Kunnskap
Snill og god
Magnus Carlsen er regjerande verdsmeister i tre disiplinar etter dobbeltsigeren i romjula.
Ein forfjamsa, men nøgd Carlsen etter lynsjakkdramaet mot Rapport.
Foto: Fide.com
Eg skjøna at Carlsen kunne vinna i stor stil, då han for ein månad sidan slo Fabiano Caruana 22–4 i ei lynsjakkturnering på nettet. På dette nivået er desse siffera det mest ekstreme eg har sett, og seier alt om kor god Carlsen er på sitt beste. Men å vera på sitt beste fem dagar på rad i meisterskapane i romjula, krev konsentrasjon og motivasjon. Kvar skulle mannen med 13 VM-titlar finna motivasjonen?
Ofte har Carlsen henta motivasjon frå konfliktar eller dumme journalistar, men i Almaty var han snill som eit lam. Vi såg ein moden og sympatisk verdsmeister som tok seg tid til presse og fans og alltid hadde eit venleg ord til konkurrentane. Det lyder som ei oppskrift på sportsleg fiasko, men den norske veteranen – 32 år gamal! – var i røynda meir motivert enn på lenge: Han vil ikkje lenger forsvara den klassiske langsjakktittelen og risikerte om eit halvt år å stå heilt utan titlar.
Sjakkverda kan takka Carlsen for å ha skipa merkevara vår i romjula, dei to meisterskapane i snøggsjakk og lynsjakk, som han sidan 2014 har peika ut som høgdepunktet i sjakk-kalenderen. Han meiner med rette at fartsdisiplinane er framtida for toppsjakken, medan den langsame klassiske sjakken er ein anakronisme på høgste nivå.
Arven frå Fischer
Snøggsjakken nådde klimaks alt i 4. runde, den fyrste speledagen, då Carlsen med fullt hus (3/3) hadde kvit mot den regjerande meisteren frå 2021, 18 år gamle Nodirbek Abdusattorov frå Usbekistan. Carlsen byrja roleg med Larsens opning (flanketrekket 1.b3), men så gjekk han til åtak med g-bonden på motsett side i trekk 14:
Eit liknande aggressivt bondetrekk vart spela av Bobby Fischer i 1970, men har sidan vore urørt av menneskehender. Carlsen fylgde opp åtaket med eit nydeleg lauparoffer og tårnoffer. Usbekaren gjekk seg vill i komplikasjonane og tapte snøgt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.