JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstFeature

Ei ordna verd
som kan oppløysast

Monumentale verk som krinsar rundt generalprøva
på den andre verdskrigen: bombinga av Guernica.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Overrekkelsen»

«Overrekkelsen»

«Overrekkelsen»

«Overrekkelsen»

5547
20170428
5547
20170428

Maleri/grafikk

Vebjørn Sand

Guernica –
et vendepunkt

Galleri Fineart, Filipstad Brygge i Oslo, 26. april – 21. mai

Den no 51 år gamle Vebjørn Sand er ein figurativ målar som har ei ikkje akkurat smålåten karriere bak seg – og ei endå større framføre seg? Då han var 40 år, annonserte han at han kunstnarleg ville vera på topp når han var 50. Kunststilen hans er i det minste no på topp.

Frå 60-talet av, og før Sand kom i gang, var det å vera figurativ i seg sjølv kritikkverdig. Men den abstrakte og nonfigurative modernismen bar i seg sin eigen motsetnad. Han kravde at kunst alltid skulle vera ny og provoserande, og til slutt, då modernismen sjølv ikkje lenger var ny og provoserande, var det att berre éin måte å oppfylla dette kravet, og det var ved at modernismen vart det motsette av seg sjølv.

Ramaskrik frå Janteland

Nerdrum vart invitert inn i Museet for samtidskunst. At han påsto at han ikkje laga kunst, men kitsch, vart tolka som uttrykk for ein heilt ny og provoserande form for kunst. Etter det har postmodernismen gjort at alt er mogeleg. Installasjonar er rett nok populære i rike og offentlege musé, men berre som eitt av fleire uttrykk.

Då Sand byrja karrieren sin på slutten av 80-talet var det difor rimeleg greitt å vera figurativ målar. Det spesielle med Sand, og som gjorde at han straks stakk seg ut, var at han i tillegg var ein performancekunstnar like mykje som – og betre enn – modernistane. Han vart tidleg kjent for prosjekta sine. I 1998 kunne vi, nede frå byen, sjå tre grøne, lysande telt i Holmenkollen, seinare erstatta av ei like lysande Keplerstjerner. Etter det har han lage fleire utplasserte versjonar av ei Leonardobru. Han har òg stukke seg, for nokon, tvilsamt fram med å måla portrett av slike lite politisk korrekte folk som Rimi-Hagen og Fredriksen-døtrene.

Det har difor kome nokre ramaskrik frå Janteland. Men kunstnarar er sjølvstendig næringsdrivande, og må driva med marknadsføring. Her har Sand lukkast. Bileta hans ligg no i høgaste prisklasse for norske kunstnarar. Eit av dei vart nylig selt for 150.000 dollar i New York. Biletet høyrde til i eit prosjekt der Sand laga ein serie – eller frise, slik Munch laga ein livsfrise – som tok sikte på å tydeleggjera det Hannah Arendt kalla «vondskapens banalitet»: bilete frå andre verdskrig der kontrasten mellom ei overflate av borgarleg idyll og rutinar på eine sida, og djup vondskap på andre sida, vert synleg, til dømes i ein pastisj på Krøyers Hip-Hip- Hurrah!-bilete, der nazioffiserar skålar etter den vellukka Wansee-konferansen. Denne frisa har sidan vore ute på ein lengre utstillingstillingsturné kring i Noreg.

Dødsfriseprosjekt

No har Sand fullført eit nytt slikt prosjekt – eit dødsfriseprosjekt, kunne vi kalla det. Denne gong har han teke eit steg attende til det han ser på som generalprøva på den andre verdskrigen, nemleg bombinga av den baskiske byen Guernica. «Men har ikkje Picasso alt gjort dette?» kunne vi spørja.

Likevel: Picassos Guernica-bilete, som er eit av verdas mest kjende bilete, har i dag nettopp difor vorte meir kunst og kunsthistorie enn tidsbilete, ja, i så stor grad at det skuggar for sjølve hendinga. Kven kan ærleg seia at dei har kjennskap til kva som verkeleg og detaljert hende i denne baskiske byen, utover at han vart bomba? Kor mange var det eigentleg som døydde? Og kva rolle spela dette i førebuingane til angrepet på Polen i 1939?

Det er dette Sand vil gjera noko med, med sitt (også pedagogiske) Guernica-prosjekt. Sands bilete er ikkje berre allmenne bilete av kjærleik og sjalusi (Munch) eller liding (Picasso); dei er spesifikke historiemålarstykke av ei konkret hending.

I tre år har han soleis drive research, både i litteratur og gjennom vitjingar på sjølve staden i Baskerland, og hatt møte med overlevande tidsvitne. Utan at dette har kome i motsetnad til å få fram dei allmenne sidene ved hendinga – den første fullstendige raseringa av ein by ved hjelp av berre fly. Seinare har det gjenteke seg så altfor mange gonger, ja heilt fram til i dag i Aleppo. To år etter Guernica vart byar utsletta på same vis i Polen. Og tre år seinare i Noreg, til dømes heimbyen min, Bodø.

Monumental utstilling

Resultatet av dette prosjektet er ei monumental utstilling med omlag 20 store målarstykke, alle saman omkring 2 x 2 meter store, som fyller underetasjen i Noregs største galleri. Forarbeida er utstilt i etasjen over. Her skal dei vera ut mai, då dei skal sendast ut på utstillingsturné på same vis som den førre frisa.

Til dømes finn vi eit bilete som historisk korrekt viser korleis sjølve øydelegginga av Guernica vert gjeven av Göring til Hitler i bursdaggåve: eit bilete som viser glede og venskap, men kontrastfylt basert på vondskap. Kan hende det mest slåande og mest universelle biletet er det som heiter «Askesøvn», av tre kvinner som er delvis brende opp.

Reint målarteknisk kan Sand ha rett i føreseiinga om å ha kome på topp no, som 50-åring. Ser ein bileta på lang avstand, har dei ei tydeleg form, medan på nært hald ser ein at dei er måla på ironisk «entartete» vis, med impresjonistisk og ofte fri penselføring: ei ordna verd som kan oppløysast.

Eg rår absolutt folk til å sjå denne utstillinga.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan hende det mest slåande og mest universelle biletet er det som heiter «Askesøvn», av tre kvinner som er delvis brende opp.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis