JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

Ikoniske bilete

Ingen sypressar her, knapt ei fjellbjørk: nakne fjell, sletter, vidder og hav og atter hav. Einsame, fattige, men sterkt herda menneske og hus vert tydelege i dette landskapet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Hav» (1962), 1985

«Hav» (1962), 1985

Foto: Kåre Kivijärvi

«Hav» (1962), 1985

«Hav» (1962), 1985

Foto: Kåre Kivijärvi

6197
20170407
6197
20170407

FOTOGRAFI

Henie Onstad Kunstsenter

Kåre Kivijärvi –
kamerakunstneren

31. mars 2017–4. februar 2018

Kåre Kivijärvi, ein kven (som stammar frå finske immigrantar i Finnmark) frå Hammerfest, var ein fotokunstnar som levde ut mange mytar om både kunstnarar og finnmarkingar. Han vart fødd i 1938, og alt i 1970, berre 32 år gamal, var han utbrend som kunstnar. Han slutta å ta bilete, sjølv om han heldt fram med å vidareutvikla tidlegare bilete i mørkerommet. Han hevda at han hadde mist den guddommelege gneisten, og hadde vorte menneskeleg. (Kan hende hadde det gått troll i ord: Han sa òg at kameraet er det beste instrumentet om ein vil avsløra den som brukar det.) Kivijärvi døydde i 1991, 53 år gamal, av strupekreft, etter eit fritt, men hardt bohemliv, med ein god del alkohol og mykje røyking, det siste i samsvar med gjeldande mytar for finnmarkingar generelt.

Det Kivijärvi har etterlate seg, skal ifølgje han sjølv kunne få plass i ei skoeske. Men då må han meine negativa. Omsett til positive kopiar, mange av dei i store format, vert det imponerande mykje, samanhalde med den korte tida han var aktiv. Bileta er dessutan av høg kvalitet.

Profesjonelt fekk han utdanning ved ein kunst- og handverksskule i Tyskland på slutten av 1950-talet, før han kom attende i 1960 for å livnæra seg som fotograf i norske og finske aviser og biletblad, for så, etter fleire utstillingar, endeleg å verta anerkjend som kunstnar ved å få stilla ut, som første fotograf, på Statens haustutstilling i 1971. Seinare vart han teken hand om av Per Hovdenakk ved Henie Onstad Kunstsenter. Hovdenakk inspirerte Kivijärvi til å arbeida vidare med biletmaterialet, og laga utstillingar av det. I 1988 fekk han statleg kunstnarløn, og vart i det heile hylla av alle, men altså i siste liten og altfor seint før han døydde.

Det er særleg to utforskande perspektiv ein kan bruka på Kivijärvi: For det første kan ein spørje seg om fotografia hans er kunst. I Noreg vart fotografi sett på som eit dokumentasjons- og informasjonsmedium, med liten verdi ut over augeblikket. Men lenge før Kivijärvi var det anerkjent i andre land at foto også kunne ha såkalla ikoniske kvalitetar, som kom av estetisk komposisjon og bruk av lys og skugge. Tenk på biletet av soldatar som reiser opp det amerikanske flagget over Iwo Jima: I eit ikonisk stillbilete vert mange rørsler og mykje meining konsentrert og halde fast. Dette er den eine måten å definera kunst på.

For det andre er spørsmålet når eit bilete vert akseptert av ein kunstinstitusjon. Slik sett var det først etter 1971 at Kivijärvi laga kunst. Før det laga han biletreportasjar for aviser og biletblad, men altså ikkje kunst? Men seinare kunne han plukka ut bilete frå reportasjane og stilla dei ut i kunstgalleri, og då vart dei likevel kunst.

I dag ser vi at reportasjebileta Kivijärvi laga på oppdrag frå Findus på slutten av 50-talet, om trålfisket på dei store bankane, oppfyller alle krav til kunst i den første tydinga, og difor har dei no vorte kunst i den andre tydinga. Ja, eigentleg meir enn videokunstinstallasjonane som i dag går på tomgang i kunstmusea.

Sjå spesielt på krafta i komposisjon og kontrasten i eit av dei mest ikoniske bileta hans, «Hav» (1962): Her er det flytande havet ikkje lenger vatn, men eit tungt, stripete stoff som ber båten med dei to fiskarane, og alt dette er sett av fiskaren i forgrunnen, som representerer kameraet og fotografen. Og oss.

Det andre perspektivet gjev Kivijärvi sjølv: Han seier at han ikkje har henta estetikken frå sørlege kunstsenter som Paris og Italia. Han har i staden reist mellom vest og aust på nordkalotten: mellom Grønland og Finnmark og Finland og Russland, og heilt til Tibet. Dette er ei verd som er ukjend i Frankrike og Firenze. Ingen sypressar her, knapt ei fjellbjørk: nakne fjell, sletter, vidder og hav og atter hav. Einsame, fattige, men sterkt herda menneske og hus vert tydelege i dette landskapet. Og svart og kvitt er passande fargeval for bileta, sjølv om fargefotoet er funne opp: mørke vintrar med kvit snø, og evig lyse netter om sumaren. I mørkerommet søkjer Kivijärvi å få tak på dette gjennom å la bileta nærma seg grafikk.

Det er slektskap mellom estetikken til Kivjärvi og dei russiske filmskaparane Sergej Eisenstein og Andrej Tarkovskij, som ofte lar kameraet stansa for å lage samlande ikoniske bilete. I Nord-Noreg er det særleg dei svartkvite bileta til Espolin Johnson som direkte utfordrar Kivijärvi. Sjå på biletet av Gjesværtappane, som ligg litt nord for Magerøya; biletet er medvite laga som tilsvar til Espolin Johnsons Trenyken-bilete frå Røst. Hos Kivijärvi er magi og eventyr fjerna. Dette er ikkje romantikk. Det er «den harde sida», som Sibelius sa. Notida. Ikkje Karl Erik Harr.

Dessutan må filmskaparen Knut Erik Jensen nemnast som ein som truleg er påverka av Kivijärvi-estetikken, i tillegg til at han avbildar den same verda. Jensen har då også laga ein eigen film om Kivijärvi, Jeg er uten forbilder, vist eit år før Kivijärvi døydde.

Som nemnt har det etter det offisielle kunstnarlege gjennombrotet i 1971 vore laga fleire utstillingar med bileta hans – på Henie Onstad Kunstsenter (1985 og 1989), og sist i Nasjonalmuseet (2011) i samband med lanseringa av Kristin Aasbøs bok om han. No har Henie Onstad Kunstsenter laga ei ny utstilling som gjev eit meir omfattande innsyn i Kivijärvis verk. I fleire montrar får vi sjå aviser og biletblad med reportasjebilete han tok. Trålfiskeserien er henta frå Hammerfest og vert for første gong vist ein annan stad enn der. Dessutan kan vi lytta til eit radiointervju og sjå filmar. Eit 20 minutt langt bestilt musikkstykke av Geir Bøhren kan ein òg få med seg. Men først og fremst kan ein sjå bileta i seg sjølve, mange i stort format. Det er hovudgrunnen til at ein bør ta turen ut til Høvikodden.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjå spesielt på krafta i komposisjon og kontrasten i eit av dei mest ikoniske bileta hans: «Hav».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis