Reportasje

Magne på Sylvarnes

Bli med til det veglause Sogn for å kjøpa oksekalvar.

Magne tek ein av dei fem oksekalvane til transportkassa.
Magne tek ein av dei fem oksekalvane til transportkassa.
Publisert

Klokka to presis legg båten frå kai i Vik i Sogn med ni passasjerar, to bilar, ein tilhengar, ein kveil med plastrøyr, ein pall med kraftfôr, ein mjølketank, post og to vêrar.

På denne tida av året kan det vera ruskete på Sognefjorden, men i dag er det stille. Katamaranen «Tansøy» har 2600 hestekrefter og skjer vassflata i 22 knop. Den 29 meter lange båten vart bygd i Mandal i 2007 og har eit mannskap på tre.

Blant passasjerane denne fredagen er bøndene Hilde og Lars Selheim frå Voss. Dei skal ut fjorden til Sylvarnes for å henta fem oksekalvar, og eg får vera med. Grenda ligg på sørsida av Sognefjorden, like vest for innlaupet til Finnafjorden med utsyn rett over til Nessane, knappe tre mil ut fjorden frå Balestrand.

På turen skal vi innom fleire veglause grender langs strendene: Otterskred, Geithus, Finden og Vollevik – før Sylvarnes. Sylvarnes – for eit namn! Tenk å heita Svein Sylvarnes!

Det har vore mange planar om køyreveg til dei som bur mellom Vik og Ortnevik. Både veg i dagen langs fjorden og ulike tunnelløysingar, men det vart for dyrt, og planane er no lagde bort for godt. Dei få som bur her enno, er avhengige av båtruta, som er ei av dei få mjølkerutene som er att i landet.

Magne Sylvarnes står på kaien og tek imot oss. Mannskapet på «Tansøy» heiser over mjølketanken. Kvar tredje dag sender Magne mjølka med båten til meieriet i Vik, der ho vert til gamalost. No er tanken tilbake og skal fyllast på ny, men fyrst skal han fraktast dei 90 høgdemeterane opp til gardstunet. Eg får sitja på i førarhuset på den nye Caron Transporter-en, ein to år gamal italiensk traktor bygd for gardsdrift i Alpane og perfekt for dei bratte bøane på Sylvarnes.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement