Kunnskap

Mutant

Røntgen av katt med FIP: 1) diffuse skuggar på grunn av væske i lægre del av brystkassa, 2) hjarte utan synlege grenser på grunn av væskesamling, 3) luftrøyret, 4) lunge (der berre ein liten del framleis er ventilert), 5) lever, 6) magesekk, 7) tarmar.
Røntgen av katt med FIP: 1) diffuse skuggar på grunn av væske i lægre del av brystkassa, 2) hjarte utan synlege grenser på grunn av væskesamling, 3) luftrøyret, 4) lunge (der berre ein liten del framleis er ventilert), 5) lever, 6) magesekk, 7) tarmar.
Publisert Sist oppdatert

Ein mutant var for ikkje lenge sidan eit oppdikta vesen i ein Marvel-film. No bankar koronamutantane på døra, og vi må gøyme oss på heimekontoret. Men at katten som sit i tunet òg må vere var og vakta seg for muterte koronavirus, er kan hende overraskande for mange.

Felin infeksiøs peritonitt (FIP) kjem av eit smittsamt, men tilsynelatande uskuldig tarmvirus som av og til muterer og fører til ein dødeleg sjukdom det ikkje finst nokon kur imot.

Eit svakt punkt

Kattar flest lever eit ganske fritt liv der dei haustar det beste frå to verder. Dei har ofte full fridom til å smyge seg rundt på jakt etter fugl og smågnagarar og til å henge ute om kveldane med kameratar, slåst og ha uforpliktande sex. Samstundes kan ein katt òg nyte goda med eit beskytta liv innomhus, liggjande i glaskarmen eller i ei mjuk lita seng attmed omnen og få servert næringsrik og ferdiglaga mat.

Desse små, lett schizofrene rovdyra har det med andre ord stort sett greitt, men nokre trugsmål finst det. Kastreringskåte veterinærar er eitt døme. Men meir alvorleg er risikoen for å få felin infeksiøs peritonitt, ein dødeleg sjukdom som attpåtil kjem frå eit mutert koronavirus. Felint koronavirus (FCoV) er til vanleg eit harmlaust, men svært smittsamt tarmvirus. Smittetalet er høgt, men det er sjeldan nokon symptom på sjukdom.

Kattar i kennel eller andre store kohortar blir lettast smitta, det er mindre smittepress for kattar som lever fritt utandørs. Men frittlevande kattar har òg eit svakt punkt i det sosiale nettverket: fri tilgang til sandkasser og blomsterbed. Her grev dei vørdslaust ned avføringa si, og her kan dei bli smitta av syndene til førre katt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement