JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

Ein annan venleik

Den svenske kunstnaren Lars Lerin målar trøystesløysa med akvarellar i storformat.
Det er ei togreise verdt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stjärngosse, 2011, 100 x 150 cm.

Stjärngosse, 2011, 100 x 150 cm.

Stjärngosse, 2011, 100 x 150 cm.

Stjärngosse, 2011, 100 x 150 cm.

5484
20170526
5484
20170526

Kunst

Haugar: Vestfold
kunstmuseum

LARS LERIN

6. mai–17. september 2017

«Vår ære og vår makt har hvite seil oss brakt», song Bjørnson stolt, men i oljealderen er dette noko utdatert. Men den etter kvart utflagga næringa har i det minste etterlate seg mange flotte bygningar, bygde og brukte som sjømannsskular. Den flottaste tronar i Ekebergåsen i Oslo. Ein god nummer to finn vi midt i Tønsberg: ein borgliknande teglsteinsbygning frå 1920, pynta med veggfaste skulpturar, som ligg på ei høgd brukt som tingstad i vikingtida. I 1995 vart bygningen bygd om til kunstmuseum, og i 2009 vart det innordna som del av Vestfoldmusea. 20 år er kort tid for eit museum, men Haugar har alt fått ein tydeleg posisjon i den norske kunstverda.

For kunstinteresserte elles i landet er Tønsberg rett nok eit fjernt distrikt. Men museet ligg like ved jarnbanestasjonen. No er heile andre etasje sett av til ei stor utstillinga av akvarellane til den svenske kunstnaren Lars Lerin. Dei er sanneleg ei togreise verdt.

Lerin, som er fødd i 1954, voks opp i ei «folkehemsblokk» i ein liten sosialdemokratisk jarnverksstad, Munkfors i Värmland. Faren var landslagsspelar i bandy, men familien og staden gav òg tilgang på kulturelle impulsar, særleg biletkunst. I 70-åra studerte Lerin i Göteborg, og i 80-åra var han i Stockholm. Innebygd i dette er ei typisk kunstnarforteljing som vart prega av Lerins homofile legning. Frå 1988 til 2000 budde han saman med ein yngre norsk kunstnar i Svolvær, noko som vart avbrote av ukontrollert alkohol- og pillemisbruk, som sende han attende til Värmland og ei vellukka avrusing.

Etter det har karrieren berre gått oppover: Til ei utstilling i Stockholm kom 100.000 personar. Produktiviteten er stor, det same med dugleiken, og prisane. Skal du ha ein akvarell av Lerin, må du ut med minst 150.000 kroner. No har han fått eige museum i Karlstad, i ein gamal dansebandrestaurant, opna av Christer Sjögren, Vikingarna himself. Dessutan har Lerin vorte radio- og TV-kjendis. Mellom alt dette har han gjeve ut 50 eigenillustrerte bøker. No er han gift med ein brasiliansk dansar. Ein film om alt dette vert vist på utstillinga.

Storformat

Men sjølv utan kjennskap til biografien er det mogeleg å gleda seg over utstillinga. Kjem ein inn utan fordomar, er det akvarellane sjølve som tek all merksemda. Veggane i utstillingslokala er mørkeblågrå, og på dei er det stifta opp akvarellpapir utan rammer, med godt med rom kring kvart av dei. Men mest slåande er storleiken. Vi er vane med at akvarellar vert laga på papir med A5-storleik: ei form for intimkunst, ofte brukt når kunstnarar vil dokumentera reiseinntrykk, slik Turner gjorde det på ei reise i Italia. Dessutan ventar vi at akvarellar er utflytande og impresjonistiske, med uklåre konturar og overlappande farger. Men Lerin øydelegg alle desse fordomane. Nesten alle dei 62 katalognumra er 1x1,5 m. Dei konkurrerer i monumentalitet med store målarstykke. Og ikkje minst har dei ofte, midt inne i den vanlege akvarellutflytinga, skarpe og til og med heilt rette konturar, til dømes når bustadblokker vert avbilda. Dette får han til ved å bruka maskeringstape.

Det er heller ikkje mykje av ljose primærfargar: Dei fleste akvarellane viser vinter og snø og svarte skyer. Berre sjeldan slepp ein raudfarge igjennom, frå eit skilt på ein bensinstasjon.

Samstundes er den tradisjonelle akvarellens funksjon av å vera reisskildrande dokumentasjon ofte teken vare på. I mange av bileta er flata delt opp i ulike perspektiv, og uleselege tekstar gjev inntrykk av kommentarar eller dagboksnotat.

Trøystesløyse

Kva er det så Lerin målar? Fleire av bileta viser typiske svenske stader med bustadblokker – trøysteslause og for arbeidslaus ungdom utklekkingsstader for vald. Men hos Lerin vert trøstesløysa vist i dei svarte og grå fargane og den kjedelege arkitekturen, samstundes med at den stramme biletkomposisjonen fortel om ei anna verd av venleik.

For meg som voks opp i nærleiken av Lofoten, er det bileta derifrå som gjer sterkast inntrykk. Ingen andre har vel klart å visa den deprimerande tyngda i mørketida slik Lerin gjer det her. Dette er ikkje den Lofoten Karl Eirik Harr ser. Eg trudde eg hadde klart å fortrengja det, men sanneleg riv ikkje Lerin opp gamle sår, men kan hende for å lækja dei: ei verd av snøflekker, for normalt regna og snødde det annankvar dag; dårleg stelte hus ligg strødde utover landskapet utan kontroll av byplanleggjarar, og over det heile heng blytunge, svarte skyer.

Men Lerin har reist mykje, og finn motiv overalt, til dømes i den såkalla orienten, der han klarer å avbilda både dei vakre mosaikkane på moskékuplar, til og med med lysare farger, og dei fargelause ruinane i Syria, kan hende eit motstykke til dei perfekte bustadblokkene i Munkfors.

Til utstillinga har Jan Åke Petterson, direktør ved museet, og professor Øivind Storm Bjerke laga ein flott katalog, heldigvis med lite snakk og mest bilete som illustrerer poenget mitt: Storleik er viktig! Bileta i katalogen, som er skalerte ned til A4, gjev eit anna inntrykk enn originalane. Det same gjeld bileta brukte til illustrasjon her i avisa. Reis heller til Tønsberg og sjå sjølv!

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi
ved Universitetet i Oslo
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen andre har vel klart å visa den deprimerande tyngda i mørketida slik Lerin gjer det her.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis