Teknologi

Parkeringssensor

Bil med både rygge- og parkeringssensorar.
Bil med både rygge- og parkeringssensorar.
Publisert Sist oppdatert

Det er når noko sviktar, ein får sansen for andre løysingar. No ryggar eg med høyrselen. Dess nærare veggen dess oftare og høgare pip det. Like før eg møter veggen, gjallar det heile tida. Sånn kan det gå når ryggekameraet tar kvelden.

Naboane undrar seg nok her eg svingar rundt med bilen på parkeringsplassen. Med målband finn eg ut kva systemet evnar. Er eg lenger unna ei hindring enn to meter, er det kjærkome lydlaust i bilen. Ved tjuefem centimeters avstand er lyden som skal varsla meg om fare på ferde, kontinuerleg. Det er faktisk så finurleg laga at lyden kjem ut av høgtalaren nærast hindringa. Eg ser bak bilen. På kvar side av støytfangaren er det to rundingar med ein diameter på litt over ein centimeter. Det er nok sensorane.

Eg prøver å huie. Ikkje noko ekko. Eg ser fjellveggen bak meg og går vekk frå han, og høyrer mitt eige ekko når eg er sytten meter unna. Lydbølgjene breier seg i luft som langsgåande trykkbølgjer med ein fart på 340 meter i sekundet. For at eg skal høyra mitt eige ekko, må altså lydbølgja koma attende til øyra meir enn 0,1 sekund etter ho vart send.

Eg tippar at bilen brukar same prinsipp, men høgare lydfrekvens, sidan eg ikkje høyrer noko. Dess høgare frekvens dess meir energi kan ein senda ut på stutt tid. Dermed kan ein finna hindringar på kort avstand med god oppløysing.

Over til detektorane i bilen. Korleis verkar dei? Eg kan jo røska ut sensorane for å finna ut av dette, men det er enklare og betre å ringja til han som leverte bilen. Bilseljarar er ein eigen rase. Dei hugsar oss. Han fortel meg at sensoren brukar ultralyd, som me alt har gissa, og er laga av ein japansk produsent. Eg takkar og googlar i jakta på eit applikasjonsnotat. Slike notat er ein underkjend litterær sjanger. Dei hjelper produsenten med å selja produkt ved å fortelja ingeniørar korleis dei kan nyttast i deira løysingar.

Sensoren det her er snakk om, er ein ultrasonisk transduser. Ultrasonisk betyr at lyden har høgare frekvens enn me kan høyra. Typisk verdi for ein ryggesensor er 68 kHz. Som me alt har sett, dess høgare frekvens ein vel, dess kortare avstandar kan ein måla. At det er ein transduser, vil seia at energi blir omgjord frå ei form til ei anna. I dette høvet mellom elektrisk og mekanisk. Sensoren kan både senda og ta imot lydsignal. Det er ein sonar (SOund Navigation And Ranging). Altså ein lydradar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement