Medvit om munnleg diktingDylan veit at han ikkje driv med litteratur, men med dikting. KommentarHÅVARD REM

Dylan veit at han ikkje driv med litteratur, men med dikting.

Publisert

Når Bob Dylan opnar nobelprisførelesinga si med å spørja – no som han har fått ein litteraturpris – om kva tilhøve songane hans har til litteraturen, ligg det i spørsmålet eit syn han òg tidligare har fremja: Han reknar ikkje songane som litteratur.

SHAKESPEARE

Han har dekning for dette synet. Ordet litteratur kjem av «bokstav» («letter»), og er gjerne ei nemning for skriftlege utsegn – ikkje munnlege, som songane hans. Litteratur er noko ein les.

Men synet tyder ikkje at han reknar munnlege tekstar som mindre verde enn skriftlege. Til sist i førelesinga trekker han fram William Shakespeare som eit døme på ein munnleg diktar. Det er ikkje fyrste gongen. Shakespeare er ein referanse i Dylans songtekstar, hjå Dylan-forskarane og i Dylans sjølvforståing som poet. Han endar førelesinga med å slå fast at korkje Shakespeare eller han sjølv er meinte for lesing, men for oppføring og song.

Innanfor denne ramma – synet på munnleg og skriftleg dikting – nyttar han fem minutt på å fortelje om musikk som har tydd mykje for han (Buddy Holly og Leadbelly), og nær tjue minutt på litteratur som har tydd mykje for han: Moby Dick, Intet nytt fra Vestfronten og Odysseen.

MELVILLE

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement