JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MatFeature

Ein månad på restaurant

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Le Clemenceau – folkeleg og populær.

Le Clemenceau – folkeleg og populær.

Le Clemenceau – folkeleg og populær.

Le Clemenceau – folkeleg og populær.

4607
20210813

Middelhavskost

Sjølv vår kjære matmor Ingrid Espelid Hovig forsvarte pizzaen frå eit ernæringssynspunkt og påpeikte at pizza inneheld dei fleste næringsstoff vi treng, inkludert karbohydrat, protein og fett, og ofte er det rikeleg med grønsaker på han. Kjettarane som tingar pizza med ananas, får òg ekstra C-vitamin.

EU forsøkte seg på å forby eigenprodusert chiliolje på flaske. Dei tilrådde sprayflasker. Det gikk sjølvsagt dårleg, og sprayflaskene har eg ikkje sett på årevis.

Eg skal ikkje selje meg inn som meir dekadent enn eg eigentleg er. Men etter 500 dagar i limbo, utan å ha sett snurten av korkje kelner eller kvit duk, sette eg i juli kursen mot utlandet og min franske yndlingsby, Vence, like ved Nice. Vence er nemleg, viss ein ser litt raust på det, ein einaste stor restaurant.

Heile den vakre gamlebyen er full av serveringsstader, og også området rett utanfor dei gamle bymurane er eit samanhengande belte av freistingar for svolten og tørsten. Innanfor få minutts gange kan du ete klassisk eller moderne fransk, laotisk, thai, vietnamesisk, kinesisk, karibisk, italiensk, filippinsk, crossover, indisk og sjølvsagt sushi, vegansk, burgarar og pizza. Så det store spørsmålet er: Kvar skal du gå?

Sjølv om eg har kjent byen i 15 år, skjer det stadig forandringar, så det er godt å ha nokre faste basar der du veit du ikkje blir skuffa. Ved katedralen ligg Le Clemenceau, familiedriven og kanskje den staden som har den mest stabilt høge omsetninga gjennom året. Det handlar sjølvsagt om at også dei lokale går hit utanfor turistsesongen, og om sommaren er det dørgande fullt på det romslege uteområdet.

Skilta seier Le Clemenceau Bar Grill Restaurant Pizzeria Glacier, så eigarane har heilgardert seg. Her får du alt. Som mange andre byr dei på «dagens» til oppunder 200 kroner, og det tiltaler sjølvsagt ein bladfyk som har råd til å gå på norsk restaurant maks éin gong i månaden. Typiske «dagens»-rettar er moules frites (blåskjel med pommes frites), carpaccio (tynne skiver av rått oksekjøtt med parmesan og olivenolje) eller dorade, ein absolutt sympatisk fisk som no òg er å få kjøpt her heime, noko eg ikkje synest ein bør gjere – eg prøver å halde meg til dei meir kortreiste slaga.

Til maten kan du drikke eit godt utval av belgisk, fransk og nederlandsk pilsner, eller ein pichet (vinmugge) av den lokale Côtes de Provence i alle variantar for ein rimeleg penge. Fleire av stadane har vedfyrt steinomn, som mellom anna tyder at dei kan by på pizza steikt som han skal: kort tid på høg varme.

Men altså – pizza? Mon Dieu, skal ein ikkje ete fransk når ein er i Frankrike? Halde seg til froskelår, sniglar i kvitlauk, nyreragu, daube og pot au feu? Jo. Men her i distriktet er den italienske påverkinga veldig sterk, på grunn av den store innvandringa av italienarar som jobba i jordbruket. Byen Nice ble dessutan tilbakelevert til Frankrike frå Italia for ikkje meir enn dryge hundre år sidan. Pizzaen har uansett erobra verda, og alle som driv restaurant, veit at pizza er ein av dei få rettane dei verkeleg kan tene pengar på. Det unner eg dei.

På Le Clemenceau sørgjer eg alltid for å få eit utebord, der eg kan betrakte dei tilsette i arbeid. Kjøkkenet ligg i andre etasje, og maten kjem i matheis etter hektisk kommunikasjon over internradioen. Pizzaen blir steikt i vedomnen nede, der personalet klargjer serveringane før maten blir send ut til gjestane. Chiliolje er fast tilbehør til dei som tingar pizza, og det kan du lett lage sjølv: Legg ei raus mengd tørka chili på ei flaske olivenolje, snu henne iblant, og etter eit par veker er ho klar. Ein stilk rosmarin er òg fint.

Det er ei stor tilfredsstilling å sitje og sjå korleis det finslipte restaurantmaskineriet tikkar og går. Alle har si rolle å fylle, og når kvelden er slutt, trår absolutt alle – frå den øvste sjefen til den yngste nytilsette servitøren – til med å feie og vaske golva. Først når det er gjort, set kvar enkelt servitør seg ned og summerer kvitteringane. Då nærmar det seg midnatt, og dei tilsette kan unne seg å sette seg ned med eit lite glas og ein sigarett etter ein lang dags hardt arbeid.

I skrivande stund er det berre eit par dagar til det blir obligatorisk for alle bar- og restaurantgjester å vise koronapass eller testresultat her. Å nei, far, det går nok ikkje. Eg har allereie sett to restaurantar som på tettskrivne tavler proklamerar at dei absolutt ikkje har til hensikt å forlange personleg informasjon av gjestane sine – underskrive med «Vive la Liberté».

Ein er trass alt i Frankrike.

Dagfinn Nordbø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eigarane har
heilgardert seg.
Her får du alt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis