JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Nokre ord um Festspela

Eg har vore i Aasentunet éin gong tidlegare. Det var i 2006, eg var 17 år og hadde vunne ei skrivetevling for ungdom i regi av Noregs Mållag. Eg vart invitert til premieoverrekking under det som då heitte Dei nynorske festspela – no er det visst berre Festspela.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6050
20230623
6050
20230623

Eg reiste åleine og hugsar at eg landa på ein flyplass mellom høge fjell, på ein stad der eg aldri hadde vore før. Eg vart innlosjert på eit hotellrom; der brukte eg tida fram til den gjæve seremonien på å avgjera om eg burde stappe skjorta ned i buksa eller ikkje.

På førehand hadde eg fått tilbod om å lesa teksten min høgt for publikum, men det takka eg nei til. Nokon annan las han på mine vegner, eg sat på ei tilfeldig seterad i salen. Temaet og overskrifta var «Språket mitt», og ein god del av det vesle kåseriet handla om Olav Aukrust, som eg var særs glad i på den tida. Eg er det enno, i grunnen, ei ungdomsforelsking går aldri heilt over. Innhaldet elles har eg ingen klåre minne om.

I det minste greidde eg å halde nervane såpass i sjakk at eg kom meg fram i rampelyset for å ta imot ein blomebukett og ein sjekk på 10.000 blanke kroner som skulle brukast til kjøp av ny berbar datamaskin.

Det var jo stort, dette her, og naturlegvis var eg kry.

Men diverre er også eg ein kropp, ikkje berre eit hovud, og utpå kvelden måtte eg ha noko å eta. Det var her problema byrja.

Eg veit ikkje kvifor det vart slik, om tinginga vart gjord utan samtykke frå meg, eller om eg tinga utan å vita kva eg tinga – i alle høve fekk eg servert noko slags salat og kjøt i ein slags saus stappa inn i noko slags brød. I ettertid har eg lært at dette heiter pitabrød. Det fylgde ikkje nokon tallerken med maten, kanskje ein liten serviett.

Eg forstod ikkje kvifor dei eg tenkte på som den nynorske eliten – nynorskbrukarar av høgare rang enn dei svært fåe, tilårskomne målfolka som fanst i heimbygda mi i Trøndelag – ikkje kunne vera såpass tradisjonsmedvitne at dei greidde å servere meg ekte mat på ein tallerken. Det hadde ikkje trunge å vera rare greiene, berre ein potet og ei kjøtkake eller sild. Eg kunne for så vidt òg ha tenkt meg ein stol og eit bord, men det verka som ein måtte stå ute i regnet.

Ja, for det regna sjølvsagt noko skrekkeleg.

Eg meiner å hugse at Møre Banan hadde ei framsyning i uteamfiet. Inntil eg googla Møre Banan som ledd i arbeidet med epistelen du no les, har eg trudd at dette var eit blåsarensemble og ikkje ein slags humorduo kjend frå radio, for eg fekk ikkje med meg noko som helst av framsyninga deira.

Maten min byrja nemleg renne.

Det rennande innhaldet i det mystiske brødet rann nedover hendene mine og inn under skjorta og opp til olbogane og kanskje lenger, og det eg prøvde å gapa over, fall utanfor munnen og ned i det grøne sunnmørsgraset. Finskjorta vart flekkete, det spela ikkje lenger noka rolle om ho var stappa ned i buksa eller ikkje, og buksa vart nok flekkete, ho òg.

Eg følte meg som ein idiot og var sikker på at alle dei som har noko å seia i Nynorsk-Noreg, hadde observert denne fadesen av eit måltid og no kom til å gløyme heilt den vyrdnaden dei kanskje hadde fått for meg nokre timar tidlegare, då eg tok imot premien min.

Neste morgon drog eg heim i skam, enno svolten.

Då eg kom til Værnes, skjedde noko anna merkverdig og dystert. Eg skulle gå ut gjennom ei av desse doble dørene som finst på visse flyplassar, slike som berre opnar seg for éin og éin person, og klappar saman attom dei.

Eg bar blomebuketten frå Aasentunet framfor meg, og dørene opna seg som dei skulle. Men systemet må ha misteke buketten for noko anna enn han var, for plutseleg small dørene saman att, og buketten vart sitjande fast imellom dei.

No gjekk dei heilt i lås, det var umogleg å få opna dei att. Til slutt måtte eg berre forlata blomane der, hengande fast mellom to sinte dører.

No har eg vorte dobbelt så gamal som eg var i 2006, og i år var eg på nytt invitert til Aasentunet, i eigenskap av å vera forfattar. Ei symboltung hending i livet mitt, på sett og vis, men òg nervepirrande: Ville eg unngå å dumme meg loddrett ut denne gongen?

Dag og Tid-redaksjonen la ein stor stein til børa ved å ringje kvelden før avreisa og be meg skrive ei sak om Festspela – «nokre ord um Festspela», vart det sagt, ein parafrase av Olav H. Hauges artikkel med den pirrande overskrifta «Nokre ord um Sivle».

Med glede kan eg melde at det gjekk mykje betre denne gongen. Vitjinga i Aasentunet byrja beint fram fortryllande ved at eg vart servert lunsj frå ei skål, bacalao. Vêret var såpass utsøkt at eg tok sjansen på å kjøpe ein is til dessert; det kunne fort ha vorte penibelt dersom denne hadde smelta og rent i veg til alle krikar og krokar av kroppen og Aasentunet. Men den velsmakande og kortreiste kanelisen kom heldigvis i eit beger – ingenting kunne gå gale.

Det er elles berre å orsake at eg ikkje kan gje noko særleg godt eller grundig resymé av alt som skjedde på 2023-utgåva av Festspela. Eg var i Ørsta kommune i knapt eit døgn, i Aasentunet endå kortare, og på grunn av solskinet og ei slags kulturell overmettkjensle som gav seg utslag i latskap, skofta eg eit par arrangement som heilt klårt kunne ha vore interessante å få med seg, for heller å sitja ute under flaggstonga med utsyn mot fjerne fjell – i samtale med gode vener!

Ja, det var nok likevel den største skilnaden mellom 2006 og 2023: Denne gongen kjende eg plutseleg fleire av menneska som var til stades, og greidde endåtil å knyte nokre nye band. Alle eg kom i snakk med, var venlege og intelligente menneske, mange med Ivar Aasens lure smil på leppene. Skal eg vera ærleg, var nok det sosiale aspektet endå viktigare for meg enn den nemnde skåla kring bacalaoen, eller begeret kring isen.

No er eg openbert ingen ekspert på festspel, men eg reknar med at det kanskje er noko av poenget, dette, å møte folk og ha det hyggeleg i ei lita stund. Eg vil difor, med skråsikker mine og heilt utan atterhald, utrope Festspela 2023 til ein heidundrande suksess.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis