Kultur
Nils Sletta 1943–2020
Nils Sletta i rolla som Davis i Harold Pinters «Vaktmeisteren» på Det Norske Teatret i 2009.
Foto: Morten Holm / NTB
Eg har eit motto: «Fyrst må du ape. Så kan du skape.» Kunstnarleg trong og ytringsevne startar med arv og oppvekstmiljø. Det skil mykje på kva som rører seg av inntrykk, tradisjon og livsvilkår, men tidleg oppleving av eit lutrande folkeliv og kulturmangfald vil kunne bli ein mykje danande start på eit profesjonelt kunstnarliv. Dette galdt i stor mun Nils Sletta, som lærte seg til yrkesaktiv skodespelar på Statens teaterhøgskule og seinare blei fast tilsett på Det Norske Teatret i førti år.
Nils blei fødd ein vårdag i 1943, i dei vanskelege krigsåra. Foreldra var nygifte og stamma båe frå Tuddal. Dei var av slekter rike på evner til å underhalda og halda bygdekultur i hevd. Mora, Gunhild, var fødd i Bondal, av foreldra Gro Sveinsdotter, fødd Løndal, og Tov Åkre. Sistnemnde var ein habil handverkar, til liks med brørne, og Gro var dotter av Gunhild, fødd Dalen, og Svein Løndal, den omframt kjende spelemannen som skapte ein heilt sjølvstendig spelestil på hardingfele og var ein merkeleg mystikar med underlege openberringar og soger å fortelja.
Gro var den eldste av borna deira og hadde så fin evne til å syngje folketonar. Dottera, Gunhild, var serleg god til å fortelja, hadde eit smittande humør og blei ei mykje omsorgsfull mor for borna sine. Far til Nils, Halvor Sletta, var ein god tømrar og snikkar, med ei slekt som talde fargerike personlegdomar i stor mun, ikkje minst når det galdt evne til å skapa liv, med sans for forteljing og improviserte innslag av hermer og råkande replikkar. Han var den yngste av tolv sysken som var borna til Ragnhild, fødd Flåte i Tinn, og Halvor Sletta, fødd på Bergtjønn mellom Reisjå og Bondal. Etter desse to lever det også hermer som ber bod om rommeleg sans for humor og spøk. Det vitale i høve tilvekst i familien tok Gunhild og Halvor rikeleg vidare. Barneflokken voks til ni i talet, så Nils fekk mange gjæve sysken: Toralf, Ragnhild, Hallvard, Gro, Gunnulf, Gunhild, Anna og Maria.
I etterkrigstida, som Nils kunne minnast og voks opp i, var Tuddal ei bygd der småbruksnæring, skogsdrift og handverksfag var i full utfalding, samstundes som industrialisering og anleggsdrift byrja koma inn i samanhengen. Ei rekkje bygdeoriginalar prega miljøet med fargerike innslag, og det levde mange folkekunstnarar som stod for framståande kvalitetar innom handverk og folkemusikk.
Nils var ein spretten gutunge som hevda seg på ski og i ulike kroppslege aktivitetar, var tilfredsstillande flink på skulen og tok tidleg til å taka etter dugleiken til dei nærskylde meistrane på hardingfele, Olav, Kjetil og Einar Løndal. Serleg var det kort veg mellom heimen og bort til tanta, Margit, og Einar Løndal på Ned-Sletta. Han øvde mykje og kom seg raskt i spelemannsfaget.
Han var så ivrig i felespel at det overgjekk sansen for framhaldsskule. Mora tykte han blei vel lenge på Ned-Sletta utover nettene og var ottefull for at han ikkje kom seg på skulen om morgonane. Heime på romet sitt øvde han etter ljodopptak på den lånte bandopptakaren til Tuddal Spelemannslag. Det var ei blømande rekrutteringstid for hardingfelemusikken i Tuddal. Ved sida av Nils var det etter kvart åtte andre unge som tok til å spela.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.