Kunst
Når slekta kallar
KØBENHAVN: I går opna Louisiana kunstmuseum hovudutstillinga si for vinteren. Pressevisinga slutta med at ein dansk kunstkritikar spurde kuratoren: «Må ikke denne udstilling gå videre til Norge?»
Introduksjonshallen i Louisiana.
Foto: Håvard Rem
Den uvanleg store Louisiana-utstillinga omfattar så å seia alle bevarte verk av den danske biletkunstnaren og tidlegmodernistiske tradisjonalisten Jens Adolf Jerichau (1890–1916), som har vore så gløymd i heimlandet at mønstringa er den fyrste større separatutstillinga av kunstnaren, meir enn hundre år etter at han døydde, berre 25 år gamal.
Av stor verdi er det at ein del sentrale Jerichau-arbeid som ein ikkje kjende til, eller berre kjende frå gamle fotografi og meinte var forsvunne, er oppspora, fleire av dei i Noreg.
Dansk og norsk
Ein dryg halvtime tek toget frå Hovedbanegården i København til Louisiana Museum of Modern Art, som det no heiter. Då eg såg den store Picasso-utstillinga her for førti år sidan, utlånt frå Musée Picasso i Paris, på ei tid då Noreg ikkje hadde ressursar til å henta verdskunst i eit slikt omfang, heitte det Museum for moderne kunst.
No snakkar eg med danske kunsthistorikarar som planlegg noregsferder, for å sjå Munchmuseet, Canica-samlinga, Nasjonalmuseet for kunst, Kistefos og så vidare. Det er godt å vera norsk i Danmark no, uavhengig av kunsten, fyrst og fremst av di danskane er takksame for at me kjem. Det er mi fyrste utanlandsferd på nær to år.
Men før eg tek Helsingør-toget dei fire mila til Louisiana, vitjar eg Statens museum for kunst, ein halvtime å gå frå Hovedbanegården i haustljoset, for å sjå verk av besteforeldra til Jens Adolf Jerichau, ja, kan henda av far hans òg, og eit par onklar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.