På tomannshand
Verdsstjerne med beina på bakken
Enno er ikkje vår nye verdssopran Lise Davidsen klar for det ho kallar «Wagner-maset», men 33-åringen ser fram til ein dag å stå på scena som Brünnhilde i Nibelungenringen.
Lise Davidsen er ein etterspurd sopran verda over.
Foto: Ry Burminston / Decca Classics
Ho røper at ho alt har fått fleire tilbod frå leiande operahus om den svært krevjande rolla, som i si tid var Kirsten Flagstads glansrolle, men at ho har takka nei. Så tidleg i karrieren vil ho ikkje kaste seg på «Wagner-toget», rolla som Brünnhilde er så definerande at det lett blir eit stadig mas om meir av det same. Ho krev ei enorm kraft, både fysisk og mentalt, og er for dei beste gjerne sluttsteinen på eit stort, musikalsk byggverk. Den unge sopranen frå Stokke i Vestfold har så mykje anna ho gjerne vil gjere før ho blir valkyrja Brünnhilde.
Inst inne veit ho nok også at ho kan få dei rollene ho ønskjer seg, på dei største operahusa i verda. Tyske medium har utropt henne til «hundreårets røyst», og engelske The Telegraph skriv om «a voice in a million». På The Metropolitan (The Met) i New York, der alle drøymer om å opptre, men berre dei færraste får sjansen, kom direktøren springande med kontrakt om fem store roller i dei tre neste sesongane.
Ber du songaren kommentere godorda, svarar ho berre: «Dei har vel hatt ein god dag.» Sjølv om det er ho som har gitt dei den gode dagen, og sjølv om ho vel skjønar kor stor denne komplimenten er, vil ho ikkje ta han innover seg. Det gjer henne berre nervøs og kan skape forventningar ho er redd ho ikkje kan innfri.
– Spenninga for kvar ny framsyning er blitt større med åra, ikkje mindre. Denne spenninga gjer at eg kan jobbe på vidare.
– Kor viktig var det for deg at du før koronaen rakk å debutere på The Met i fjor som Lisa i Tsjajkovskijs Spardame?
– Svært viktig. Hadde 2019 vore 2020, ville eg mentalt vore ein heilt annan stad i dag. Det hadde ikkje blitt platedebut, og ingen debut korkje på The Met eller på Bayreuth-festivalen. 2019 blei ein kjempeopptur og ei etablering av meg som operasongar. Vissa om at dei veit at eg kan, er god i ei koronatid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.