«Enkel trening er minst like effektivt mot depresjon som psykoterapi og antidepressiv»
Girl in Red tok feil i verdshiten «Seratonin»: Depresjon er ikkje eit resultat av låg serotonin og kjemisk ubalanse i hjernen.
Foto: Jack Plunkett / AP / NTB
Medisinsk
Haldor Slettebø er spesialist i nevrokirurgi og skriv om medisin ein gong i månaden.
Dersom du kjenner deg så sturen, uglad, svartsynt, melankolsk, mismodig, mørk i hugen eller trist at du søv dårleg, og dersom det påverkar dagleglivet ditt over tid, ja, då er du rett og slett deprimert og treng hjelp.
Gå til fastlækjaren av deg sjølv eller etter oppmoding frå gode vener. Lækjaren må nemleg finna ut om det kan vera fysisk sjukdom som ligg under. Det kan mellom anna vera tale om anemi, hjartesjukdom, demens, smerteplager, hormonforstyrringar, medikamentmisbruk, kreftsjukdom eller kroniske infeksjonar.
Dersom undersøkinga ikkje viser teikn til kroppsleg sjukdom, har du «berre» ei vanleg psykisk liding, ja, faktisk den vanlegaste av dei alle: depresjon. Då kan ein roleg samtale med ein vitug fastlækjar vera med på å bryta vonde tankesirklar og avdekkja underliggjande problem. Det kan dreia seg om psykiske traume, sjølvmordstankar, livskriser, vanskelege relasjonar, dårleg økonomi eller overveldande meiningsløyse. Konsultasjonen kan vera det fyrste steget på vegen ut or elendet og over i ein meir oppbyggjeleg fase.
«I dag er det over 300.000 som tek antidepressiv fast, 10.000 av dei er born.»
Folkehelseproblem
Depresjon utgjer eit stort folkehelseproblem med sjukefråvær, mange uføre og auka risiko for sjølvmord. I Noreg og andre vestlege land ser me i dag at fleire unge, særleg kvinner, får depresjon, medan dei over 70 år faktisk er mindre deprimerte enn nokon gong.
Depresjon kan vera utløyst av livskriser, rusmiddelbruk eller akutt eller kronisk sjukdom. Arveleg disposisjon eller sårbar personlegdom kan òg spela ei rolle.
Mayoklinikken i USA er best i verda på det meste innan medisin, kanskje også innan psykiatri. På nettsidene deira finn me ei lang liste med gode råd for behandling av depresjon. Aller først nemner dei antidepressiv, deretter samtaleterapi og på tredjeplass spesielle tiltak som utvendig magnetstimulering av hjernen, ketamin, elektrosjokk og jamvel elektrodar i hjernen. Til sist kjem det ein ymsepost med levereglar, mellom anna om svevn, kosthald og alkohol, og aller sist skriv dei litt om fysisk aktivitet.
Men fysisk aktivitet bør stå øvst på denne lista. Kjedeleg, kanskje, men sant. I ein stor oversiktsartikkel frå 2023 blir det godt dokumentert at enkel trening er minst like effektivt mot depresjon som psykoterapi og antidepressiv. Dessutan har fysisk fostring klåre fordelar: Effekten på depresjon kjem med det same, og det er ingen biverknader. Helsa generelt blir betre på mange vis. Trening som medisin er likevel mindre eigna for dei aller sjukaste, sidan dei er blitt både medtekne og handlingslamma av depresjonen.
Antidepressiv
Heilt sidan 1970-talet har fagfolk oppfatta depresjon som uttrykk for ein kjemisk ubalanse i hjernen: mangel på signalstoffet serotonin. Difor vart det utvikla medikament som kunne auka serotoninkonsentrasjonen. Vedundermiddelet fluoksetin (Prozac) kom på marknaden i 1987. Medikamentet hadde antidepressiv effekt og vart straks populært i USA som «lukkepilla». Men sjølv om medikamentet har effekt, meiner forskarane i dag at serotoninteorien må forkastast. Depresjon er meir innfløkt enn som så.
I dag er det over 300.000 som tek antidepressiv fast, 10.000 av dei er born. Norske menn og kvinner over 70 år er lukkelegare enn før og tek mindre medisin, medan det i fleire år er registrert aukande bruk av antidepressiv hjå unge kvinner.
Dei vanlegaste medikamenta er escitalopram og sertralin. Biverknader førekjem ofte. Dei viktigaste er nok at også dei gode kjenslene, som glede og libido, vert dempa. Mange har teke medikamenta i meir enn ti år, mest av redsle for å få tilbakefall. Det er nemleg ikkje uvanleg at depresjon blussar opp att, same kva behandling som er blitt nytta. Difor treng dei fleste pasientane langvarig oppfylging.
ECT
Den mest omdiskuterte behandlinga av alvorleg depresjon er samstundes den best dokumenterte: elektrokonvulsiv behandling, ECT, tidlegare kalla elektrosjokk. Pasienten ligg i narkose og får utløyst eit epileptisk anfall ved at ein liten dose straum vert send gjennom hjernen.
Korleis behandlinga har effekt, er dårleg forstått, men ein tenkjer seg at anfallet «restartar» hjernen og bryt vonde sirklar. Etter seks til tolv seansar gjennom ein månad opplever pasienten som regel frapperande betring. Metoden gjev raskare effekt og klårt betre resultat enn samtaleterapi og antidepressiv.
Ein viss risiko for kognitive biverknader gjer at ECT blir reservert for dei mest alvorlege tilfella. Før behandling må pasienten gjeva skriftleg samtykkje for kvar einskild behandlingsseanse.
Det er nyleg blitt oppretta eit nasjonalt kvalitetsregister som skal gjeva oss betre oversikt over resultat, pasientopplevingar og bruken av ECT-behandling i Noreg. Me veit at det kvart år er kring 1500 pasientar som får slik behandling, og at metoden er mindre nytta hjå oss enn i dei andre nordiske landa. Kan det tenkjast at det norske regelverket er for strengt, slik at nokre av dei sjukaste går glipp av effektiv behandling?
Haldor Slettebø
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.