JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Forakt frå sør

BODØ: Kan henda hadde ikkje songlyrikken på nordnorsk i dag vore så viltveksande utan dei djupe og litt løynde røtene i historia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stormen i Bodø. Frå venstre: Jørgen Nordeng, Ingeborg Oktober, Stine Aas og Ivar Aasen.    Teikning: May Linn Clement

11846
20200313

Dialektferda Del 10

Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket fer i Ivar Aasens fotefar for å sjå korleis dialektane lever i litteratur, vitskap og kvardagsprat, og for å møta songpoetar frå mange stader i landet.

2019

26. april: Vennesla

3. mai: Bergen

16. mai: Oslo

24. mai: Vesterålen

31. mai: Torpo

16. august: Stavanger

23. august: Hå

30. august: Jæren

2020

Førre veke: Bryne

Denne veka: Bodø
Neste veke: Sogndal

Teikning:
May Linn Clement

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

Tek du eit vindauge på Nordlandsbanen, frys det fast i sekundet med det venaste utsynet og blæs det opp til storleiken på verdas største filmlerret, så har du Stormen bibliotek i Bodø, base for litteraturfestivalen Det Vilde Ord. På scenen står tre unge songpoetar vende mot havet, i skumringsljoset frå dei gigantiske glasflatene. No skal dei rappa og skrøna, syngja og fortelja, heilt til polarmørkret tek oss alle.

Ingeborg Oktober

Den yngste kjem frå Hamarøy, no flyboren frå Lindmo-opptak i hovudstaden. 25-årige Ingeborg Oktober fekk for to år sidan Spellemannprisen for visealbumet Skjømmingsboka (2018), der fyrste del av tittelen peikar på målet (skjømming, skumring) og andre del på det litterære nivået: Boka vert naturleg format for komande Oktober-utgjevingar. Ho er ein diktar som spelar og syng. Ho er kontrasten til nordnorsk kraftlyrikk. Ikkje alle nordlendingar er lågmælte, og ikkje alle lågmælte er frimodige, men ho er alt saman når ho syng «Skjømming»:

E bretta dyna av me, som om senga va ei bok

og sida e den samme som e lest før e førstod

at e klara meir og at e alltid vil bær på en sorg

og det får vær godt nok førr ho Ingeborg

Jørgen Nordeng

Musikkbransjevener fødde i 1980-åra vart for ein gongs skuld mållause då dei høyrde at Dialektferda fekk vitjing av hiphoplegenda Jørgen Nordeng, før Jørg-1 i Tungtvann, tidleg(ast) ute med rap på (nord)norsk, no Joddski, uredd nok til å stå åleine i Stormen og rappa eit dikt han har skrive i høve mental helse-dagen. Han debuterte i førre tusenår med EP-en Reinspikka Hip Hop (1999) og «Ubudne gjesta», uredd på anna vis:

Det e i kveld vi slår tel, ikke nå vås, hei mekk en blås tel

Og la det stå tel, du vet det må tel

Utrulig ka vi får tel på en rå kveld

Du går på en smell hvis du ikke veit ka du går tel

Ingvil Austgulen

Ingvil Austgulen i duoen Opphav kombinerer uttrykka til Oktober og Nordeng: viserap. Ho tek pusten av Stormen med «Fesk», eit politisk lokal- og langdikt som ho rappar utan instrument og manus, berre akkompagnert av teksten på T-skjorta, som ein kortversjon: «Nu får det for Satan i hælvvette være nok. Stjæle for milliarder, og tilbyr oss dritt tilbake! Kjøss mæ medt i ræva! Vi skal ha fesken våres tilbake, arme hæstkuka!»

Medvit om dei historiske og kunstnarlege røtene syner ho i «Fesk»-refrenget, lånt av den folkekjære 83 år gamle lyrikaren Helge Stangnes frå Tranøy i Troms:

Fesk og potedes e vårres brød

Sånn har det vorre ­– et og vær glad

Halvt i fra åker, halvt i fra stø

Sånn har det vorre – falleri og ra

Dikt på nordnorsk

Dei litterære røtene går djupare enn til den nordnorske visebylgja og «Kor e hammaren, Edvard» kring 1970. Alt sist på 1600-talet skreiv Petter Dass (1647­–1707) frå Helgeland dikt om fesk med norskspråklege innslag, ja, stundom strofer på nordnorsk: «Æg kjaure mærra fordærva.» Difor, trur eg, vart han vraka frå salmebøkene i samtida. Norsk var ikkje så bibelsk og seriøst som dansk. Dass vart ikkje verdsett før under nasjonalromantikken kring 1840.

Frå førre hundreåret er den særs songlege Hans Lind (1866–­1935) frå Andenes sentral med samlinga Nordlandsviser (1910). Frå «Lofotbrev»:

skulle de bi smått med tosken,

kjem vi kanskje heim te påsken;

her e aller stort å gjer’

ette Finnmark-folke fer

Ukjend er Øyvind Aronsen (1908–1971) frå Senja, som rett etter krigen gav ut samlinga Feskar og kremmar (1946).

Om våren når kallan med rundfesken kom

flaut det av ama en einaste flom.

På vidgap sto kranen og rann dagen lang,

så Øya bei stappfull av bannskap og sang.

Meir kjend og kjær, lokalt, er Julius Moe (1910­–1962) frå Bodø. Kunstnarnamnet hans gav namn til samlinga Koldevin i Kløfta (2012), der me finn den salte «Sajltværingsvisa» (1937):

Skål førr oss i gamle Sajlten

Sejnt vi ramla ujnner bord

om så alkaholgehajlten

førr ajll ajnner bi førr stor

Ta ejnn støyt å vær inkj skjælven

Vi skal røys dejnn føsst så dætt [...]

Kons på polet får du dram [...]

Slekt e piskantujll ei skam

I siste generasjon før visebylgja slo over landsdelen, står Arvid Hanssen (1932­–1998) frå Senja, som skreiv viser på nordnorsk alt i 1960-åra, før visebylgja lyfta han fram for heile landet – som songpoet og moderne skriftlyrikar, statsstipendiat og omsett romanforfattar.

Ho Vanna va slett inga smeillvakker pia.

Ho Vanna va kronglat og seig som ei via.

Ho Vanna va sterk. Ei kjempa i serk.

Æ veit det va sagt at ho løfta og bar

ei halvtyinna meir einn dein likaste kar.

Stine Colban Aas

På scenen og i samtida er kvinnelege songpoetar synlege, men i historia? I 1791, 203 år før Ingeborg Oktober, vart Stine Colban Aas fødd. Det fyrste diktet på norsk av ei kjend kvinne, er det ho som har skrive, og ho skreiv det på nordnorsk. Ho kalla det «Den nordlandske bondestand», i ei tid då ein med bonde meinte folk flest. Sjølv høyrde ho til embetsklassen, dotter av ein prost, gift med ein kanselliråd.

Aas vart fødd i Hadsel i Bø i Vesterålen og flytta som sjuåring til Vågan på Senja då far hennar vart sokneprest der. Ho må ha vore uvanleg rikt utrusta, med arveleg øyre for det lokale målet. Då ho var 19 år, sende faren ei samling dialektord til Ordbogcommissionen i København, som ei av berre to samlingar frå Nord-Noreg. Frå 1620-åra til 1814 samla danske styresmakter regelbunde inn ord og oldtidsminne frå Noreg, sist i 1807. Dei fleste Vågan-orda er frå fiskerinæringa – som er sterkt til stades i dialektdiktet til dottera òg.

Året etter vart far hennar medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, som tretti år seinare finansierte Ivar Aasens dialektferder gjennom Noreg. Og då far til Stine Aas gav ut hovudverket sitt i 1818, Forsøg til en Beskrivelse over Lofodens og Vesteraalens Fogderie i Nordlands Amt, med et Cituations-Cart, var dottera kartografen, ei av dei fyrste kvinnelege, rost i verket Map Worlds. A History of Women in Cartography (2013). Biletkunstnar var ho òg; akvarellane frå Nordland og Troms har topografisk og kunstnarleg verdi.

«Den nordlandske bondestand»

Truleg skriv diktet hennar seg frå denne tida; det vart prenta i Finmarkens og Nordlandenes Amtstidende i 1832.

Til skilnad frå mange 200 år gamle dansknorske dikt kjennest det friskt i ordval og tankegang. Av di inga norsk skriftnorm fanst, korkje nynorsk eller bokmål, skriv ho ljodrett: og vert å, det vert de og nord vert nor.

Kvifor skriv ho? Jau, ho vil at folk skal sjå –

at å [óg] her nore kan væra bra

om de [det] foragtes der søre

Ikkje at alt fullkome i nord heller: «Ka va de vel som int hadde mein?» Men her har me ­–

elv å vatn så cristelklar,

å kval å kveita å sei å tosk

å sild å steinbit å flynner

At fiskarbonden var avhengig av veikjan og konnan (ungjenter og koner), som nyare nordnorske forfattarar har dokumentert, var sjølvsagt for Stine Aas. Karane dreg på vinterfiske ­–

men heim e veikjan å konnan,

di spinn å væv å di syr å bett,

di lære bånnan sin skikk å vett,

å stjernan blinka å månen skjin

i vinternatta for alle

I siste strofe plukkar ho opp tråden frå fyrste. Forakta frå sør åtvarar ho mot å internalisera, det at folk i nord tykkjer eigne skikkar ikkje er gode nok lenger, og berre tek etter andre:

Men ein ting lika æ inte på,

at folk så gjerna vil apas;

på ka a annar di monne sjå,

så ska de likdan te-skapas,

nei – sann å simpel, å fri for svik,

i sinnelage vårherre lik,

å tru i vennskap å fast i mot,

når hjerte klemmas i bryste.

Nordlendingane har ikkje vore åleine om å kjenna på forakta frå sør. Frå København omfatta denne forakta lenge alt som var skrive på norsk, som dømet Dass syner.

Unge Stine Aas var ei fri røyst, uvanleg tidleg, uvanleg fri. Då ho døydde i Kristiania i 1863, 72 år gamal, som barnevernspioner, hadde Henrik Wergeland skrive eit hyllingsdikt til henne. Det meste av livet sitt nytta ho til å gje foreldrelause born ein heim.

Det målvalet Stine Aas laut gjera ein gong kring 1820, då ho skreiv «Den nordlandske bondestand», har alle nordnorske songpoetar stått andsynes dei siste hundre åra òg. Bokmål? Nynorsk? Nordnorsk? Samisk? Engelsk?

Far og son

I salen i Stormen i kveld sit fylkets levande pop-, rock- og jazzleksikon Kjell Nordeng, far til Joddski. Etterpå får eg ein prat med båe.

– Skriv på norsk, sa faren då han såg at sonen byrja å laga musikk, rett nok i ein nokså ny og ukjend sjanger.

Sonen rista på hovudet berre. Rap på norsk? Rap på nordnorsk? Tanken var til å le av.

I foreldregenerasjonen hans kan somme hugsa heilt attende til siste helvta av 1950-åra, då noko så nytt og ukjent som rockabilly nådde Noreg – og vart kopiert av nordmenn. Men på norsk? Sjølvsagt ikkje. Ikkje til å byrja med. Men etter kvart...

Frå jazz og rock til rap og klubb har norsk musikk i generasjonar vorte forma av anglo­amerikansk. Det gjeld ikkje berre kommersielle sjangrar som har lege øvst på VG-lista sidan byrjinga i 1958, men smalare uttrykk òg, som ekstremmetall.

I kvar sjanger og bylgje har norske artistar laga norske avleggjarar. Sams for dei har vore at dei i byrjinga har nytta engelske tekstar. Slik dei har etterlikna musikken, frisyren og kleda, har dei etterlikna språket: «Førebileta syng på engelsk, ergo syng eg på engelsk, eg òg.»

Dette har gjerne vore fase éin. Unge Jørg-1 var i fase éin då far hans rådde han til å rappa på (nord)norsk.

Morsmålsparadokset

Fase to har kome med ein nyanse i erkjenninga: «Førebileta syng på morsmålet, ergo syng eg på morsmålet, eg òg.»

Morsmålsparadokset er skilnaden på dei to utsegnene. Båe er sanne, men dei representerer to høgst ulike tilnærmingar. Er løyndomen til førebileta at dei syng på engelsk? Eller er løyndomen at dei syng på morsmålet?

Kommersielt er løyndomen at dei nyttar engelsk og ikkje til dømes tysk, for engelsk er verdsspråket som når dei fleste marknader.

Men kunstnarleg er løyndomen at dei nyttar morsmålet, som gjev større vokal fridom og betre kommunikasjon enn eit framandspråk.

Om ein no har engelsk som morsmål, er valet enkelt. Morsmålet er eit verdsspråk, og ein kan få i både pose og sekk, kommersielt og kunstnarleg.

Om morsmålet ikkje er eit verdsspråk, men til dømes norsk, må ein velja. Skal kommersielle eller kunstnarlege omsyn overstyra valet?

Det valet har norske songpoetar og vokalistar teke i generasjonar.

Kva for morsmål?

Kvifor vart Jørg-1 ein av dei fyrste som valde å skriva rap på (nord)norsk?

Far hans gav seg ikkje. For å få ein ende på maset sette sonen seg ned og skreiv ein norsk rap ­– for å syna faren at det ikkje var mogeleg.

Resten er historie.

Då den unge rapparen hadde gjort eit val mellom engelsk og norsk, stod han snøgt andsynes endå eit val: skriftnorm eller dialekt?

Det siste valet vart gjerne annleis i 1990-åra enn i 1960-åra. Norskbylgja i 1960-åra var ei skriftnormbylgje; til dømes kom Bob Dylan-visa «Blowin’ in the Wind» på norsk alt i 1962, under namnet «Vinden gir svar». Men frå 1970-åra har den såkalla norskbylgja i røynda vore ei dialektbylgje.

Med Stine Aas var ho godt i gang alt kring 1820. Det var ho som melde våren:

Å sola glimra på snyen grant

som han sku vær’ uta bar demant;

alt te han smeltar å flyter bort

å våren kjem over jora.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I eit 200 år gamalt dialektdikt åtvarar Stine Aas folk i nord mot å internalisera forakta frå sør.

Jørg-1 skreiv ein rap på norsk for å syna faren at det ikkje var mogeleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis