Reportasje
Nattoget til Kyiv
«Toget til siger», står det på ein gul påklistra plakat i sovekupeen.
Nattoget er klart frå spor nummer fem på den vakre jernbanstasjonen i Kyiv. Flyalarmen har har nettopp gått, og blendingsgardinene vert tekne ned før avgang.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Klokka er 19.00. Toget går frå byen Uzhgorod ved grensa til Slovakia og skal snart klatra over Karpatane og vidare gjennom natta, innover slettelandet mot Kyiv og nærare krigen. Toget har 18 vogner, alle sovevogner, 11 kupear i kvar vogn, to eller fire senger i kvar kupé. Eg har fått den einaste underkøya som er att i vogna. Sjølvsagt var det seng nummer 13. Ukrainarane er meir overtruiske enn dei fleste.
Etter at luftrommet vart stengt då invasjonen kom i februar, har nattoget til Kyiv vorte mytisk. Fleire statsleiarar frå Europa har reist med toget inn til Kyiv for å syna støtte til Ukrainas forsvarskrig mot Russland. Ein invasjon som dei fleste av oss ikkje trudde ville koma – og ein krig som mange av oss trudde Russland ville vinna.
Men etter at europeiske land og USA, og særleg USA, har gjeve enorme mengder våpen til Ukraina, er det Ukraina som no er på offensiven. Kor lenge denne militærstøtta kjem til å vara, veit vi ikkje – det kan halda hardt om industrien i Europa tek til å leggja ned og amerikanarane vert krigstrøytte. I bakgrunnen trugar atomvåpena.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.