Sjakk

Leik og perfeksjon

Magnus Carlsen heldt seg lenge unna sentrum av brettet, men dansa seg leikande lett til turneringssiger på den britiske øya Isle of Man.

I det siste svartpartiet i runde 8, mot verdstrearen Fabiano Caruana, var leiken borte, berre perfeksjonen var att.
I det siste svartpartiet i runde 8, mot verdstrearen Fabiano Caruana, var leiken borte, berre perfeksjonen var att.
Publisert

Eg skriv byrjinga på desse linene i pausen på Bolsjoj-balletten i Moskva. Eg skjønar ikkje så mykje av ballett, men eg skjønar at det gjeld å få det vanskelege til å sjå lett ut. Det kompetente russiske publikummet jublar over ein elegant liten piruett slik eg jubla over dei små opningstrekka til Carlsen tidlegare i veka.

Så godt som Carlsen spela på Isle of Man har han ikkje spela sidan … byrjinga av september, då han vann 2–0 mot russaren Drejev i 32-delsfinalen av World Cup. Men då han gjekk på ei kinesisk mine i 16-delsfinalen og vart slegen ut, melde han seg med det same til teneste i den opne turneringa på Isle of Man. Carlsen visste at han var i form, og måtte visa seg fram med ei turneringssiger i klassisk sjakk før året er omme.

Fyrste posisjon

I ei turnering med over 60 stormeistrar til start må ein vinna mange parti med svart om ein skal gå heilt til topps. Mot ein ukrainsk-amerikansk stormeister i runde 2 valde verdsmeisteren ei djerv flankeutvikling av lauparen – det sjakkspelarar kallar fianchetto – på kongefløya:

Perelshteyn – Carlsen. Kvit dominerer sentrum etter tre trekk, men tapte etter 49 trekk.

Andre posisjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement