JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Myten om fransk
innvandring

Norske medium skriv ofte som om Marine Le Pen har rett i at landet fløymer over av innvandrarar. Sanninga er at Frankrike har ein av dei strengaste innvandringspolitikkane i Europa, og at dei har hatt det i 30 år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

3207
20170505
3207
20170505

Netto årleg innvandring til Frankrike er på maksimalt 90.000 personar. Medan Noreg tok imot 36.000 flyktningar i 2015, tok Frankrike imot om lag 16.700. Der er i dag 5,8 millionar lovlege innvandrarar i Frankrike, og 4,1 million utlendingar. 36,5 prosent av innvandringa er frå europeiske land, medrekna Aust-Europa. 43,5 prosent er fødde i eit afrikansk land, og sidan 1980-åra har tre fjerdedelar av desse vore frå Nord-Afrika (Maghreb): Marokko, Algerie, Libya og Tunisia.

Algerie var lenge det viktigaste opphavslandet. Frankrike trong arbeidskraft etter store mannefall i båe krigane; Algerie hadde folk. Sidan kom flyktningar frå Algeriekrigen (1954–1962), så harkiane – dei som slåst for Frankrike – etter fredsslutninga, så motstandarane deira under diktaturet i 1960-åra. Forfylgde berbarar flykta så, og ei sterkt ønskt arbeidsinnvandring kom på 1970-talet. Alle desse var franskfødde, med franske rettar.

«Les beurs»

Eit reint under var det, at før så stridande grupper algeriarar ikkje gjekk laus på kvarande, der dei var stuva saman i bustadsmaskiner. I staden voks det fram ein stolt fransk-maghreb-kultur, «les beurs». Mange kjende forfattarar, musikarar og andre kunstnarar med slik bakgrunn kom til. Feministiske aktivistar vart aktive politikarar – som Fadela Amara, mangeårig leiar av ei stor muslimsk feministrørsle. Samia Ghali, ordførar i dei vanskelege bydelane nord i Marseille, fekk utrydda mafiabandereiret La Castellane.

Familiegjenforeiningane, især med konene til menn som flykta under borgarkrigen i Algerie i 1990-åra, gav overraskande framskuv for tradisjonell kultur i forstadene. Dei dårleg integrerte mødrene oppmoda sønene sine til å vere ordentlege mannfolk og passe på at systrene dekte seg til, og dei synte forakt for frigjorde, sekulariserte kvinner med muslimsk opphav. På dette viset fekk eit skifte frå hovudsakleg sekulær eller moderat muslimsk kultur til nyortodoksi framhjelp.

Reinhekla rasisme

Når Nasjonalfronten og Le Pen påstår at dei kan betale alt med pengane dei sparer på å kaste ut utlendingane, reknar dei openbert med etterkomarar av kolonitidsfolk, om desse aldri så mykje er franske. Ved påsketider kommenterte Le Pen drapsmannen på Champs-Élysées, etterkomar av algeriarar, slik dei aller fleste terroristar har vore sidan 2012. Om ho var president, skulle ho ha kasta ut alle slike, sa ho.

Fråsegna avslører reinhekla rasisme, i strid med alt franskmenn vanlegvis trur på. «Etnisk franske» finst ikkje. Ingen vil påstå at Alexandre Dumas var ufransk, om han aldri så mykje var svart. Norske media burde vere noko meir kresne når dei kolporterer retorikken til Nasjonalfronten om «dei framande». Men det er visst verre å peike på sosialpolitiske havari med å seie at terroristane kjem frå triste algeriske forstadsmiljø, enn å gje alle muslimar kollektiv skuld.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis