Sport

Med eller utan fart?

Oda Utsi Onstad er no i noregstoppen i stille lengde. Biletet er frå NM i friidrett innandørs 2020.
Oda Utsi Onstad er no i noregstoppen i stille lengde. Biletet er frå NM i friidrett innandørs 2020.
Publisert

I tikampleikane heime i hagen var stille lengde øvinga der søstera mi alltid slo til. Det kjipe var at stille lengde ikkje var ei heilt ekte øving, det var jo umogleg å bli olympisk meister i greina.

Fram til 1912 var lengdehopp utan fart ei olympisk øving, saman med stille høgde og stille tresteg. Men då innandørsarenaene kom, vart alle dei tre stille øvingane gjorde uoffisielle. Noreg er faktisk det einaste landet som framleis har nasjonale meisterskap i greina, og verdmeisteren heitte lenge Arne Tvervaag med 3,71 meter. I 2015 vart rekorden slått av Byron Jones med forbløffande 3,73 meter i NFL Scouting Combine.

Eit perfekt stille lengdehopp skal i satsen berre inkludere éin svikt i knea, sjølv om det er freistande å ta fleire. Føtene skal vere parallelle, og armane skal brukast aktivt, slik at hopparen utviklar størst mogleg kraft. Føtene skal under kroppen i landinga, og ein måler dessverre alltid frå bakarste kroppsdel. Dobbel sats er ikkje lov.

Sportar som stort sett skjer i eige land, blir fort litt smale og heller ikkje satsa på. Ein fordel med å hoppe utan fart er at det er teknisk enklare enn lengdehopp med fart.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement