by ved foten av det grønkledde vulkanfjellet Sabyinyo. Me hadde ein lang dag føre oss.
Undervegs kom sola, ikkje seint som heime, men snøgt. Av dei om lag sytti landa eg har vitja, er nok Rwanda det grønaste. At det er så frodig her, i hjartet av Afrika, sør for verdas største ørken, kjem av høgda. Kigali ligg meir enn 300 meter høgare over havet enn Finse, der det er vinter mest heile året, og målet for ferda låg mot toppen av Sabyinyo, eit fjell på 3669 meter, som no reiste seg framføre oss. Namnet tyder «gamalmannstenner». Mellom dei taggete toppane, ein gong forma av enorme vulkanutbrot og lavamassar, lever flokkar av fjellgorillaer.
Soldatane
Utanfor eit kontor i Ruhengeri parkerte me bilen og drog vidare i jeepar så langt vegen rakk, om lag ei mil. I ein av jeepane sat soldatar med automatgevær som likna AG3-en eg nytta i Heimevernet. Dei var med for å forsvara vegvisarane og oss i fall me møtte på geriljasoldatar her i grenseområda, og dei patruljerte fjella for å forhindra jakt på fjellgorillaene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.