JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Reformasjonens kvinner

Reformasjonen ville endre det åndelege tilværet for alle, men ikkje kvinnas plass i verda. Det gjekk ikkje som tenkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2945
20171020
2945
20171020

Bak Martin Luther gjekk ei kvinne. Det han sette i gang, endra sosiale strukturar. Eit verdsleg skulesystem gav både jenter og gutar utdanning, familien og ekteskapet fekk på godt og vondt høgare status, prestar skulle leve som anna folk, og kvinner gjekk inn i nye roller. Ein kan ikkje oversjå, skriv historikaren Sølvi Sogner, at kvinnerollene og posisjonane inn i vår tid endra seg meir i protestantiske enn i katolske land.

Alle måtte sjølve få lese Guds ord, men færre kvinner enn menn kunne lese. Eit verdsleg skulesystem blei utvikla med pedagogiske metodar som framleis står sterkt. Lenge lærte jentene mindre enn gutane, men alle skulle lære å lese og skrive. Med skrifta kom kvinnene inn i meir enn Skrifta. Fleire enn før tok til å skrive, dikte.

Sølibatet hadde rakna og blei oppløyst. Dermed kom ei ny yrkesgruppe til verda: prestekonene. Johannes Bugenhagen var blant dei første reformasjonsprestane som gifta seg. Hausten 1522 blei han vigd til Walpurga, ei av dei anonyme med ukjent jentenamn. Sommaren 1525 vigde han sjølv nonna Katharina von Bora og munken Martin Luther.

Skrivekyndige Katharina var ei sterk kvinne i dette miljøet, kjøpte eigedommar og dreiv eiga næring. Ho var med og gjorde heimen deira i dagens Collegienstrasse 54 til ein viktig møtestad for reformatorane. Samtalane rundt Luthers ord, bordtalane er dei blitt kalla, tente både til teologisk drøfting og strategisk pønsk. Frå 1531 fekk presten Konrad Cordatus det umoglege oppdraget å skrive ned desse samtalane. Til slutt blei det om lag 7000 slike bordtalar mellom Martin, Katharina og gjestene deira. Så mange dagar var det ikkje i dei åra.

Kvar og ein skulle svare for seg og sitt og trua, også kvinnene. I kyrkja hadde klostera vore staden deira, men no stengde reformatorane klostera. Det frigjorde nonnene frå det mannlege overherredømmet, men mange hadde ingen stad å gå.

Kvart år produserte trykkeria tusenvis av flygeblad, det nyaste og største massemediet. Hendingar og gjerningar blei fortalde og illustrerte i kvasse linjer anten det handla om verdslege eller religiøse emne. Dette bildespråket tok Luther i bruk. Reformasjonen var ein strid om tru og ord, ført i ord og bilde. Katolske krefter måtte gi tapt for Luthers masseproduksjon av skrift. Luthers folk vann også bildepolemikken. Knapt meir enn 5 prosent var teikna frå katolsk hald.

Katharina var ei av få reformasjonskvinner som blei avbilda i si samtid. Hundre år for seint laga Luther-kritikarar eit flygeblad i 1620-åra som samla reformasjonen i eitt bilde med mange teologiske poeng.

Ekteparet Luther ber det heile. Han er så rund og god av eigen suksess at ei trillebår må til. Bak han går Katharina, og ber Bibelen, stille. Det er ein karikatur, men ikkje berre det.

Ottar Grepstad

Neste veke: Høgtysk bibel, lågtysk handel

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis